torsdag 15. mars 2012

Frisk eller sjuk?

Vel, det ska jo vara muligt å kjenna på skrotten om ein e frisk eller sjuk. Men så e det sånn at når ein e usikker på om det e nåke så e spinngale, elle om det e reinspikka hyponkonderi, så kan alt skje.

Sjøl har eg hatt antydningar i lang tid på at håve ikkje va heilt godt. Det har kanskje dei rundt meg funne ut for lang tid siden, men ...

Eg har då sett for meg et utall av scenario: Ernst så leve de glade dager på forsikringspenger itte meg. Det hadde han for så vidt fortjent, for han har jo hatt sine utfordringar med meg i livet. Det var jo ikkje det værsta då. Men eg e ikkje klar for det ennå.

Men e me sjuke, så må det doktor te. Kjenne dåke te ka så skjer itte me har bestilt legetime? Det e heilt forbannt. Når me endeligt har fått summa oss te å bestilla denne timen, så forsvinne alle vondtane. Dette skjedde jo med meg. Eg føle meg som ein idiot der eg sete friske og goe på venterommet i lag med dei med krykker og plaster og hoste og alt så e. Tenkte et øyeblikk på å stikka av, sånn at de kunne få komma te dei så trong denna helsetenesten. Men me e jo godt oppdradde, så eg venta på innkallingå.

Vel inne sjå doktoren gjorde eg det lett for han: eg forklarte symptomå, og så fortalde eg han også at det egentlig ikkje va nåke å bry seg om, siden eg å hadde komme på ka så hadde gitt meg vondtane og kos me sko helbreda di. Det må jo vara greit for fastlegane å få litt enkle pasientar å ta seg av og. Nå ska seiast at han va medfølande og hadde forslag til løysningar så sikkert e gode. Og ikkje sa han at eg va ein tosk heller ... Men eg kjenne litt håveverk nå ...

Men kaffor e det sånn atte me blir friske når me har fått bestilt den timen hos doktoren????

tirsdag 6. mars 2012

Tur retur Ølen

Søster mi og eg har vore hima. Ja, me skulle i begravelse til vår gamle tante. Kunne selvfølgelig vore ein kjekkare anledning. Men hu sovna inn etter et langt og godt liv, så det føltes ikkje så trist allikevel. .... Og me fekk treffa mange søskenbarn me sjelden treffer ellers.

Men så er det dei verdensvante Roa-søstrene så e ute på tur. Det starta roligt. Selvfølgelig var eg ute i god tid - for sikkerhets skyld. Me kjørte roleg mot fergå så sko frakta oss over sjøen. Nåke av samtaleemnet var "tru om me må i kjellaren?" Kjellaren er altså botnen av fergå, og der vil me ikkje - uvisst kaffor. Rommet der er egentlig ikkje skumlare enn dekket på oppsidå. Men det er opplest og vedtatt. Men me måtte i kjellaren.... Eg dro håndbrekket godt te og sjekka fleire gonger at bilen var låst, og så sleit me oss opp i salongen. Det bar et par trailersjåførar,nåken turistar og me ... Der sete me og ser ut som om me slappa av, men med ein gong me høyre ei stemme på høytalaren så skvette me opp som to kaniner or ein hatt. Stemma ville bare fortella dei så ikkje hadde kjøpt billett kor dei sko kjøpa han. Så me sette oss ned igjen, litt forlegne. Ingen andre hadde reagert ... For å væra heilt sikre på at me nådde ned på nedre dekk i tide gjek me ned i gangen så tidlig at døra ikkje eingong var opplåst. Så stod me der, og lest som ingenting ..

Vel inni bilen blei håndbrekket løyst litt, eg skrudde på tenningen - for Ernst har sagt at bilen må glødast før eg starta han. Men etter ei stund, når eg innsåg at me var midtfjords - blei eg redd for batterikapasiteten og skrudde av igjen. Etter det hadde eg auene festa på andre bilar sit baklys. Eg var klar når den første bilen skrudde på tenninga. Turen av båten gjekk uten problemer.

Men så blei me liggande bak et segalår (Vikebygduttrykk for somlepave). Detta fekk oss til å snakka høgt og tydeligt om sånne bilistar i trafikken. Så snart eg fekk ein tjangs så ronga eg bilen øve doble gule striper, og nåken striper som var på skrå. Men me kom oss forbi!!! og detta var MEG - eg såg låg itte ein 2cv på heile motorvegen te Stavanger eingong, for eg turte ikkje gå over i venstre kjørebane ... Framskritt, ville ungane mine ha sagt.

Begravelsen i Ølen var fin og verdig min gamle tante. Eg var glad for at eg hadde reist fordi mine slektningar satte pris på det, og det gjorde eg og.

Og så var det heimturen. Nå var eg jo ein meir dreven sjåfør. Rett før me kom til fergeleie, møtte me køen. Så å spørs det: når me denna fergå? Selvfølgelig, et segalår framføre nå og!!!! Nå kunne me ikkje kjøra forbi, men stresset tok oss!!! Kor e pengene, finn fram pengene!!! Nærmare og nærmare billettlukå ... I siste liten hadde me kontroll på kontantane. Då var eg ca ein og ein halv meter frå lukå, så me måtte strekka ut alt me hadde av armar både hu inni der, og eg. men me klarte det. Og då va det segalåre framføre - dei stoppte opp rett før de sko kjøra ombord. Men de klarte jo te slutt å siga ombord då. Bommen begynte å gå ned, og Marianne skreik: KJØR, KJØR, KJØR

Matrosen va ikkje imponerte. Segalåre va to damer på vår alder ( sko aldri hatt sertifikat)

Me klarte det