onsdag 31. desember 2014

Den siste dagen

ja ikkje heilt bokstavelige. Det e den siste dagen i år. Det e nå me ska vurdera det som var, og legge planar for det som ska komma.

Vel, for min del har eg fått det beste eg kan tenkja meg i 2014. Eg e blitt farmor, og akkurat lika tussete etter barnebarnet som alle bestemødre. Det gir og forventning til året me går inn i.

Ellers må eg tilstå at eg ikkje har satt spor etter meg i 2014 heller. Det går helste på jabnå..... Eg slite med å ta di rette valgå, og har nå lese i avisa at all den vinen eg kosa meg med i løpet av året har gitt meg 10 kg ekstra... Då har eg jo ein mulighet te å velja vekk vin mot vann. Men ka skjer med dei kilo som allerede e der? skaden har jo skjedd... Og det e jo ikkje bare vinen. Den feite osten som eg putta inn i mellom vinglaså e jo og nåke forderveligt. Men eg helle føre øyrene og lukka auene for det som betyr at eg må ofra av egen komfort for å oppnå et ønska resultat.

Men det e det så e det fina med et nytt år: me kan starta på nytt igjen, begynna med blanke ark. Eg har masse planar. Det goda med meg e at eg legge planar for Ernst og. For ei kåna han har! eg planla i fjor at han sko pussa opp et soverom i 2014. Nå i slutten på året har han jaffal begynt å rydda ut, så då  e det ein mulighet for 2015. Det e godt nok. Og så e det jo nok av andre muligheter for å aktivisera han. Ikkje alltid han e enige... Men visst eg e litt greie, så e han greie - og då går det stort sett bra.

Nå må me begynna å planlegge ferien for 2015. Der e det Ernst som står for planleggingå, for tålmodigheten min helle ikkje når det gjelde å lesa i timevis på nettet. Eg e meir den typen som utføre oppdraget eg har tenkt, og ferdig.... Og så e eg goe på treging ittepå. Men kjekke feriar har det blitt, bortsett frå turen til Sirdalen i fjor påske, der eg plutselig låg med føtene i været og bekkenet i to delar.

Motgang gjer sterk har eg høyrt. Siden eg ikkje e spesielt sterk, så har eg vel ikkje hatt motgang. Det stemme for såvidt.

Nå ska eg snart starta med det siste måltid i 2014. Ska kokkelera det besta eg kan. Så e det bare å håpa på at den forvokste hønefileten blir av ypperste klasse. Hjelpe med goe vin te... Det e ikkje 2015 ennå...