fredag 30. desember 2016

Nye dilemma

Det blir likt kvar gang. Når me skal anskaffe et nytt møbel, når eg ska ha ein nye kjole eller bare om eg ska laga mat som er ny for meg. Alle kvalene!!!!

Nå er det sofa det går i. Eg har i grunnen alltid likt vår raude sofa. Men den har slete med oss i mange år nå og tidå er kommen for forandring. Eg tenkte egentlig at det har ingen hast. Men så var det sånn at eg tok med meg Ernst på ein møbelbutikk her ein dag.

Det var sånn ein koselig selger der. Av den typen som er godt midt i livet. Litt grå... med snille auer og stor forståelse for min situasjon. Den typen som konsentrerer seg om kåna, men som passer på å henvende seg til mannen og innimellom.

Til slutt kom me fram til kos denna sofaen skulle sjå ut. Ernst ville egentlig ta med målå heim for å kontrollert at den ville få plass der den var tenkt å stå, men selvfølgelig var det plass. Eg syns han hadde brukt så masse tid på oss at det ikkje var bare bare å gå...

Selgeren hadde vore på kurs og foreslo at det var bare å handla. Me kunne jo ringa viss det ikkje passe. Ein fortreffelig ide.

Eg var heilt sikker på at eg hadde bestemt meg for fargen.

Det var bare å betala 20% og reisa heim med smil om munnen. Direkte billig var det heller ikkje. Men eg er oppdradd til å halda meg litt i bakgrunnen, og penger bare kviskra me om. (Sikkert derfor eg aldri var i nærheten av lønnstopp i mitt arbeidsliv)

Den natta sov eg dårlig. Fargen på sofaen dreiv rundt i knotten. Eg hadde valgt lik farge som den me har i dag. Festligt eller???? Ingen kom til å sjå at me har fått ny sofa!!!! Og vil eg ikkje trega meg syge når me får dette møbelet i hus? Eg har grene litervis i forbindelse med andre møbelkjøp før. Eg ringte butikken for å stoppa starten av produksjonen. Må ha meir tid!!!!

Eg blei så desperat at eg sendte ein mail til folk som driv med innredning og slikt. Der var juleferie, så eg får senda nye mail for å beklaga meg..... Eg e goe på beklagelser.

Eg var til og med innom fargehandleren i dag for å sjå om eg kunne får ein åpenbaring av fargar. Ingen ting åpenbarte seg....

Så reiste eg tilbake til butikken i dag. Med nedslått blikk og subbende gange beklaga eg at eg må ha meir tid.

Den elskverdige ekspeditøren var der og hadde stor medfølelse med meg. Og han er faktisk veldig hyggelig. Eg er ikkje i tvil om at han vil at eg ska finna fred med dette møbelkjøpet,

Så dermed reiste eg ut igjen frå butikken. Eg hadde med to hefter med stoffprøver, og ei pute. Må returnerast innen klokka 1300 i mårå. Men det er umulig! Eg finne ikkje fargen. Her er rotete, dårlig lys, dårlig TV program. Ingen ting er klart for meg.

La det skje et mirakel når eg vakna i mårå!!!

torsdag 22. desember 2016

Snart jul

Julapynten er på plass. Treet er og pynta. To kjøleskap er smekkfulle av alt me ska eta på et par dagar. Juledag ska me på besøk så då ete me andre sin mat. Den siste shiningen mangla. Det blir lett runde hjørner hos meg. Det er dermed planlagt at morgendagen ska brukast til å skrape fram hjørnene, og legga på nytt sengetøy og gjera oss klar for TV-kos om kvelden. Litla-afta er kjempekoselige. Lys og pledd og litt rødt i glaset i et julapynta hus.

Eg trur me trenge å ha jul midt på vinteren. Eg e sikker på at det har tatt knekken på mange begynnende vinterdepresjoner. Sånt har me ikkje tid til. Ikkje når det er jul som gjeld. Sjøl om me har alt, og litt til, så e det jysla kjekt å få pakker. Ernst skulle få koffert av meg, men siden me reiste på førjulstur måtte han få den på forskudd. Trur ikkje det var drømmegaven....

Nå vett jo og eg at det er mange som gruer seg til jul. Skulle ønskt det ikkje var sånn. Jula er ei tid for glede, men og ei tid som gjer oss oppmerksom på at det er mange som ikkje har det like godt som oss.

Det sista nye av innkjøp i heimen er forresten ein sykkellås av de sjeldne. Den blei bestilt frå USA når eg fekk meg el-sykkel. For 2 1/2 år siden. Då var produksjonen av denne låsen på tegnebrettet. Men det er sånt Ernst lika. Skylda på min sykkel når han vil ha denne låsen. Prisen var omtrent det du betale for ein sykkel på auksjonen hos lensmannen. Men nå har han tidsfordriv mange kvelder med å studera bruksanvisning/passord/app og sånt. Trur ikkje eg trenge låsen. Har brukt sykkelen frå Sport1 og heim. Var tenkt å ha med i bobilen. Men der må me tenka vekt, og han vege ein halve julegris.

Så nå håpa eg at julehosten og julesnuen forsvinne og gir meg den beste juleopplevelsen!!

Har goe tru
God jul

fredag 25. november 2016

Black Friday

Nå har eg og vore der. På den svarte fredagen. I dag ringte vekkerklokke litt før 0600. Tidlig for ein pensjonist som pleie å dra seg til sånn 0830. Men alt for den gode handel.

Me stod å spann med foten før de hadde åpne på M44. Så seig me inn. Det stod oppstabla nåken papirposer på innsiå. Eg heiv meg øve den eine. Trudde der låg gilde gaver oppi. Men det var kun reklame... var ikkje lenge der - me sko te Kvadrat, akkurat som Tudor....

Det var et jevnt seg av bilar. Vett ikkje heilt om det va folk som sko gjera årets kupp, eller om det faktisk va nåken som sko på arbeid. Klarte å finna ein sånn parkeringsplass som det går an å kjøra rett ut ifrå. I tillegg så stod me attmed et skur for handlevogner. Det sikra jaffal den sidå på bilen for dei største bunkane. Eg har dårlig erfaring....

Men du store!!!! Den butikken er det lett å rota seg bort i. Kjende svetten rann nedover ryggen. Me gjekk på kafé og på do -  og reiste videre. Neste stopp var Extra leker. Dei hadde ikkje fått med seg at det va ein sånne svarte dag. Så det var på nytt å stå utenfor å klora... De åpna klokkå ti. Personalet va sånn passelig midt mellom sur og blid. Fekk ingen bestevenner der.

Me var skjønt enige om at det var best å handla på Jæren. Jærhagen neste. Klarte vel å svi av litt der og. Eg hadde fyllt godt opp før me reiste. Det gjer eg på den måten at eg vurdera kor møkje trenge Ernst på sin konto - og så tar eg resten....

Til slutt blei det et par bæreposar på M44. Greit med det me vett ka e...

Om eg då har spart penger? Umulig å sei. Det for ganske mange lapper ut iallefall.

Men det e jaffal kjekt å gå på kafé.

Heima flata eg rett ut på sofaen. Adventspyntinga eg hadde planlagt er utsatt på ubestemt tid. Handling er stritt!!


torsdag 27. oktober 2016

Tannlegen

Sjøl om eg vett at alt går bra klara eg ikkje å viska vekk minnet frå skuletannlegen. Sikkert et minne eg dele med mange.

Eg trur det var i 2. klasse at eg blei introdusert for tannlegen. Mor mi og eg tok bussen til Etne der tannlegen holdt hus. Bussen var full av mine medelever og deira mødrer. Mor mi prøvde etter beste evne å formidla ka me sko ut på, men klarte det ikkje. Det hu derimot klarte var at eg forstod det var nåke fryktelig som skulle skje. Kroppsspråk og talespråk kolliderte. Det første tannlegen sa var: Nå skrike du ikkje. Ingen av guttane har skreke. Blei ikkje mindre redde... Ei av jentene stakk av. De måtte leita rundt heila Etne for å finna henne. Eg vett ikkje om hu kom seg til tannlegen.

Dette har nok vore med på å forma mitt ubehag for tannleger.

Eg kan sei at eg har skulka arbeid ein gang i mitt liv. Eg var 19 år og arbeidde på et kjedelig kontor i Haugesund.  Irene og eg hadde planlagt ein goe fridag. Me skulle gå på platebutikk og høyra på plater. Ikkje nåke streaming på den tiå... Men eg fekk så ufattelig dårlig samvittighet. Eg ringte til tannlegen og sa eg hadde ei vonde visdomstann, og måtte derfor få komma med ein gang. Deretter kunne eg ringa til jobben og sei at eg måtte væra heime fordi eg hadde trukke ei visdomstann. Då fekk eg vondt nok, og det blei ikkje skulk!!!

Så i dag når eg hadde tannlegetime kom eg sjølvsagt 10 minutter før tida, og måtte venta 10 minutter over tida. Det betyr 20 minutt med alle demonar som finns rundt i min mage.

Eg skulle egentlig inn å slipa ned ei tann for å få krona på den. Såg for meg eld og svovel og svilukt. Eg trur detta må væra lykkedagen min!!!! Tannlegen kom fram til at eg kunne venta ei stund til før eg starta med riveprosessen i munnen. Han reparerte nåke anna som var havarert og eg kjende ingen ting.

Eg ligge i stolen som et lik i kista. Hendene er folda fint over magen, og til tider blir eg oppmerksom på at eg trykke dei mest heilt inn til ryggraden. Og på meg er det litt av et stykke. Men den lykkefølelsen eg får når eg kan hoppa ned av stolen. Det er mest som det er ei gleda å få betala!!!

Så nå er alt sang og glede. Heilt til tirsdag. Då skal eg til tannlegen som studera tannkjøttet mitt. Då blir det svilukt!

fredag 7. oktober 2016

Skråsikker

Det må ha vore bedre den gangen jorda var flat. Den gangen før Internett. Då var det som blei fortalt sannheten, og skulle det finnast nåken tvilarar blei dei halshogd eller munnen blei stoppa på ein annan måte.

Sjøl var eg sikker på at eg visste det meste før i tiå. Før i tiå var den gang både gutar og jenter hadde langt hår, vide bukser -  gjerne med sleng, og me var pynta med masse kjeder rundt halsen. Det var tider, for då var det kun to nyanser av svar for min del: kvitt eller svart. Dei gamle på 30 hadde ikkje levd livet sånn som oss, og følgelig hadde de ikkje forstand på så masse. Konene som var gift, gjekk med kufta og skaut - ikkje ulikt hijab. Vaksne menner, sånn som farar eller onkler og sånt, såg me ikkje så masse te. Dei var på arbeid, og måtte bare trø te i veldig vanskelige tilfeller....

Men så forandra verden seg. Først var det fjernsyn.... alt der var sant. Me hadde aldri tvilt på innholdet i avisene før, men fjernsyn var sant. Eg trudde det som stod i Romantikk og Love var sant og...

Og så kom Internett. Nå er det umulig å væra skråsikker på nåke. I dag googla folk 10-gangen.

Men så er det sånt, at finne me et svar som er sant - så plutselig er det et svar til som også er sant, bare at det er motsatt. Ta f.eks slankekurer: av og til er det flesk og servelat som er den store sannheten. Plutselig så er det gulrot og selleri, eller supper... jysla irriterandes. Ikkje løye me gir opp..

Kanskje det var enklare den gang jorda var flat. Men ikkje den løysningen å slå folk i hel om de ikkje er enige. Dessverre brukast den metoden rundt om i den runde verden den dag i dag. Så nåke overlever dessverre.

Nå vil eg venta på resultatet av fredsprisen, før eg spenne på sko og går ein tur. Mens det ennå er sunt.






onsdag 21. september 2016

Tenk positivt!

Endelig har eg lest om ein studie som bekrefta mine mistanker ang det å tenka positivt. Det nytta ikkje alltid.

Nå meine ikke eg at me ska gå rundt å væra sure, og å tru at alt går galt. For ein del av oss ligge det å ta sorgene på forskudd nokså latent. Eg meine ikkje at det er sunt. Heldige dei som kan sei pytt, pytt...

Men kor positive må me væra? Er det ikkje greitt nok å hyla ut frustrasjonen når det ikkje går vår vei? Må me sei at det var godt me brakk den venstra hånda og ikkje den høgra, viss me ikkje e keivhendte? Og den der stillfarne som seie: det er så mange som har det værre. Eg blir ikkje bedre når eg har problemer om eg høyre at det er nåken som har det værre. Kan det sidestillast med at me må eta opp det som er på tallerken fordi ungane i Afrika svelt? Blir de mette då? Sjøl eg forstår poenget - kanskje me skulle sendt avgårde dei pengene me spare ved å laga til akkurat passeligt med mat. Den er eg med på. Men me blir ikkje lykkeligare, snillare,  meir vellykka av kun positiv tenking. Kvardagen  vil komma og bita oss i halen enten me lika det eller ei.

Men å leva positivt, villa det beste, det trur eg på. Kardemommeloven er fantastisk.

I mitt yrkesliv blei me til tider tilgodesett med det som kallast coach eller motivator og lignende. Felles var at de beherska morsmålet, at de hadde lært at det lønne seg å ha tre punkter som blir gjentatt og gjentatt. Samme metode som politikarane bruke... Og me forlot seansen med stjerner i blikket, i tru på at me var unike og at bare med å væra, ville verden bli et bedre sted. Eg levde i mange år før eg skuffa forstod at alle desse sjølhjelpsråda egentlig hjelpe mest foredragsholdaren til å fylla opp bankkontoen.

Men han der som seie til ein vestlending at me ska starta dagen med å kikka inn i speilet og sei: Godmorgen solstråle, til også sjøl - må ta seg ei kaka.  Der finnes ingen ting som er lenger fra å væra solstråle om morgenen enn meg. Dessuten så seie me ikkje sånn til kvarandre. Kanskje til små barn ...Ei sånn helsing kan føra til slåsskamp.

Må snart begynna å laga middag så Ernst får ein positiv opplevelse. Men har dagen vore dritt, er det lov å gi uttrykk for det og.

Hilsen alle følelsers mor


mandag 5. september 2016

Facebook og de

Den siste trenden på bokå nå er at me som har levd ei stund posta ungdomsbilder av oss sjøl og mimre om glansdagane. Syns nå det var masse som var feil med skrotten den gangen og, men når me ser på gamle bilde så er det synd me ikkje var meir fornødde. Så eg kan sei at det var kroppspress og press på kos me såg ut i forhistorisk tid og. Eg syns det er kjekt å sjå igjen mine kjenningar med høysåtehår og slengbukser.

Nå forstår eg at det ikkje er dei intellektuelle som drive med sånt tøys. Det er stort sett oss gamle kåner som er begynt på nedoverbakken i livet.  Me trenger så veldig nåken positive tilbakemeldingar og likes, høyrte eg på radioen i dag. Ja, ja me har sikkert et trist liv som trenge litt oppmuntring. Og dette er billig moro. Sånn statusmessig er det tommelen ned...

Så nå er eg i tenkeboksen. Til nå har eg likt å legga ut tøysete statusmeldinger på FB. Har prøvd med min form for humor. Syns det har vore kjekt om eg har fått tilbakemeldingar frå andre som har likt tullet mitt. Eller av og til på lørdagskvelden når rødvinen virka kan den sentimentalt årå slå inn. Det er då eg skrive om lykke og glede og mann og barn... Eller eg blir utslått når eg ser alvorlige program om nød og elendighet på TV. Får sei som Åge Aleksandersen: følelsan de slit i meg... I mitt liv har det alltid vore heilt eller ingenting, å le eller grina, hjerte/smerte eller nåke som likna på hat (huff).

Men nå er eg som sagt i tenkeboksen på om eg ska legga inn årene når det gjelde innslag på FB. Eg får bli ein av de seriøse som lika artiklar frå avisene, og gullkorn og litt koselige småfilmar om kattepusar. Nå ska ingen arbeidsgiverar søka på meg for å sjå om eg har nåken skumle interesser eller meiningar, så det betyr jo ikkje all verden om eg fortsette å skriva tull. Bortsett fra at eg kan bli oppfatta enklare enn eg lika...

Det blir vel litt som å slutta å røyka, litt abstinens i begynnelsen og så går det seg te...

Men bloggen vil eg ha.



torsdag 1. september 2016

Det ska ikkje så møkje te

Eg kjøpte meg ein bukett med roser i dag. Bare for å gleda meg sjøl. Plutselig blei det litt finare i stovå mi, og eg treng ikkje vaska golvet før til neste helg.... Fint med tørrmopp. Den har danka ut heila grønsåpeluktå. Det der knepet med grønnsåpe i skål under sofaen virka ikkje. Eg har prøvd. Sko det kanskje vore blanda med vatn? Lukta ingenting hos meg, bare steikt løk frå dagen før.

Det sista eg har høyrt/lest om vidundermiddel i rengjøring og alt som trenge vidunder, er eddik. Nå syns ikkje eg eddik lukta spesielt godt. Men eg brukte det i mikroen i dag. Spørsmålet er då: virka eddiken? Eller var det vaskefillå som gjorde susen?

Eg har brukt eddik i vaskemaskinen. Slengte inn ei heile flaska og starta langt program på 90 grader. Det lukta ikkje godt før eddiken, og ikkje godt etter eddiken. Eg har og spandert ekstra dyrt maskinrensemiddel på den der hærens maskinen... Nei..... Ein sjekk av gummipakningen rundt dørå har avdekka fryktelige syner. Men eg får det ikkje av. Har til og med ofra tannbørsten. Mistenke Ernst for å vaska oljete klær der... Sjøl om han gjer inntrykk av at han ikkje vett kos innretningen virka.. Men eg kan jo ikkje kjøpa ny vaskemaskin fordi eg har slurva med reingjering av maskinen. Får bare fortsette å lesa om nye vindunderkurar. Plutselig så smelle eg te med bakepulver og hjortetakksalt i den perfekte oppløysing. Det skrelle av smuss og uhemma så det blir ein fryd å væra meg.

Kjenne at eg i dag har ein dag der yrket som husmor ikkje er drømmen. Ikkje er eg goe på det heller. Eg lika å pynta.... Kanskje i overkant....

Men tilbake til rosene: de tar seg strålande ut. Og så kjøpte eg ein enkel blom -avskårne, ser ut som ringblomst- bare fordi den var oransje. Må ha litt gladfarge, siden eg er på grenså til å synsa synd på meg sjøl. Møtte ei på stasjonen i dag som sa hu syns eg såg sleten ut. Blei ikkje akkurat bedre av det.

Men nå e det snart saltsprengde torsk. Me får kvar vår litla gulrot til, for eg hadde selvfølgelig ikkje meir av den sorten når eg trong det. Og blomkålen som låg i kjøleskapet var akkurat som ein gummiball. Overraskelsen får bli hardkokt egg i smøret!!!!

..og så får eg sjå litt på rosene ...


lørdag 13. august 2016

Lørdagskveld

Eg lika lørdagskveldar. Det er mange forskjellige lørdagskvelder selvfølgelig. Det er festlige lag, familieselskap, fødselsdagsfeiringar og kveldar heime i egen stova. Dei siste er det flest av, og det er sikkert det beste.

Då kan me bare nyta at me leve. Me kan eta goe mat og goe drikka som me lika, eta snop uten dårlig samvittighet og snakka med kvarandre. Me kan sjå på dårlige TV program, duppa av litt i stresslessen før kaffien.

Det besta med lørdagskveldar er kanskje at me vett det kjeme ein søndag i mårå. Ein dag til uten "ska bare...".

I kveld tenke eg på veka som me har brukt opp. Jammen gjekk det fort. Eg kjenne at det slett ikkje er vanskelig å væra pensjonist. Det er et kjempegode!!!! Sykt godt, ville ungdommen sagt. Det er lett å læra å eiga tiå. Det er luxus.

Nå seie værmeldarane at me går i møte nåke godvær. Så fint å ha nåke å gleda seg til. Kanskje eg ska rydda litt i hagen om det skjer? Det blei jo ingenting av den ryddingå når det var vår. Mest for det eg ikkje var klar over når våren var. Og litt for det eg er lat.... Har lenge prøvd å testa ut eddik mot ugras.  Eddik er det siste vidundermiddelet mot det meste: ugras, vond lukt, flekker, pussemiddel sammen med salt.. vaskemiddel  til dusjen sammen med zalo - det er tidligare beskreve av denne skribenten .... Må tilstå det er enklare med dei ferdigkjøpte blandingane til bad og kjøkken og vindu og you name IT. Men så er det dette med miljø då. Spørsmålet mitt blir då: viss eddik drepe ugras kan det då væra miljøvennligt? Det er jo dødeligt for nåke... Eg heiv inn ei halve flaska i vaskemaskinen for den lukta så dårligt. Kjenne ikkje nåken forbedring så det kreves nok at eg tar reingjøring av den på ein annen      måte. Men eg og vaskemaskinen er ikkje venner, og så er den vaskekjellaren min så lite tiltrekkande, at eg velge å utsetta det. I beste fall går den sundt og eg må få ny. Dei nye pleie å væra reine i starten.

Nå kom eg ganske på viddene. Detta smakte ikkje av lørdagskveld.

Det er ganske godt med Opera Mint.

mandag 25. juli 2016

Ferie - siste del

Plutselig blei eg møkkleie. Leie av "å spisa på hotellet", leie av vin, leie av svettelukt. Nå lengta eg him til vanlige mat og vatn i glaset. Eg lengta itte å legga meg i goe reine seng...

Det er vel godt at det er sånn. At alt har ein slutt, og at det vanlige tross alt er det beste.

Men me har hatt ein flott ferie. Signe ville nok vore på meir shopping. Men har til nå ikkje sett nåke som de ikkje har heima i steinrøyså. Me gjekk ikkje inn til Armani og di eingong i Amsterdam...... Men gjekk på do der. Bare det var jo ein opplevelse, spesielt siden me gjekk på mannadoet - og blei då uthevet derifrå. Ikkje alt me får for ei Euro.

I dag i København derimot var det heilt gratis å sjå på nåken gamle på vår alder som spankulerte heilt nakne midt i byen.  Det ringte i forskjellige bjeller kan me sei. Dei ville nok hylla det naturlige. Ingen photoshopping der.... Dei slappa til slutt av i Adams og Evas drakt med kvar si øl.

Me ska reisa herifra i mårå. Så får me sjå kor langt me kjeme. Har snart skitna ut alle sommerklærne og må gå øve til det som er tatt med for dårligare tider. Ernst har talt opp 7 langbukser og nåken korte. Det betyr at nedentil ligge han godt an med klær, værre i T-skjorte avdelingen. Der nærma det seg deadline.

Utrulig så rotete det blir i klær og duppeditter når me har vore på reis ei stund. Får ta et skippertak før avgang i mårå. Eg har pleid å vakna midt på nettene - det betyr at eg e dautrøtte når eg bør stå opp. I dag låg eg frampå siden Ernst hadde fått nyss i et museum med Burmeister og Wein (vett ikkje om det skrives sånn). Han var vekke i timevis for å sjå på den gamle motoren. Det er jo sånt eg absolutt ikkje forstår. Hadde det vore "ta på ting-leken" med mulighet for et og anna kupp så hadde eg stillt på flekken.....

Nå har eg fått hatt mi stille stund. Så då får eg gå ut å væra sosiale igjen, og drømma om heim til Jæren

onsdag 20. juli 2016

Ferie del 2

Amsterdam, Amsterdam...

Her e me nå. Men før me kom her har me vore underveis. Me skiltes fra våre venner i Tønder sist torsdag. Avgårde til Brunsbuttel i Tyskland. Var innom ein grensebutikk for å ki øpa litt varer til å ha underveis før me kom fram. Brunsbuttel var mest bare et veikryss. Me var på kaien og såg på båtane, men reiste videre neste dag.

Hittil har me ikkje sett ein einaste norsk bobil der me har stoppa,  og bare så vidt andre skandinaviske.

Det pleie å lysa norsk eller tysk lang vei når du ser middelalder damer med nyinnkjøpt svart Triumph BH med kryss band og lift opp.  Eller endå værre: hudfarge!!!  med bølger av for masse kropp
ned til shorts høg i livet. Han har utvaska Adidas kortbukse med god oversikt til rørleggersprekk og i front blir den holdt oppe med ein stor mage som er rødflammete av for mye sol. Eller han har stålull under armene og singlet som gir rom for å visa noen gamle tatoveringer. Ølboks i umiddelbar nærhet. Hu strikka...

Nå har sikkert me og ein del umiskjennelige bobiltrekk. Men eg har ikkje solt overkroppen uten  klær blant folk dei siste ti årå og Ernst fekk ny shorts i år....

Vel - me reiste til Bremerhaven etterpå. Me hadde orkesterplass til sluser og byen låg 10 minutt borte. Været var med oss. Alt var egentlig OK. Men me fant ikkje matvarebutikk!!!  Leita oss mest i hel. Spurte de innfødte og brukte tlf for søk.. Ei dama ville ha oss til å gå i 35 minutt. Hu snakka bare tysk og likte sikkert ikkje turistar.til slutt forstod me at sånne butikkar sette ikkje ut skilt, og me fann ein i andre etasje i et anonymt hus. Så me fekk både smør og melk.

Videre for me avgårde mot Harlingen i Nederland. Var innom ein liten plass før me kom fram. Ernst hadde lest om ein klok fyr som levde på 1700 tallet og som hadde laga modell av himmelrommet. Me   kjørte oss meste fast i smale gater før me fann ein parkeringsplass og kunne få sett på alle sekstantane, stjernemodellane og lignende greier. Ernst kjøpte seg kalender som gjelde 50 år fram i tid. Sparte sikkert inn inngangspengene med den...

Harlingenen var kjempesjarmerande. Både hus og gater i teglstein. Fine parkar og hagar. Anbefales.

Og så kom me til Amsterdam!!! Har aldri sett så masse folk på ein gong. Og så masse sykler!!!! Me ligge utenfor byen. Må gå 10 minutt, så gratis ferge (for folk og sykler) 10 minutt - og så er me rett i byen.

I går var me rund i et heller lugubert strøk. Signe var skeptisk til all cannabisen, men for oss verdensvante gjekk det fint.

I dag valgte me ein annen retning og fekk andre opplevelsar. Det var ufattelig varmt, så me gjekk ikkje mange meter mellom kvart stopp. Det gjekk i vatn og iste - litt kvivin til slutt.

Me har det topp. Lure på ka resten av ferien bringe...

torsdag 14. juli 2016

Ferien vår

Nye sommar, nye ferie. Me har snart brukt opp ei veka allerede. Fremdeles bruka me snille innestemme når me snakka med kvarandre. Selvfølgelige har det vore tilløp til litt forhøya volum som f.eks når eg sprang ute i regnet og leita etter søppeldunk. Syns jo godt Ernst kunne ha forutsett at eg ikkje fann desse dunkane og ordna opp før det nyvaska håret mitt låg flatt og pjuskete nedover. Ikkje hadde me strøm lenger heller så føning var utelukka. Dessuten er det ikkje "snillt" lys på badet i bobilen. Eg e redde sannheten vise så altfor godt. Lika bedre speilet heima...

Me har då vore i Mandal to netter før me for avgårde med ferga til Danmark. Alltid koseligt i Mandal. Traff ingen kjende så me måtte klara oss sjøl. Hadde planar om å kokkelera så godt det lar seg gjera på våre tre kokebluss på lørdagskvelden. Men etter kvar vår Marnaburger til lunsj var det plent umuligt å finna plass til meir mat. Det blei pommes frites og pølsa frå buå når det leid på.

På Danmarsfergå er det masse mat å bli frista av. Der lei me ingen nød. Men fy flate så masse folk. Det gjelde å bruka kjøkt for å finna seg ein sitteplass. Men det klarte me.

Etter ei overnatting på rasteplass reiste me til Tønder. Der har me vore mange ganger, så det er reint så me e kjende der. Der hadde me koselig lag med to campingbussar med innhold. Tre overnattinger, mye god mat og gode historier. .. Og litt vin innimødlå..... Me hadde til og med Arme Riddere på stor steikepanna ute ein kveld. Det gjekk ned på høykant.

Og i dag er me heilt for oss sjøl i Brunsbuttel i Tyskland. Har vore og sett på sluser og båtar i alle fasongar, og mat selvfølgelig. I dag blei det italiensk pizza på meg. Den fyllte veldig godt opp. Eg e redde dei stakkars kiloene eg med møa fekk av før ferien  har sneke seg på igjen.

Ernst har oppdaga ei ferja som går herifrå som me ska ta i mårå. Eg vett ikkje kor hu går hen, men så var aldri landkunna mi sterka sida når eg gjekk på skulen. Eg sitte bare på. Pleie å passa på at han ikkje kjøre på rødt lys, hump i vegen, syklistar og sånt...

I dag har me hatt litt fleire regnbyger enn me sette pris på, men me blei ikkje blaute når me var ute og sprada. Me får ta det me får av vær uansett.

Ellers har me reservemat i kjøleskap og fryseboks. Me har handla brus/øl/vin så me klare oss ei veka til. Me har med klær for alle anledninger, kortstokk, yatzy, Ludo, TV. Trur detta går rektig godt. Men Ernst har problemer med telefonen sin. Det er nåke Sony drit. Men me har kvar vår telefon, kvar vårt nettbrett alle tre. Dermed er kontakten med utenomverden redda og.


torsdag 23. juni 2016

Sjuke mann

Maen e sjuke! Nå har han låge som et slips på sofaen i fleire dagar. Det e ikkje møkje lyd i han, men han ligge nå der.

Det betyr at eg helle ikkje får utretta nåke. Så eg seig ned i stresslessen og blei der. Eg e ikkje rara sjukesøsterå. Kjenne at eg heilt mangla dei genene. Men han har fått saft og kjeks, dvs det var vel helst Signe som ordna det. Mat vil han ikkje ha.... Det betyr svikt i mine daglige rutinar. Pleie jo å sørga for middag kvar dag. Ikkje vits i det nå....  Han får egentlig gratis og lettvint slankekur. Urettferdig når eg streva livet av meg, og me snakke gram...Så det betyr endå meir fritid! Eg har min daglige spasertur på føremiddagen. Den sat ganske langt inne i dag. Sofasliting e smittsomt. Me har ein sofa i sommarståvå og, så mulighetene e der for meg.


Nå blei eg invitert til middag hos Signe. Goe greier - bare å legga innpå, og så gå etterpå. Men alt detta seie meg at eg e sjeleglad for at han til vanligt er ein ordinær arbeidskar. Tenk viss me skulle gått heima og tusla rundt i lag kvar dag!!!! Det kunne tatt på hos nåken og ein kvar. Så nå håpa eg for alles del at han snart blir friske, og kan forandra stilling frå horisontalen til iallefall oppreist i stol. Eg e ikkje skapte til å væra pleiar. Det va ikkje snilt sagt......
Og e gjere så godt eg kan....

Det blir iallefall ikkje St.Hans feiring for dei to gamle i Tranevegen i kveld.

lørdag 11. juni 2016

Den late dagen

Detta har vore ein sånn dag som kom og gjekk. Nå e det sakta et par timar igjen av døgnet, så me får sjå. Eg har kjent på kor ufattelig late det går an å bli!!!

Det starta allerede til frokost. Å smørja på ei sjeva blei for hardt, så det blei ei skål med frokostblanding. Men den sete godt i, så det gjekk ei stund før eg måtte fylla på.... Eg traska bort i gatå for å sjekka ut Nordsjørittet, men det og var fort gjort for min del i dag. Siden eg ikkje var med i banangjengen fant eg ikkje roen der heller. Men eg syns de var litt tammare i  år når eg ikkje va der... Det var faktisk så gale med latheten min i dag at eg seriøst vurderte å væra med Ernst ein tur til Biltema! Bare for å bruka opp nåke tid.

Ernst har pussa garasjeportar klar for oppsjeining. Han antyda at eg kunne pussa øve med litt sandpapir, men då fekk eg det travelt med å gå på do. Trur han glømte det ittepå. Eg har jo lørdagsfri. Me pensjonistar e jo pensjonistar heila vekå, så det e klart at eg må ha fri på lørdagen.

Eg har radla litt med mor mi på telefonen, og hu hadde det akkurat på samme måten. Denna dagen va hu og late. Eg har arva masse av henne, både det eg lika og det eg ikkje lika. Men hu va et grepa kvinnfolk når hu va på min alder, den energien kunne eg tenkt meg.

Gubben e ute å trimma magaflesket på sin vanlige lørdagstur på Kongeveien. Kanskje eg sko greia håret og ta på lebestift før han e tebake? Det ska væra lurt har eg lese...

Eg klarte å avslutta ei bok eg har hatt tak i nåken dagar. Løyen slutt, akkurat som om nåke mangla. Hu hadde vel heller ikkje fått litteraturprisen, men greitt med litt enkelt innhold på enkle dagar.



Så nå har eg slengt meg på sofaen i sommarståvå og vurdere Bøen mat til lørdagskos.

Går det an?

søndag 29. mai 2016

Søstrene på samfunnstjeneste

Me skulle reisa him forå hjelpa til med forskjellig hos våre foreldre. Det er kjekt for ein gongs skyld å kunna få gjera nåke igjen for alt me har fått av hjelp og omsorg opp gjennom åra. Men det er aldri heilt uten dramatikk.

Bilturen til Ølen gjekk forbausende fint. Sjøl om me måtte parkert nederst på fergå. Vel framme var det inn med mat, og på med arbeidsklær.

Ingen av oss hadde erfaring med oppussing. Men motet var godt. Bånn gass til Bygg Mix. Heldig for oss var der ein rolig, avbalansert, hjelpsom ansatt. Me skulle ha spraymaling til å lakkera sjenken. Han fortalte at han aldri fekk til det der med spraymaling, men me kjøpte svart lakk, pusseklossar og vaskemidler. Him igjen. Fort gjort å pussa. Det hadde aldri blitt godkjent av Ernst. Men når me sko starta med lakkeringen fekk me litt kalde føter. Kanskje det hadde vore bedre med maling? Mamma skulle bort å byta frå spray til malingsboks. Men hu surra seg vekk i om det skulle væra kvitt eller svart, så Marianne heiv seg med i bilen. Eg dreiv å vaska av pussestøvet då eg fekk ein lys ide!!! Burgunderrød!! Sjenken måtte bli burgunderrød. Eg hadde ikkje tid å byta klær..... Avgårde bånn gass i malingflekka tights og t-skjorte. Måtte nå Bygg Mix før de andre hadde kjøpt maling. Kom gaulande inn dørå: BURGUNDER ska sjenken væra... Bygg Mix mannen var rolig og viste koss fargen ville bli, masse fram og tilbake - men til slutt blei det nåke rødt... Ikkje burgunder. Me fullførte grunning og et strøk på fredagen. Tok kveld i åttatiå.

Tidlig start på lørdagen. Sista strøket på sjenken, og så reiv me gammalt tapet og malte klar til tapetsering. Då måtte Tor Arne på banen. Det er ikkje alt søstrene har kunnskap om.... Det gjekk i 90!  Me fekk tapetsert og vaska og styrte på. Det var ein travel lørdag. Mamma spanderte middag på hotellet, så me hadde det som kongar. Litt vin på kvelden, så var alt på stell.

Så kom søndagsmorgen. Me måtte få på plass sjenken. Tunge som bly. Me tok den på sekkatrallå. Det var ikkje luft i dekkå, og manøvrerte vesenet frå garasjen til inngangatråppå. Så begynte sirkuset. Detta var før naboane hadde stått opp. Mamma ropte på pappa. Du må hjelpa di å bæra!!!! NEI, sa me. Ville ikkje ta ansvaret for helså til ein 94 år gammalt mann. Me gaula og skreik for å få vekk dei to gamle som svima i vegen. Me klarte å bæra monsteret inn. Jippi!!!! Så skulle koppar og kar inn i denne. Mor vår har dekketøy nok til heile Dreganesveien. Problemet var bare at me hadde malt igjen dørene... De var fastlimte totalt. Då henta den gamle brekkjernet!!!! kan tru sjenken blei fine itte den behandlingen. Me fekk redda det mesta før han gjekk heilt øve styr. Dørene fekk me opp når me skar rundt med kniv....

Den goe broren vår stilte i dag og. Han pumpa luft i sekkatralla, og manøvrerte et monster av et skap på plass i gangen. Me rydda på plass og lurte oss te å hiva pitte litt av alt unødvendige som finnes i den heimen. Mor mi lika det ikkje....

Til slutt blei det nya soverommet tapetsert. Det gjekk unna. Me e litt av et team. Tor Arne primus motor, me var håndtlangarar.

Det har vore ei veldig kjekke helg. Me har kost oss, i tillegg var me litt til nytte!!!!

tirsdag 24. mai 2016

Sånn litt av alt

Ein dag går mot kveld. Og i me har starta ei nye veka. Utruligt kor fort dagane går sjøl om eg e av den passive sorten. Har fått med meg nyheter på TV. Presidentvalg i Østerrike... Heldigvis valgte de den minst galne, men han var over pensjonsalderen. Eg vett kos eg slite med husken til tider - og han er 10 år eldre enn meg. Glad me har konge.. Ellers har Boasson Hagen vunne nåke på sykkel og ein terroristledar er drepen i Afganistan. Sånn sett  er det ikkje særlig med nyheter me spissa øyrene mot. Me blir torpederte med inntrykk kvar dag, og trekke bare litt på skuldrene.

Har hatt klubb i dag. Det blir masse skravling. Gjelde om å snakka fort og høgast for å bli høyrt. Men det er sjelemat å ha dametattel av og til. Har litt prestasjonsangst når det gjelde maten. For meg smaka det ikkje nåke særlig, men de let vel..... Sjokoladekakå blei jaffal goe. Ikkje et kunstverk å sjå på då, men det er smaken som telle.

Søvnen vil liksom ikkje komma. Kan ikkje ligga frampå i mårå heller for har frisørtime klokkå ni. Det gjelde å pussa fjøra mens me har de....

Det er fredelig å sitta goe i stovå når resten av huset søve. Då kjeme det fram lydar som ikkje er merkbare på dagtid.

På fredag skal søster mi og eg avgårde til Ølen. Då stille søstrene opp for å gå våre foreldre til hånde. Så nå håpa eg de har vatn og såpa klar så ska me fort feia øve spindelvev og andre uhumskheter, og ellers anna de har bruk for. Brødrene har haldt på ei stund med sin dugnad. Berre rett og rimelig at det sterke kjønn får større oppgaver...  Me glede oss. Fint å blanda arbeid og fornøyelser. Det er alltid kjekt å komma him. Sjøl om eg har nådd skjels år og alder blir eg litt unge igjen når eg er i barndomsheimen.

Det er meldt av Vårherre vil velsigna oss med litt sol og varme i mårå. Det betyr at brytaren for godt humør slår seg på fullt. Synd då at Ole Lukkeøye er så treg med å finna meg i kveld. Kan det vara dei få kilo eg har tatt av som gjer det vanskelig å sjå meg? Eg trenge å sova for å nyyyyta dagen i mårå!!!

Så nå lure eg meg inn under dynå igjen. Det gjelde å ha truå.....


Godnatt

mandag 16. mai 2016

Pinsen er over

med et stilt brak. Bilen starta ikkje... Ernst er av den handytypen, så eg tok det med ro til å begynna med. Så måtte han be om hjelp frå svogeren. Han er bilmekaniker. Gale va gale... Te slutt måtte me ringa 02300, som er telefonen tilSparebank1 Skadeforsikring. Hjelpå kom før det var gått ein time.

Koselige fyr i bergingsbil frå Evje. Han skrudde og stroppa gobilen på "briller" og avgårde bar det. Før dette hadde eg tømt bobilen for det eg hadde pakka for ei langhelg. Det var klær for fint vær, kaldt vær, sol, regn og snø. Det blir litt av det kan me sei. Va kanskje overlast. Og siden det skulle væra 17.mai feiring også hadde eg med meg minst 5 kjolar. Må jo ha litt å velg i. Bunaden er uaktuell. Eg er ingen smørblomst i kjole, men med bunad ser eg ut som ein fullriggar i storm!

Og me har mange gode venner!!!!! så me fekk låna bilen til ein venn, mens han fekk kjøra med andre. For leiebilavtalen gjelde ikkje på motorhavari på bilar over 8 år, og vårt mobile hjem er ikkje av den nyaste sorten.... Me e deg evig takknemlig Nils!!!!!

Det er ergerlig når planar går i vasken. Men eg e evig takknemlig  for at dette ikkje skjedde på ferie i et eller anna utland. Så er det bare å håpa på at verkstedet finne ut av feilen uten at heile sparekontoen går te pises.

Så nå sete me her i stova som dei to gamle me e. Kjøttkaker kjøpte me på Essoen på Vikeså, så det blei ingen delikatesse å dela på i heimen. Men vinen e goe, og når me kjeme lenger ned i flaskå kan det væra me løyse nåken verdensproblemer og. Foreløpig e me opptatt med kvar sitt nettbrett.

I mårå e det nasjonaldagen. Eg e glad og stolt øve å bu i et land som Norge.

Gratulerer med dagen!!!!

mandag 25. april 2016

Mandag

Det er mandag i dag. Jysla goe!!! Sitte i godstolen min nå mens lukta av kjøtt og suppe brer seg i huset. Må passa på å ha nåke gostoff te middag så eg helle maen fornødde, men den største grunnen e at det vå nåke oksekjøtt som meste var ute på datoen i dag når eg handla, og dette kjeme oss småkårsfolk tegode.

I dag har eg gått min vanlige runde. Få det gjort!!!! Ellers har sengå fått nytt på seg. Det gamla sengetøyet ligge godt i vaskemaskinen. Ingen grunn te å ha det travelt for det snøa ute.... Ska ta på vinterklær og få det på snora før det blir mørkt er planen.

Eg sitte godt, og tenke på helgå som var. Me var på "festival" med masse andre folk på vår alder. Det finnes så mange trivelige gamlingar. Ungdommane har nåke å gleda seg te. Det finnes ikkje press for merkeklær eller likes på Facebook eller anna gruppepress. Me kan væra akkurat som me e. Me vestlendingar har litt å læra av folk frå Sørlandet/Agder og sånne. Dei e så goe på klemming. Me brekke jo meste litt i rygg og nakke når me ska gi etter for å gi/ta imot ein klem. Men det bør væra lett å læra for det er så bra for folkehelsa.

Ser på kalenderen at det er mange sånne flåtte opplevelsar å sjå fram til.

Ellers har eg kjøpt garn for eg ska hekla ein bamse. Godt med planar. Eg e stadig optimist når det gjelde å skapa nåke. Egentlig lika eg bedre å tenka ut ting som me kunne gjort, og så må Ernst gjera det. Men nå når eg har pensjonert meg e han vanskeligere å få til å løysa mine forslag. Trur han syns eg kan prøva sjøl....

... Og i mårå e det tirsdag. Blir fine den og. Bortsett frå at eg ska vega meg og sjå at det gjekk te helsikke med "ta av" planen denna vekå....

mandag 11. april 2016

Våren, ei fine tid

Ligge på sofaen og kikka ut på solskinnet. Våren e flott! Eg har trava rundt 4,54 km før i dag, så samvittigheten der er bra. Tar det ifrå morgenen av, så e det gjort. Nå e det avslapning etter kjøttkakemiddag. Det gjelde å samla krefter til eg ska avgårde å vega skroget.

Men eg har ein del gleder i vente. Eg samla på gleder. Til helgå får me besøk av mine foreldrer. Det er år og dag siden sist. Så då ska huset væra sjaina, og menyen klar - men akkurat i dag tar eg det med ro. Alt til si tid.

Nåken naboar er såvidt begynt å gjera klar hagen. Di har flotte hage og då. Vår hage tar seg best ut i svart/ kvitt. Har planta ei hengeselja og ein blåbærbusk. Og så har eg nåken stemor på tråppå. Men det e litt i tidligste laget for di store operasjonene. Bare så synd eg blir så fort leie når eg starta med nåke. Motet på topp ved oppstart, første tegn til motgang - eg går leie....

I fjor investerte eg i El-sykkel. Har ikkje blitt den store bruken. Men eg har ein tanke om å ta ein goe sykkeltur når det blir varmare i været. Kanskje Signe kan ha lag? Planen var å ha desse med på bobiltur i sommar. Me får sjå. De tar plass og vekt.... Då må me kanskje spara innpå andre ting. Men siden eg nå har tatt av 1,4 kg ( og kanskje litt meir på vegemøtet i dag) så kan eg ausa på med varer.

Ska snart ta fram bokå eg lese i. Tenk å væra så privilegerte at eg kan gjera akkurat som eg vil ein heilt vanlige mandag! Savna litt sjokoladen då... Men eg har oppdaga nåken som e ganske goe og bare 97 kcal. Eller så kan eg regulera på kjøttkakemengden.. Det finnes muligheter.

Eg har stramt inn på netthandelen. Ser at det er litt forskjell på trygd og lønn. Men eg kunne sikkert dreve med netthandel sjøl, for huset er ganske fullt. Så det er ikkje synd på meg... Heldigvis snart den 20. Bobilen må ha nye dekk.

Me savne pusen vår. Eg går stadig rundt og ser etter henne.. Men også dyr kan bli sjuke. Hu fekk ei fine grav i hagen. Etter sommeren får me få ein ny pus.

Dette var betraktninger frå sofaen. Ingen meiningar om storkommune, hijab, arbeidsløyse eller krig.




mandag 21. mars 2016

Et liv i forsakelse..

Eg har den største respekt for dei som vinne slankekrigen!!! Hadde aldri trudd det skulle væra så hardt å forsaka det som må til for å få av litt bukfett. Mitt opplegg går over 8 veker, og eg e stygt redde for at etter det glir eg tilbake i gammel oppskrift. Sjøl om intensjonen er å fortsette..

Eg trenge ei harde linja for å lykkast. Så når eg trer på meg ryggsekken for å gå ein omveg på ca tre kilometer for å handla, kjenne eg på lidelsen. Det er ikkje med glede at eg legge ut på den harde vegen. Greit nok når solå skine frå blå himmel, men på Jæren går det mest i motvind og regn.

Fordelene med dette må me ta med oss. På grunn av at eg må få denne delen av dagen gjort er eg tidlig på butikken og får med meg det som er av gode kupp før den gemene hop e på føtene. Kanskje eg kan få opp litt kondis og. Må tilstå at det ska ikkje store bakken til før pulsen auka og lungene blir for små.

Og dei små gledene: når eg legge meg om kvelden gleda eg meg allerede til frokosten....

Det hadde vore fint å levd på den tidå flesk rundt livet var statussymbol. Men visst det e sant at det nå døyr fleire folk på kloden av overvekt enn av hungersnød, så er det ein vemmelige tanke. Det vise at me vant i lotteriet me som er fødde her nord i verdå. Eg sette pris på at aksjefondå mine stige i verdi mens lånerentå går den andre vegen. Det er vel ikkje sånne tankar så spinne i knotten til dei som kjempa for å få tak i nok mat for å overleva. Det er masse som er urettferdig. Eg vil helst ikkje tenka på det. Eg lika fjernsynsserier uten vold, og bøker med lykkelig slutt. Og så kan eg gjera som strutsen.... Men eg slite med å forstå at dei som bur i ei koia i skogen, skyte sin egen mat, og laga sine egne sko er bedre for kloden enn me som benytta oss av all nymotens oppfinningar. Eg tenke på Ipone og Fjordland og nettbutikkar ....

Nå ska eg snart ha frokost. Då e det fram med vektå. Et egg vog i går 62 gram.


mandag 22. februar 2016

Husmordrøm

Endelig blei det mandag. Søndagen i går var kjedelig med store bokstaver!

I dag starta dagen med et ønske om å få utretta nåke. Etter å ha studerte viktige og uviktige nyheter begynte eg målretta. Siden eg ikkje så lett gir opp, og kvar mandag gir muligheter til ny start så skulle det bli skoleboller!! Denne gangen brukte eg bollemjøl frå pose og vaniljekrem frå pakke. Eg sette deigen før eg tredde på meg ryggsekk for å foreta dagens innkjøp, kombinert med friske luft.

Eg slite ennå med å gå tur for turen sin del. Greit nok å gå når eg har et mål i sikte. I dag var eg tidlig ute, og kjøpte fersk, gammel laks nedsatt pga dato. Men både Ernst og eg tåle litt harsk omega 3. Jysla godt å kjenna på alt eg sparte pga denne datoen.... Plutselig kan det hopa seg opp på kontoen. Viss ikkje netthandelen stikke av med øveskuddet då. Men då bruka eg kredittkortet og ser ikkje galskapen før regningen kjeme. Og då håpa eg Ernst har fått lønn...

Vel heima starta andre akt med bollene. Makalause goe deig å jobba med. Mens de ferdig uttrilla bollene hevde så skulle neste del av mi husmorgjerning utførast.

Eg har fått med meg at det er usunt å pusta inn vaskemidler frå sprayflasker. Desse flaskene har vore mine hjelparar lenge, og eg syte med å slutta med di. Men så såg eg på fjesboken at det var lurt å blanda ein del eddik og to deler zalo for så å smørja dette inn i dusjen. Det sko gjera underverker. Så eg skreid til verket. Kledde av meg fillene, entra dusjkabinetter med ei skål med nevnte blanding og ein svamp.

Halvt på å svina av av den sterkt eddikluktå, men jobba på. Det e hardt for ei av min dimensjon som i tillegg har svake legg/lårmuskler å bøya seg ned i et dusjkabinett. Spesielt når det e ufattelig glatt. Bambi på isen e ingenting mot Sissel i dusjkabinett!!!

Mens eg halda på der inne ringte alarmen som sa at nå måtte bollene ut av ovnen. Heldigvis kom det ingen på besøk når eg tok siste akt med bollene kun iført briller og klokka.

Bollene ser ikkje så galne ut, men eg har ikkje smakt. Men kos kan det ha seg at vaniljekremen renne av??? Det må alltid væra nåke. Men i kveld blir det boller til mandagsdamene!

Så var eg i gang med neste etappe dusj - då skulle godsakene skylles av. Kan sei det blir litt såpeskum av 2 dl zalo. Men resultatet er egentlig brukande.

Med så masse gode opplevelsar trur eg at eg fortsette i husmoråndå. Men då blir det meir tradisjonell støvsugar og sånt.

Eg e fornødde med med sjøl. Ska nyta skolebolle til lunsj nå.

tirsdag 26. januar 2016

Tirsdag, e det ein goe dag?

Dette e dagen itte mandag og dagen før midt i vekå. Liksom ein ingentingdag. Ikkje trenge me rydda itte helgå. Det gjorde me i går. Ikkje trenge me gjera klar te helgå. Det e for tidligt. Så då e det meste litt vakuum...

Oppgavene e der. Men di friste ikkje. Eg har nå gjønåført pliktløpet mitt på omtrent 40 minutt. Godt ka så e gjort, og lungene sette pris på friske luft.

Nå e eg og igang med å trena sjelå. Eg har lasta ned Appar med Mindfullness. Så eg velge den varianten der eg kan ligga på sofaen og pusta i frå tå til topp. Det e den mest behagelige. Eg har og kjøpt ei lydbok i samme sjanger, men eg finne ikkje den igjen på Paddå.... Eg trur det vil gjera meg godt med nåken triks te å samla tankane. La de dårlige leva sitt eget liv og la de gode få øveta. Lika Fugelli sin oppfordring om å gi litt meir F. Bare det at det e så mange tankar i min knott at av og te blir det full krasj når de møtes i ein sving. Men alt blir bedre med trening har eg høyrt. Sånt kan me jo bruka tirsdager te.

Eg pleie å skylda på katten at eg ikkje rydda på soverommet. Men nå når det e vårstemning ute så vil katten og ut. Så det e egentlig bare å gi på - elle ska eg venta te nærmare helg? På min vandring i dag var eg innom litt tankevirksomhet på den kommande vårånnå. Planar, planar. Men det e så tungt å spa i denna leirjordå vår at det kan lett stoppa opp som planar. Men eg lure på om eg sko henta nåken Appar om hagearbeid. Godt ka så e på plass.

Kanskje eg beint fram heller ska sjå på kalenderen. Ta meg ein tur i kjellaren for å rydda på plass all julepynten som e feilplassert der.

Tenk så heldige eg e som kan tulla vekk ein heilt alminnelige tirsdag!!!

tirsdag 12. januar 2016

Carpe Diem

Syns det er så flott overskrift. Det er sånn det bør væra. Ikkje å starta med håret te værs i ein sleten stressless med sjeva med norwegia og kaffi som har vore på traktaren siden Ernst gjekk på arbeid for ein del timar siden.

Men det blir ikkje gull av gråstein, samma kor masse me gnikka på den. Nå trur eg egentlig at gråstein er meir anvendelig enn gull ....

Eg kjenne presset når eg kikka innom Facebookbook. Mine venner der er ivrige på å dokumentere sine prestasjonar på turfronten. Eg trenge den pushingå.

I dag hadde eg planar om å ta den samma rutå som eg har hatt et par gonger. Tar ca 40 minutt. Men det viste seg snart at det var ganske islagt, og eg har et bekkenbensbrudd friskt i minne. Det betydde at eg tok av på gjengrodde stiar. Kom inn i område eg sjelden går. Kjekt det og. Det finns egentlig mange fine eiendommer rundt i nærmiljøet. Eg rusla avgårde og før eg visste orde av det så hadde eg brukt opp 45 minutt. Dette kvalifisera til fin samvittighet resten av dagen. Og når så bestaste Rita kom på kaffebesøk så kjente eg at pulsen var i fin modus og eg kunne nyta livet.

I min nyvunnet pensjonisttilværelse har eg fint lite krav. Det er jo dette eg slite litt med å få på plass. Einaste målet er å ha middag klar til Ernst kjeme frå arbeid. I dag er det restemat frå søndag så det gav meg mulighet til ut på litt shopping. Nå e det jo klart at inntektsgrunnlaget gir grunn til litt mindre handel i år enn i fjor. Men pytt, pytt. Eg lengta til den 20. Det e då me pensjonistar vinne i lotteriet.

Nå har eg fremdeles litt restkunnskap igjen etter mi tid i arbeidslivet. Så eg har god kunnskap på å overføra frå Ernst til meg. Bare han har litt igjen, så går det godt...

Så sjøl om eg ikkje akkurat utretta ein masse eg kan ha på CV'en i desse dagar, så fyke tiå avgårde. Og eg har jo heller ikkje bruk for CV.....

Så nå e det bare å gjera klar kaffitraktaren. Det e fremdeles nåken betar igjen i skålå frå lørdag. Selvfølgelig dei som ikkje e best, men me slite ikkje akkurat med å få di ned....

Livet er ikke det værste man har....