mandag 28. september 2020

Kos har du det? Verkelig???

 Me har mange roller, de fleste av oss. Og me svitsje frå den eine til den andre uten å merka det sjøl. Men eg var ein person på jobb, andre kvaliteter heime, og annleis med barnebarn eller venner... Selvfølgelig ikkje store endringer, men nyanser.

Eg vett ikkje kaffor det er blitt sånn. Me er oppdradde til å visa fram søndagssidå, iallefall me som har levd noen år. Og det er sikkert rett. For dersom heile følelsesregisteret skulle ta overhånd i kvardagen, ville det blitt vanskelig.

Ei venninne av meg seier ofte at alle har ein stein på trappå. Eg meine det hette «har ein stein i skoen». Uansett, så betyr det at me har nåke som verke, og som kan væra vanskelig å snakka om og vanskelig å leva med. Eg googla litt om denne steinen, og der kunne eg funne mange innlegg. Eg valgte et lite utvalg av kaffor me ikkje gjer nåke med det:

  • Det er for ubehagelig å ta tak i det.
  • Dagene bare går, har ikke tid.
  • Det koster for mye, vi har ikke råd.
  • Eller, vi vet ikke hvordan vi skal ta grep som kan hjelpe oss.

Men treffe me ein kjenning i dørene på Extra ein dag me slite med vansker, så seie me hei, takk bare bra, og passere med oppovermunn. Men det skulle tatt seg ut å svart at livet er fælt og problemene aukar. Ein kan ta opp vanskelige tema med venner, men det må ikkje ta overhånd i vennskapets navn. For det er krevande å væra vennen som tar på seg, eller del i, andres problem. 

Og så er det dei som står opp og seie fine ting til seg sjøl i speilet... Det funka ikkje på meg, eg vett ka tid eg lyge... Men me må jo alle jobba med oss sjøl når me går lengre og lengre ned i myrå. Det har aldri nytta å gi opp. For nåken hjelpe det å gå tur i naturen. Det er fint å bare nyta landskapet og prøva å sortera ut tankane. Kanskje me skulle fått ny hobby? Lediggang er ikkje spesielt bra når tunge tankar overtar. Eg har og prøvd psykolog. Det kreves mye når ein ska åpna den innerste lukå i hjerta eller sinnet. Eg trur ikkje eg klare det. Og når psykologen, som var i alder småbarnsfar, og kanskje hadde hatt ei våkenatt, då gjespa. Vel, då ramla alle lukene ned hos meg. Eg var på vei til å få ut mine innerste tankar, og så var det så lite interessant... Det blei vel ikkje mi greia det.

Me får vel alle prøva å la steinen i skoen  gjera minst mulig skade. Det lar seg gjera. Og heilt sikkert er det at etter regn kommer sol!

Så fremdeles: hei, lenge siden... kos går det med deg? Jo takk, litt opp og ned...

onsdag 9. september 2020

Badekaret

 Eg har lenge drømt om badekar. Spesielt når musklene i kroppen skrik etter helbredelse. Me heiv ut karet for mange år siden, og eg har kanskje laga meg for mange fantasier om det.

Eg ønskte meg et bad i kjellaren. Har sett for meg sånn et magasinbad. Badekaret skulle ha form liggande båtis. Stå litt frekt utpå golvet. Høge lysestaker og lyslykter fint plassert i nærheten. Grøne planter... Blanke dusjvegger i ei gode og fine dusjsone og do med innlagt vannsprut. Drømmar er gratis. Og Ernst ville helst at det bare skulle væra drømmar. Han har estimert pris til meg, og dessverre ville me då brukt opp dei pengene me skal ha til sus og dus.... Eg hadde ei tru på at han kunne ordna det sjøl, nesten gratis. Men eg må bøya meg for dyre elektrikarar og rørleggarar.

Så då var det bare å fortsette i dusjkabinettet ei stund til. Me har husbankbad - sånn ca 2,7 x 3 meter. Men som den gode ektefellen Ernst er så søkte han løysning.

Svaret blei badekar og dusj i ett. Dette var innenfor vårt budsjett, og blei bestilt rett før Koronaen kom til landet. Og første utgave blei levert midt i juli. Delene passte ikkje. Neste levering i slutten av august. Delene passte ikkje. Men med litt hjelp fra leverandør, litt saging og skjæring så blei installasjonen ferdig montert i går.

Så nå har me badekar med rom rundt. Nye hyller og skap der det er mulig. Me skal ikkje ha utstillingslokale, så eg var kjempefornøyd.

Tiden var inne til å skrida oppi. Eg hadde reint gløymt at eg var 67 år, og ein del stiv i leddå. Det var et hekkan å komma seg oppi. Og når eg vel var plassert kom eg på at eg måtte reisa meg opp igjen for å skrua av vatnet. Kranen blei betjent på dusjveggen.

Eg skrudde av før eg egentlig hadde ønska vannmengde. Det var jo gruelig bra, for eg hadde heilt gløymt Arkimedes lov. Når eg til slutt klarte å setta meg nedi igjen steig vatnet den «unnatrengde væskemengde« Heldigvis er karet djupt sjøl om det er kort. Det var ein nytelse å meditere i badekaret. Hadde hatt av det nya badesaltet som dessverre lukta blått Plastikksnop... og så var det kampen for å komma seg opp igjen. Det er ingenting å halda seg i, for dusjveggen er oppå karet. 

Eg ønske ein tau frå taket. Kunne jo pynta med ei lyslenke...

Men framtidå vil visa om dette er lurt, eller om me har sløst vekk  på drømmen min.