fredag 15. desember 2017

Snart jul





Detta skjer kvart år. Det blir 24.desember. Planen er å få til et inntrykk av kos, varme og lykke. Masse goe mat og alle er blide og glade.

Stress ned, seie de kloke. Og jul blir det uansett...

Den tiå der heila huset blir nedvaska er vel forbi hos de fleste. Nå fyre me med elektrisitet og lukka vedovn. Det blir mindre sot av det. Og golvene er av finaste parkett som meste ikkje ska sjå vatn. Tørrmopp og støvsuger feie øve golvene i full fart. Oppvasken blir vaska i maskinen. Til baking nyttast maskinhjelp som er så avansert at me må lesa bruksanvisninger lenge, for å kunna dra ut fordelene her.

Eg har litt fobi for bruksanvisninger. ... og visst eg bake blir det dei der som settes på plate med to teskjeier...

Og så har me alt me kan vinna frå adventskalenderane på Facebook. Alle firma med respekt for seg sjøl gir oss mulighet til å få flotte gaver om me bare klikker «liker» og skrive «God jul». At me i etterkant vil få tilsendt hav av reklame får me bare akseptera. Alt, for å vinna ting me ikkje har bruk for. Eg er i første rekke .....

Men me må ut på handling. Få heim julepynten som er siste mote i år. Er det kvitt, rødt eller gull som er på topp? Eg meina å ha fått med meg at det som var heilt minimalistisk er på vei ut. Ei forvridde grein med litt glitter på kan aldri erstatta minnet om dei flotte raude nissane frå barndommen. Nystrøkne dukar må bli klar - eller er dukar i bruk ennå??

I min kjellar er et utall esker med julepynt. ..Vel eg har julekuler frå raude, sølv og gull periodar... De får bare ligga.

Pyntingen skjer tidligare og tidligare kvart år. Før pynta me til advent. Lilla lys og julestjerner. Nå kjeme alt fram på ein gong. Juletrea har lyst i mange vindu alt frå 1.desember. Det er slutt på at treet blir pynta 23. og er klar til ungane står opp på julafta. Men det er jo heilt greit det. Kvar generasjon og kvar sin tradisjon.

Me trenge litt lys i denna mørka årstiå. Me blir litt gladere når me sette av tid til å gå på konsert med venner og kjære. Mange bestemødre baka kakemenn med barnebarn. Julesangene som spelast på radioen gir god stemning. Eg lure meg til å sjå Barne-TV i adventstiå.

Me treffe venner og spør om de er «klar» til jul. Ka er det så ska væra klar? Julemiddagen kan ikkje setjast på bordet før den 24. uansett. Og er spindelvevå blitt fjerna i starten på måneden må det ei lita helgaomveling til før dagen og ikkje vekeavis på førehand. Ungane gir me penger i julegave, fordi i dag har alle alt. Så då nytta det ikkje å satsa på at me treffe med DEN julegaven... Heldigvis har dei minste fremdeles stjerner og forventning i auene når de ser juletreet og pakkane under det.

Men jul gjer nåke me oss. Me har ei forventning til denne høytidå, glede oss uansett alder. Me får tid til samvær med våre kjære Det er viktig at ribbå blir med sprø svor, og at pinnekjøttet løsne frå beinet. Det ska væra lunt og koselig i stovå når Disney og Reisen til Julestjernen er på TV. Me bruka den snille stemmen og tar på kjole og pynta oss litt ekstra. Me trenge julå i denna mørka årstiå, på full fart mot et nytt blankt år.

Så då ligge eg her på sofaen. Det er full fart mot 3. søndag i advent.og eg er jo absolutt ikkje klar.
Eller er eg det????