mandag 5. september 2016

Facebook og de

Den siste trenden på bokå nå er at me som har levd ei stund posta ungdomsbilder av oss sjøl og mimre om glansdagane. Syns nå det var masse som var feil med skrotten den gangen og, men når me ser på gamle bilde så er det synd me ikkje var meir fornødde. Så eg kan sei at det var kroppspress og press på kos me såg ut i forhistorisk tid og. Eg syns det er kjekt å sjå igjen mine kjenningar med høysåtehår og slengbukser.

Nå forstår eg at det ikkje er dei intellektuelle som drive med sånt tøys. Det er stort sett oss gamle kåner som er begynt på nedoverbakken i livet.  Me trenger så veldig nåken positive tilbakemeldingar og likes, høyrte eg på radioen i dag. Ja, ja me har sikkert et trist liv som trenge litt oppmuntring. Og dette er billig moro. Sånn statusmessig er det tommelen ned...

Så nå er eg i tenkeboksen. Til nå har eg likt å legga ut tøysete statusmeldinger på FB. Har prøvd med min form for humor. Syns det har vore kjekt om eg har fått tilbakemeldingar frå andre som har likt tullet mitt. Eller av og til på lørdagskvelden når rødvinen virka kan den sentimentalt årå slå inn. Det er då eg skrive om lykke og glede og mann og barn... Eller eg blir utslått når eg ser alvorlige program om nød og elendighet på TV. Får sei som Åge Aleksandersen: følelsan de slit i meg... I mitt liv har det alltid vore heilt eller ingenting, å le eller grina, hjerte/smerte eller nåke som likna på hat (huff).

Men nå er eg som sagt i tenkeboksen på om eg ska legga inn årene når det gjelde innslag på FB. Eg får bli ein av de seriøse som lika artiklar frå avisene, og gullkorn og litt koselige småfilmar om kattepusar. Nå ska ingen arbeidsgiverar søka på meg for å sjå om eg har nåken skumle interesser eller meiningar, så det betyr jo ikkje all verden om eg fortsette å skriva tull. Bortsett fra at eg kan bli oppfatta enklare enn eg lika...

Det blir vel litt som å slutta å røyka, litt abstinens i begynnelsen og så går det seg te...

Men bloggen vil eg ha.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar