torsdag 20. juli 2017

Ferieslutt

Eg e litt leie av ferie nå. Har ete litt for mange lakris, litt for mange sjokolader og litt for masse vin. Er egentlig forsynt.. Men nå dryppe det frå himmelen og. Gjere nåke med motivasjonen. Me har nettopp ete ein masse goe grillmat og skrotten er fornøyd. Slappe av i horisontalen nå og me vente på besøk av venner frå Varhaug. Då tenke eg at eg klara et par dagar te..,

Men det e løye med det. Tenkte i dag at det var vær til å vaska vindu heima... Det må væra husmorå i meg...

Nå er me i Tønder. Liksom ein plass me kjeme tebake te. Masse goe sko å få kjøpt her. I mårå love di sol. Då e det å traska i gatå på jakt itte kupp. Men det e ikkje samme iveren itte ein goe handel på slutten av ferien.

Egentlig godt at me e skrudde isamen sånn at nok er nok av og te. Eg er meste på haust i tankane. Trenge  nye potteplanter og meir stearinlys... og så får me eta opp det som er i fryseboksen. Har brukt altfor masse penger denne ferien og.... Men det er så flott "å spise på hotellet" som far min alltid sa. Litt luxus i kvardagen er påbudt!!!

Ferga til gamlelandet på onsdag. Blir godt ..

lørdag 15. juli 2017

Ut på tur, aldri sur

Så er årets happening igang. Ferien. Me surra litt rundt i Lillesand de første dagane, og tok ein avstikker til Telemark for å sjekka opp dei gamle båtane i kanalen. Me hadde godt lag og koste oss. På tirsdag hadde me billett til Danmark. Det er et deilig ferieland.

Det starta jo bra. For å sikra oss sitteplass i kafeen blei Ernst sende avgårde så snart me var ombord. Med min pustekapasitet har ikkje eg nubbesjangs å finna ledige plasser. Det er meste fyr i lungene når eg når toppen. Og ja, eg SKAL starta opptrening....

Denne gangen lurte eg meg inn i heisen, for det var ingen som såg det. Me hadde og gardert oss ved å kjøpa sittestolar øverst ein plass. Der kan væra godt å slappa av før me er framme. Denne gangen var det fullt av ungar som var høge på snopet frå taxfree'en.... Sendte ein vennlig tanke til foreldrene, og huska delvis kos me hadde det for omtrent 30 år siden.

Været var flott, og forventningene høge. Turen gjekk fort. Når me nærma oss land var det å følga køen i trappa i god tid før de låste opp dørene til dekk. ...og så - der låg Signe i ein haug. Som ein sekk poteter. Eg kjente magen kjørte heis på innsidå. Men så er det den delen av meg som oppdragelsen har gitt meg: for all del - ikkje stikk deg fram. Eg ville ha henne opp og ut, så ingen skulle legga merke til oss. Eg er oppdradde i husmannsånd. Kjenne meg igjen i Prøysen si dikting.  Hu hadde det fryktelig vondt, og eg tenkte mest på at me måtte komma oss til bilen, så me var klar når me skulle kjøra ut. Og at me ikkje var til heft for nåken. Ernst er meir brukande i kriser. Ikkje løye hu heller vil ha med faren ...

Vel, me tok ansvar og reiste til sykehuset i Århus. Eg er imponert over servicen i det danska helsevesen. Lege, røntgen, svar - det gjekk på løpende bånd. Men det er større problema få satt i frå seg ein campingbil på over 8 meter. Men me brukte litt mange p-plasser, nødblink, og håpa at den gule bilen med krane som me hadde observert, ikkje ville væra for ivrig i tjenesten. Det og gjekk godt.

Så nå set me her på bobilplassen. Det er ein fredelig plass på jord. Ei fantastisk småbåthavn. Hovedsakelig seglbåtar, men og store båtar uten segl. Her er fleire restauranter, iskrembarer. Me har tatt det med ro, siden Signe er litt lite bevegelig. Men her er alt me trenge så ka er naudå då.  Eg har lese ut fleire bøker, fått masse frisk luft, sove godt og sølt et rødvinsglass i sengå. Sånn går det når eg prøve på multitasking: lesa ei bok, sjekka snap chat og drikka vin samtidig.  I dag tok me taxi til Århus og humpa rundt litt inni der. I mårå er det avgårde til neste plass. Og er me heldige treffe me på nåken kjekke Ølensbuar som befinne seg i området her.

Såå håpa eg at lakenet blir tørt til eg ska sova. Vanish og rask reaksjon kan ha redda oss frå å ligga på rødvinslaken i nått. Madrassen har eg snudd. Eg har fått forbud på å fortsette med den risikosporten i sengå i framtiå. Men kaffi VIL eg ha her om morgenen, uansett.