fredag 8. mars 2019

Ein heilt vanlig kveld

I vår heim er avslapning ganske høgt prioritert. Og det var ein sånn dag.... det var regn og surt, og det var mørkt ute. Eg tenkte det var på tide å kle seg i nåke meir komfortabelt - som de pleie i gamle amerikanske filmar. Nå var det ikkje akkurat baby doll eg hadde i tankane. Det var meir den gode følelsen å hiva bh-en, og gjer meg klar til hurtig retrett når det blei tid for å sova.

Ja så eg kledde meg om, i ei gammale utvaska t-skjort! Og ein raudrutete nedredel. Jysla komfortabelt.

Ernst fekk det for seg at han skulle i kjellaren for å testa tredemøllå. Den er forresten ikkje utsleten, eg har mange ganger tenkt at det kunne eg testa ut. Men eg er ikkje sikker på kor me slår den på... Men det betydde at eg låg i min vante posisjon - i hjørna på vinkelsofaen - koste meg med TV, stearinlyså og flammene i ovnen. Ein ganske alminnelig kveld altså.

Men så ringte det på dørå. eg måtte no ut å sjå, siden mannen hadde fått det for seg at han skulle i kjellaren. Han høyrte ikkje dørklokken.

Eg for ut, ikledd mitt lurvete nattkostyme. Uten bh, så alt dissa fram og tilbake som to blinklys til kvar si sida. Eg åpna døra, oh hang litt inn til sidå. Det var ein ungdom, som hadde tatt runden til Varhaug. Eg skulle til å avvisa han, før han fekk sagt et ord. Men så er det at eg har så stort hjerta: eg tenkte at dette er jobben hans. Eg får høyra ka han har å sei. Og han var kjempeflink. Kunne leksa si. Han ville at eg skulle bli fast givar til Amnesty. Vel, eg sympatisere med Amnesty - og han fortalde så rørande om folk som hadde havna i fengsel, tortur og huff. Og heila tidå måtte eg gi tilbakemelding på at eg skjønte ja han sa.... Så hærlige. Klart eg skulle bli fast givar. Han prøvde og med litt komplimenter..... det kan han øva litt meir på. Det er grenser for ka ei dama på 66 i utslte nattøy trur på. Ja, så nå gir eg til dei og. Eg har SOS barnebyer, Kirkens nødhjelp, fjernadopsjon i Korea og sikkert et par til... Så eg er hu som får dårlig samvittighet når eg avvise Jehovas vitne, dei døve og stumme med forsørgeransvar i Jugoslavia og ungar som frys... huff... skulle gjerna redda heile verden. Men lommabokå er ikkje stor nok.

Nå får eg ikkje håpa at eg blir underholningsinnslaget til julebordet for desse ungdommane neste år.men de møte nok litt av kvart. Neste gang det ringe på døra ein kveld så får eg vurdera om eg ska åpna. Kjentsfolk går jo inn av seg sjøl... Men det kan jo væra ein ukjent millionærslektning frå Amerika som vil sjå meg før han skrive testament. Eg lar ikkje den sjangser gå ifrå meg.

Vel, det gjekk godt. Det gjorde det den gangen eg for ut i bobilen i bare truså og. Skulle henta ein paraseth. Rekna med at naboane har anna å sjå på. Men det kan jo forebygge for masse kakespising om de skulle kikka til sides.