lørdag 13. august 2016

Lørdagskveld

Eg lika lørdagskveldar. Det er mange forskjellige lørdagskvelder selvfølgelig. Det er festlige lag, familieselskap, fødselsdagsfeiringar og kveldar heime i egen stova. Dei siste er det flest av, og det er sikkert det beste.

Då kan me bare nyta at me leve. Me kan eta goe mat og goe drikka som me lika, eta snop uten dårlig samvittighet og snakka med kvarandre. Me kan sjå på dårlige TV program, duppa av litt i stresslessen før kaffien.

Det besta med lørdagskveldar er kanskje at me vett det kjeme ein søndag i mårå. Ein dag til uten "ska bare...".

I kveld tenke eg på veka som me har brukt opp. Jammen gjekk det fort. Eg kjenne at det slett ikkje er vanskelig å væra pensjonist. Det er et kjempegode!!!! Sykt godt, ville ungdommen sagt. Det er lett å læra å eiga tiå. Det er luxus.

Nå seie værmeldarane at me går i møte nåke godvær. Så fint å ha nåke å gleda seg til. Kanskje eg ska rydda litt i hagen om det skjer? Det blei jo ingenting av den ryddingå når det var vår. Mest for det eg ikkje var klar over når våren var. Og litt for det eg er lat.... Har lenge prøvd å testa ut eddik mot ugras.  Eddik er det siste vidundermiddelet mot det meste: ugras, vond lukt, flekker, pussemiddel sammen med salt.. vaskemiddel  til dusjen sammen med zalo - det er tidligare beskreve av denne skribenten .... Må tilstå det er enklare med dei ferdigkjøpte blandingane til bad og kjøkken og vindu og you name IT. Men så er det dette med miljø då. Spørsmålet mitt blir då: viss eddik drepe ugras kan det då væra miljøvennligt? Det er jo dødeligt for nåke... Eg heiv inn ei halve flaska i vaskemaskinen for den lukta så dårligt. Kjenne ikkje nåken forbedring så det kreves nok at eg tar reingjøring av den på ein annen      måte. Men eg og vaskemaskinen er ikkje venner, og så er den vaskekjellaren min så lite tiltrekkande, at eg velge å utsetta det. I beste fall går den sundt og eg må få ny. Dei nye pleie å væra reine i starten.

Nå kom eg ganske på viddene. Detta smakte ikkje av lørdagskveld.

Det er ganske godt med Opera Mint.