tirsdag 6. mars 2012

Tur retur Ølen

Søster mi og eg har vore hima. Ja, me skulle i begravelse til vår gamle tante. Kunne selvfølgelig vore ein kjekkare anledning. Men hu sovna inn etter et langt og godt liv, så det føltes ikkje så trist allikevel. .... Og me fekk treffa mange søskenbarn me sjelden treffer ellers.

Men så er det dei verdensvante Roa-søstrene så e ute på tur. Det starta roligt. Selvfølgelig var eg ute i god tid - for sikkerhets skyld. Me kjørte roleg mot fergå så sko frakta oss over sjøen. Nåke av samtaleemnet var "tru om me må i kjellaren?" Kjellaren er altså botnen av fergå, og der vil me ikkje - uvisst kaffor. Rommet der er egentlig ikkje skumlare enn dekket på oppsidå. Men det er opplest og vedtatt. Men me måtte i kjellaren.... Eg dro håndbrekket godt te og sjekka fleire gonger at bilen var låst, og så sleit me oss opp i salongen. Det bar et par trailersjåførar,nåken turistar og me ... Der sete me og ser ut som om me slappa av, men med ein gong me høyre ei stemme på høytalaren så skvette me opp som to kaniner or ein hatt. Stemma ville bare fortella dei så ikkje hadde kjøpt billett kor dei sko kjøpa han. Så me sette oss ned igjen, litt forlegne. Ingen andre hadde reagert ... For å væra heilt sikre på at me nådde ned på nedre dekk i tide gjek me ned i gangen så tidlig at døra ikkje eingong var opplåst. Så stod me der, og lest som ingenting ..

Vel inni bilen blei håndbrekket løyst litt, eg skrudde på tenningen - for Ernst har sagt at bilen må glødast før eg starta han. Men etter ei stund, når eg innsåg at me var midtfjords - blei eg redd for batterikapasiteten og skrudde av igjen. Etter det hadde eg auene festa på andre bilar sit baklys. Eg var klar når den første bilen skrudde på tenninga. Turen av båten gjekk uten problemer.

Men så blei me liggande bak et segalår (Vikebygduttrykk for somlepave). Detta fekk oss til å snakka høgt og tydeligt om sånne bilistar i trafikken. Så snart eg fekk ein tjangs så ronga eg bilen øve doble gule striper, og nåken striper som var på skrå. Men me kom oss forbi!!! og detta var MEG - eg såg låg itte ein 2cv på heile motorvegen te Stavanger eingong, for eg turte ikkje gå over i venstre kjørebane ... Framskritt, ville ungane mine ha sagt.

Begravelsen i Ølen var fin og verdig min gamle tante. Eg var glad for at eg hadde reist fordi mine slektningar satte pris på det, og det gjorde eg og.

Og så var det heimturen. Nå var eg jo ein meir dreven sjåfør. Rett før me kom til fergeleie, møtte me køen. Så å spørs det: når me denna fergå? Selvfølgelig, et segalår framføre nå og!!!! Nå kunne me ikkje kjøra forbi, men stresset tok oss!!! Kor e pengene, finn fram pengene!!! Nærmare og nærmare billettlukå ... I siste liten hadde me kontroll på kontantane. Då var eg ca ein og ein halv meter frå lukå, så me måtte strekka ut alt me hadde av armar både hu inni der, og eg. men me klarte det. Og då va det segalåre framføre - dei stoppte opp rett før de sko kjøra ombord. Men de klarte jo te slutt å siga ombord då. Bommen begynte å gå ned, og Marianne skreik: KJØR, KJØR, KJØR

Matrosen va ikkje imponerte. Segalåre va to damer på vår alder ( sko aldri hatt sertifikat)

Me klarte det

1 kommentar:

  1. herligt, Sissel - du e goe :-)
    Høres ut til å ha vært en kjekk tur til tross for ærende .....

    Tone

    SvarSlett