torsdag 26. mars 2015

Når nåke er annleis

Eg har skreve ord i ny og ne om mine kvardagsopplevelsar.det er meint å væra humoristisk og ikkje særlig høytideligt.

Men så er det sånn at alle dagar e ikkje lika gode for meg heller. Akkurat nå slite eg med et sår på sjelå.  Kvar gong eg får ei lita skorpa på såret så klara eg å riva den av igjen. Håvet er som ei kvern der alle vonde tankar må igjennom. Det som kjeme ut ligge som ein tunge ball i magen. Når ballen passere tårekanalane så blir det fullt trøkk der. Så når eg er ute blant folk passe eg på å flekka tenner så eg ska sjå så normale ut som mulig. Det kreve ein utrolige innsats, eg e jo ikkje aleine i denne verden som har rifter på sjelå. Men di fleste av oss vise det ikkje fram elle skrive om det. Eg er enten modig eller dum.

Plastert som hjelpe er godhet og omsorg og forståelse. Eg har heldigvis goe mann og ungar og gode venner som utrulig nok ser nåke godt i meg uansett.

For når kvernå har jobba lenge nok så er sjøltilliten vekke og egenverdien er langt under null.

Men nå er det snart påsketur for oss. Då treffe me nye flotte folk som kan få fram glede.
Dette var jo masse sørgelige, men det er vel få av oss som leve et liv uten humpar  i vegen.

Ein ska ikkje sjå vekk for at det blir et stort glas rødvin på meg i neste kapittel

fredag 6. mars 2015

Me eldre

Eg har vore på et heildagsopplegg for å læra om mine rettigheter som eldre - senior- kalles det. Det va et flott opplegg. Eg har lært masse nyttig.

Sjølfølelsen vaks mange hakk når me fekk høyra kor goe me gamle egentlig e. Sko ønskt det hadde vore nåken sjefar der og fått tak i den informasjonen.

Eg fekk mange aha opplevelsar. Ka ska dagane fyllast med når me ein gong står der og kan disponera heile fritiå? Den dagen me ikkje har kollegaer å diskutera, krangla eller le med?

Eg stille jo dårlig som ikkje kan strikka elle baka. For sånne som meg kan det enda opp i alkoholisme og det som værre er... Alle har jo fått med seg min hang til rødvin...nei eg får henga med te den bitter end for å sikra ein edru alderdom. Dei tre, fira vekene eg trenge te å rydda på loftet tar jo ikkje heile pensjonisttiå mi, og pensjonen strekke ikkje te til å henga på M44 heile vekene.

Her på Varhaug har me jo ein pensjonistforening som plukka søppel itte den forderva ungdomsgenerasjonen. Eg kan melda meg der. Og så har eg meldt meg inn i bygdekvinnelaget. Det gjere meg litt sånn vaksen og ansvarsbevisste syns eg.

Heldige Ernst som har meg te kåna. For eg har laga masse planar for han. Blir ikkje problem å fylla dagane. Han ska pussa opp soverom og laga skap og masse aent snadder. Eg ska jaffal laga middag te han, sånn at eg helle han i passelig godt humør. Eg kan dessverre ikkje være med på oppussingå, for då ryke me ihop. Me arbeide itte kvar vår filosofi: Ernst jobba nøyaktig og eg jobba fort....

Lure på om det e derfor det ikkje e tema for han å slutta på jobb?

Det finnes ikkje nåken konklusjon på detta. Eg får ta ein dag om gangen. Plutselig går eg igjen i Sr Bank, elle så ser eg ka eg kan brukast te og starta med nåke heilt aent. Kanskje eg kunne vore selskapsdama elle nåke sånt. Det må ikkje væra fysisk anstrengende, for formen e elendige. Trening e forresten nåke eg ska starta med når eg pensjonere meg. For i dag så de at det va aldri for seint. Og så e det så viktig!!! både kropp og håve må haldast i orden.

Men eg trur Ernst og eg ska kosa oss som pensjonistar ein gong.