onsdag 31. desember 2014

Den siste dagen

ja ikkje heilt bokstavelige. Det e den siste dagen i år. Det e nå me ska vurdera det som var, og legge planar for det som ska komma.

Vel, for min del har eg fått det beste eg kan tenkja meg i 2014. Eg e blitt farmor, og akkurat lika tussete etter barnebarnet som alle bestemødre. Det gir og forventning til året me går inn i.

Ellers må eg tilstå at eg ikkje har satt spor etter meg i 2014 heller. Det går helste på jabnå..... Eg slite med å ta di rette valgå, og har nå lese i avisa at all den vinen eg kosa meg med i løpet av året har gitt meg 10 kg ekstra... Då har eg jo ein mulighet te å velja vekk vin mot vann. Men ka skjer med dei kilo som allerede e der? skaden har jo skjedd... Og det e jo ikkje bare vinen. Den feite osten som eg putta inn i mellom vinglaså e jo og nåke forderveligt. Men eg helle føre øyrene og lukka auene for det som betyr at eg må ofra av egen komfort for å oppnå et ønska resultat.

Men det e det så e det fina med et nytt år: me kan starta på nytt igjen, begynna med blanke ark. Eg har masse planar. Det goda med meg e at eg legge planar for Ernst og. For ei kåna han har! eg planla i fjor at han sko pussa opp et soverom i 2014. Nå i slutten på året har han jaffal begynt å rydda ut, så då  e det ein mulighet for 2015. Det e godt nok. Og så e det jo nok av andre muligheter for å aktivisera han. Ikkje alltid han e enige... Men visst eg e litt greie, så e han greie - og då går det stort sett bra.

Nå må me begynna å planlegge ferien for 2015. Der e det Ernst som står for planleggingå, for tålmodigheten min helle ikkje når det gjelde å lesa i timevis på nettet. Eg e meir den typen som utføre oppdraget eg har tenkt, og ferdig.... Og så e eg goe på treging ittepå. Men kjekke feriar har det blitt, bortsett frå turen til Sirdalen i fjor påske, der eg plutselig låg med føtene i været og bekkenet i to delar.

Motgang gjer sterk har eg høyrt. Siden eg ikkje e spesielt sterk, så har eg vel ikkje hatt motgang. Det stemme for såvidt.

Nå ska eg snart starta med det siste måltid i 2014. Ska kokkelera det besta eg kan. Så e det bare å håpa på at den forvokste hønefileten blir av ypperste klasse. Hjelpe med goe vin te... Det e ikkje 2015 ennå...

tirsdag 22. april 2014

Funksjonsnedsettelse

Det har eg nå. Det vil vara nåken veker. Det vil halda hardt for meg å klara dette uten å gå frå konseptene.

Nå, når eg kan ligga på sofaen og lesa gode bøker har eg ikkje lyst å lesa bøker.... Hæ!!!! Ikkje har eg oppdaga nåken goe repriser på TV heller.

Åja, eg vett at detta e syt. Men eg har jo mista kontrollen i heimen. Fekk nettopp installert et høgt toalettsete for å gjera det meir behagelig når eg ska på do. Det har vore ein lidelse å senka seg ned på skålå. Og eg må tilstå at det har gått gale og. Men det eg tenkte på når toalettsetemannen var her: oj, er der reint på do?????? Eg hadde ikkje kontrollen. Og detta e bare begynnelsen.

Eg har  ein rullestol til disposisjon. Heldigvis. Men eg dunka borti det mesta på mi ferd. Eg kan kjøra inn på kjøkkenet. Har klart å vaska over benkene. Men eg må jo ha hendene fri for å snurra hjulå. Lite eg kan bera med meg. Har mobilen i ei taska rundt halsen.... Livsviktig redskap. Eg har opplevd å ikkje nå den. Krise!!!

I alle andre rom er der dørtersklar. Kjeme ikkje øve dei. Då e det å klatra med krykker. Eg kjenne at eg får trimma armmusklane. Det kan trengast.

Husmorå i meg grine, men det er bare å akseptera sakens fakta. I dag er det kjøttkaker frå Fjordland på menyen. Viss Ernst kan hjelpa te med å få varma det opp. Vaskelig å gå på krykker og halda middagstallerken samtidig.

Må sei at dei med varig funksjonsnedsettelse har min store respekt. Dei syte ikkje, men kunne ha gjort det.

onsdag 22. januar 2014

Et liv i endring

Ingen ska sei at eg aldri prøve nåke nytt. Det gjere eg nemlig heila tiå. Prosjektene mine e dessverre av kort varighet som regel. Det kan jo væra for at det dukka opp nye og meir interessante ting, eller at eg går leie. Det er ca 50/50 fordelt.

Eg e jo kommen et stykke opp i årå. Kroppen lystra nåke seinare. Når eg ska ned på kne må eg først legga meg strekk ut på golvet for så å komma i posisjon. Grassat trøttande når eg ska vaska under spisebordet....men me finne våre teknikkar. Når eg ska opp igjen må eg finna nåke så eg kan dra meg opp itte. Når eg ska knyta sko, må eg løfta den eine foten opp te kneet, mens eg støtta meg opp itte veggen. Litt trøttande visst der ikkje e vegg. Stort sett klare eg meg godt.

Men så e eg og periodevis ganske stresste. Det skjer jaffal viss ikkje Ernst gjere det eg har tenkt han ska gjera. Elle visst nåke sko skje sånn at eg kjeme for seint. Eg hata å komma for seint. Elle visst eg gløyme å gjera nåke eg har lovt. Då blir eg stresste! Eg blir jo periodevis stresste på arbeid og. Då ser eg ganske lidande ut, for ifølge mine kollegaer har eg et sterkt kroppsspråk.

Så derfor har tanken på ny livsstil streifa både titt og ofte. Men eg vil helst endra stilen uten for masse kav og stress. Eg blir lett sleten. Løye med det. Eg sete stort sett på rumpå heile dagen, bortsett frå år eg kvile på sofaen. Men nå har eg spasert på arbeid i tri dagar!!!!!

Og så e det jo dessa ekstra kiloane som stresse meg. Men eg har ein fryktelige uvilje mot å eta mindre. Eg syns mat e fantastisk. Og siden eg heilt sikkert har brukt opp to tredjedeler av livet e det jo fryktelig visst den siste tredjedelen ska væra uten mat. Men eg har ikkje slått i frå meg den der 5:2 greiå. Og eg har fått kokebokå. Det va ikkje åke å skryta av forresten. Ein masse oppskrifter med sånn så me ikkje ete: spinat og lignande....

Eg bestillte meg ei lydbok med meditasjon. Syns eg fekk det godt te den første gongen eg lågpå sofaen og mediterte. Den andre gongen va ikkje så god, og så lei det ikkje meir....  Kan godt henda eg tar det opp igjen.

Men NÅ har eg funne ut av det: eg har starta med yoga og mindfullness. Eg trudde me bare sko ligga på golvet med teppe på oss og høyra på panfløytemusikk og bølgeskvulp. Men der tok eg feil altså. Det va bøy og tøy så musklane mine på innsida av alle slags sider skreik om hjelp!!!! Men nå TRUR eg på dette altså. Og siden me helst ikkje sko eta den siste timen før yoga'en, så lure eg på om det kunne passa med ein av dei to på onsdagen. Så me ska ikkje sjå vekk i frå at eg tar fram igjen ideen om 5:2. Då kan eg slå to floger i ein smekk. Eg får rydda i sinnet, strekt på musklane og blir tynne.

Eg har tru på at 2014 blir et flott år. Kanskje kan eg få kjole som går inn i livet dennå sommaren. I så fall ska den væra raud.