torsdag 25. januar 2018

Ska me invitera nåken folk til helgå



Kos kan det ha seg at det er så vanskelig å invitera gjester?

Mange ganger har eg vore i stovå mi ein fredagskveld og uttrykt at eg er så fornøyd med livet. Kunne me bare kost oss med fleire!. Sjølv om eg har ei stova som ikkje er avbilda i Bonytt, eller utmerka seg på andre måtar, er det sånn eg lika det. Kunne selvfølgelig ønskt meg nye spisestuemøbler... og nye ovn, og ditt og datt. Men det er bare staffasje. Og spesielt i denna mørka årstiå vise ikkje sleten parkett og litt gulna tak. Med nytende stearinlys og fyr i ovnen er det ordet kos eg tenke på. Sånn lika me det! Og då hadde det vore kjekt med lag..

Så er me her då. I kvar vår ende av stovå. For eg ligge på sofaen og ser på det eg vil, på mitt TV. Han sitte i stresslessen sin og ser på sitt TV. Me har vore gifte i over 41 år, og me øvde litt før det, så det er ikkje alltid me trenge sei så møkje.... Så då er det godt med to TV i stovå. Trenge ikkje sloss om fjernkontrollen. Det fungera på samme måten som å arbeida i åpent kontorlandskap. Og Ernst er tunghøyrte i tillegg.. Det er ca 4 meter avstand så me kan kommunisera. Og det hender me sette oss ut i vinterstovå og den er uten TV, men har radio med mange gode musikkanaler.

Men det hadde jo vore kjekt med litt gjester av og te. Kaffor er det så vanskelig å invitera venner på besøk? Våre venner er jo bare kjekke folk. Men det er den maten....

Til eldre eg blir, til meir prestasjonsangst gir maten meg. Heilt idiotisk. Men sjøl svigermor mi som er et fantastisk matmenneske stresse litt når hu ska ha gjester....

Eg er ikkje så værst på å laga mat. Så egentlig skjønna eg ikkje heilt ka eg er redd for. Fint med den der kompisen Google. Han hjelpe med oppskrifter med forskjellige vanskelighetsgrad. Menyen kan bli etter ka som er nedsatt med 40% på Extra. Men det sette seg ofte ein nisse på skulderen som minne meg på at det lett kan bli mislykka, at folket syns det er for lite eller for masse krydder, at dei ikkje lika sånn mat...... Javel då, ikkje vits i å prøva i dag...Det er kaker eg slite meste med. Og her på Jæren ska det alltid væra kaker etterpå....

Eg bruka fleire dagar når eg ska laga ei kaka. Det må taes frå morgenen av. Kanskje botnen ein dag, og krem og pynt et par dagar etterpå. Eg må ha stillhet og sympati. Då nytta det ikkje sånn som eg opplevde frå min bedre halvdel ein gong eg hadde streva meg fram til ei firkløverkaka. Eg hadde ikkje snakka på mange timar, og skuldrene var på høyde med øyrene. Då seie Ernst: ska du ikkje ha pynt på sidene? PÅ SIDENE? Eg kunne drept mannen. Gjestene var rett rundt hjørna og eg var knust. Vårherre utstyrte meg med følelsar. Så eg for på do, la ned dolokket og grein meg raudkanta.

Men eg er jo født i det århundre me sko oppføra oss, og eg tok meg isammen. Gjestene likte kakå, og det gjekk godt, den gangen og.

Men ka er det med det at eg ikkje invitera gjester for eg får prestasjonsangst for maten? Eg syns alt eg får sjå andre er godt. Det behøve ikkje å væra så avansert. Steikte pølser og pommes frites frå frysedisken er knallgodt. Jaffal viss eg får sterke sennep til. Kaffor må eg ha lammeskanker med kvitløksmariade og forrett og dessert, - litt overdrevet - og den der helsiken# kakå? Det er jo bare i mitt håve.

Det som er kjekt er jo å sitta å snakka og å kjenna på god atmosfære. Er det maten som er det viktigaste får me gå på restaurant...

Men har me vunne over matangsten så er reingjøring neste skritt. Hallo, me er to stk i husholdningå her. Det er jo ikkje så masse drit. Men plutselig åpenbares det seg et spindelvev på murtavlå. Ikkje godt å veta kor lenge det har vore der. Men eg er sikker på at alle ser det... Spinnekjærringar har detta huset som base. Klart det kan finnast plasser der vaskefillå kunne ha vore innom. Men det er ikkje sånt eg sjøl ser etter hos andre, og folk er folk - nokså like.

Men eg er pensjonist og bør ha all verdens mulighet til å invitera gjester. Nå er eg kommen der at når Ernst bare blir pensjonist blir det enklare. Sjøl om hans signaturrett et hardkokte egg. Og han er ikkje brukandes til å dekka bord. Men eg kan bruka han til moralsk støtte, og til å gjera ærend.

Kanskje eg bare skal sleppa kontrollen. Leva litt som eg gjorde i ungdommen. Eg var 16 i 1968 og likte hippifilosofien. Eg var litt av et syn i rosa bukser - wide from here to there -. Kolsvart farga hår og masse perler rundt halsen - og passelig nærsynte. Eg måtte gå med briller etter at Ernst tok meg i å helsa på treå utføre handelslaget her på Varhaug. Var litt eldre då. Den gongen var eg og ei ihuga raudstrømpe... Ser jo at det har gått mange masker i sokken siden den gong.
Men i ungdommen trudde eg at eg beherska livet, og at dei gamle foreldrene mine ikkje forstod nåke. Mor mi var 36 når eg var 16 og verdensmester.... Hu syns ikkje eg var fine i heimafarga bestefarsskjorter.

Sånn har det vel alltid vore. Hadde det ikkje vore for ungdommen med alt vettet, hadde livet stått stille. For jo eldre me blir jo feigare blir me. I gamle dagar når me serverte skinka frå boks og frosne grønsaker, heimelaga remulade og ripsvin var det akseptert. Me koste oss og det var godt og.. men den vinen hadde eg ikkje drukke i dag. Skulle det væra ekstra raffinert var det nåke som hette lørdagskylling... Det kunne me handla om me hadde råd til ein opp/ned tur med Danmarksbåten.

Ja mimra om gamle dagar har alle generasjonar gjort. Eg vil tilbake til den tid` me stakk innom kvarandre. Gjedna litt seint på lørdagskvelden når ungane sov. Så kjekt det var! Uhøytidelig og godt for sjel og sinn. Det var uten matpress, me hadde nok med ei skål med franske. Kanskje et slet neste morgen når ungane livna til. Men nougattisjeva og TV3 redda mang ei morgenstund. Dette var når TV3 blei formidla via Høg- Jæren, men tegneseriene var grei nok underholdning

Men då lure eg på: er det nåken som vil stikka innom ein lørdagskveld så hadde det vore kjekt. Eg har et par Grandiosa i fryså....