tirsdag 29. desember 2015

Nye muligheter

Eg har alltid likt sangen om blanke ark og tegnestifter. Den gir håp til forandring og forbedring. Når me nå snart går inn i nytt år så er det som ein nye start. Eg har ingen klare mål eller planar, men eg kjenne på ein lengsel etter nåke nytt. Og då meine eg ikkje nye skåler eller middagstallerkener... Sjøl om eg e goe på å svi kort på allslags unødvendige greier. Eg e litt stolte av meg sjøl for eg var på M44 første kvardag etter jul uten å kjøpa ein einaste ting! sjøl om det var 50% på ein masse stasj.

Itte så mange goe kviledagar kjenne eg på at energien har begynt å bygga seg opp. Det e ein fantastisk følelse. Så spørs det om eg klare å utnytta denne sjeldne egenskapen. Eg har jaffal alltid goe tru. Men så går eg på trynet rett som det er og. Eg lika når livet er godt og det har eg vel felles med di fleste.

Så gjelde det å finna balansen mellom gleda øve kvar dag og gleda øve å planlegga framøve. Eg gleda meg til i mårå då ska eg prøv ut nyinnkjøpt tørketrommel. Den gamle hadde bare et valg som virka, det var veldig sterk varme. Og så høyrtes han ut som ein Harley når han starta. Heile kjellaren rista... Det er på tide at den fekk kvila i fred. Eg har ikkje merke om ingen reklame på postkassen. Derfor får eg kilovis kvar veka.  Alt går rett i dunken uten å bli lest. Det var vel derfor me kjøpte tørketrommel til full pris i dag, og di hadde 20% på di i går. Min flaks!!!!

Men eg fant nåke nedsatt svinesteik på Extra før jul. Det får kompensera for tapte penger i dag.

Og så blir det nyttårshelg før me vett ordet av det. Min største utfordring der blir å finna ut ka mat me ska ha. Og eg trur jammen eg ska spandera ei av di flotte magnum vinflaskene mine. Har fått påfyll denne julå så eg e heldige. Blir så løye godt i laget av vin.

Etter nyttår blir det ein tur til Ølen. Der er det mange ark som kan fargeleggast med dei finaste pastellar. Eg gleda meg! Så sjøl om eg ikkje ser så veldig lang fram i tid er det jammen mange gleder som venta på meg.

Så nå e det bare å hiva innpå ei ekste vedskia, Lena seg godt tebake i stresslessen  og lura innpå ein sjokoladebete når Ernst ikkje ser. Då kan eg sei at livet e godt!  Den der ideen om ein tur til dagen..... Vel, kan vel venta litt ut i januar før eg begynna...

Godt nytt år.







fredag 11. desember 2015

Førjulstid

Det e nå me husmødrer kan visa omverden kor goe me e! Me har det kjempetravelt med alle slags juletradisjonar. Dette e jaffal det me gjere inntrykk av. Aldri nåken gong ellers i året er det så lett å få Ernst te å finna fram verktøyskrinet når eg trenge ein nye skrue eller andre greier som ska brukast te julepyntingå.  Litt må han yta for at eg tar meg av all tenkingå. Me kåner - jaffal de fleste av oss opp i årå- tenke ut ka mat me ska ha i huset, det må væra nok, det ska væra godt - ekstra godt - og alt det me kjøpe "for sikkerhets skyld" ....

Og å tenka ut gaver til dei som ska ha det. Detta e jo kjempeoppgaver!! Det me ikkje seie e at det e ganske kjekt og. Alt detta som er meste likt kvart år. Bare litt mindre pynt etter kvart kanskje, det finnes grenser for kor mange nissar og englar som trivest blant telys og sviblar. Og så e det jo litt nytt som me bare MÅ ha....

Det er stort sett kontroll på det mesta her i huset nå. Småkakene gav eg opp, og kjøpte ferdig baka. Sannsynligvis den einaste løysningen for meg som aldri har hell med meg på dette feltet. Har tidligare skyldt på steikeovnen, men dette er min tredje ovn..... De fleste gavene er på plass, resten e ferdig tenkt. Gull og sølv og litt av alt - heilt stillaust - er stilt ut i stovå. Det er bare dei hersens vinduene som er igjen.  Men eg finne aldri et vær som passa til vindusvask - og eg kan jo snu rundt de fleste av mine vinduer.... Eg trøste meg med at det e få perfekte i denne verden.

Eg syns det passa fortreffeligt at julå e på den svartaste vinteren. Me trenge litt å væra opptatte av, og det hjelpe med julalys og julagaver då. Og etter jul kan me bruka nåken dagar på å bytta julegaver eller finna de samme varene til halve pris på butikken. Stakkars dei som bur i Australia som har sommar nå, ka finne dei på om vinteren mon tru?

Nå e det bare meg og katten som krølla oss i samen og legge litt ekstra i ovnen. Det e fredeligt og godt. Eg e i transporten så vinglaset får venta, men eg har fleire gode bøker ved sidå av meg, og Nobel konsert på TV. Ka e nauå då? Godfølelsen er heilt på plass.  Sjøl om eg ergre meg øve at eg bestilte ein for liten størrelse på ein kjole eg kjøpte på nett. Det vise seg gang på gang at virkeligheten er værre enn det eg trur. Men det e jo snart nyttår. Mine nyttårsforsetter e di samme som tidligare år. Så nå gjenstår det å sjå.... Men det e jo nesten kriminelt å syta øve sånne bagateller. Har forresten sans for dei som fekk Fredsprisen i år.

Eg kan anbefala Ris sjokoladen til Hval. Ha ei herlige helg!

fredag 4. desember 2015

Feiring og sånt

Me ska feira Signe sin dag. Eg gleda meg veldig til det. Hu fortjene ein store markering av ka hu e. Full av godhet for alle hu bryr seg om. Heldigvis e eg ei av dei...Men eg e drittnervøs og. Tenk om det ikkje e nok mat eller brus elle andre ting. Tenk om eg øveser  nåke viktig... Eg e jo morå... Eg har forberedt lenge. - spesielt i håvet. Men di langveisfra gjestene ska sova her. Eg har ordna med senger og Ernst har fått i oppgave å setta  litt varme på di kalde rommå i kjellaren. Eg må huska å ta opp brød frå frysaren,  tenk om eg gløyme å kjøpa ost te frokosten. Det e ufattelig masse ei kåna må ha kontrollen på. Eg har heilt sikkert bomma på nåke.

Men alt det e ittepå.

Først e det feiringå  på Lerbrekk skule. For ein plass! eg e så imponerte øve di flotte lokalene og ein fantastisk omvisar Sigbjørn Varhaug. Har vore der i dag og fått opplæring i oppvaskmaskin og låsing av dører og alt så trengs. Han passe på at det er varmt når me kjeme. Det er nyvaska rundt over alt. For ein dugnadsgjeng som drive dei lokalene. Takk.

Eg har hatt hjelp av Rita til å pynta det besta me kan. Bare det besta er godt nok for Signe. Eg håpa at detta blir ein opplevelse hu vil ta med seg som et veldig godt minne.

Ittepå blir det hæla i taket i heimen. Her ska mine søsken og nåken tanteongar avslutta feiringå. Di Ølen e ikkje for katten, så detta blir goe gang. Gleda meg masse. Det e ikkje ofte at så mange av oss e samla på ein gong.

Fordel med å væra pensjonist. Kan rydda i vekevis etterpå.

Kjenne på masse adrenalin i kroppen. Umulig å sova nå som eg hadde tenkt.

Til og med Vårherre har slept naturkreftene laus for celebration😛

Me skulle nok hatt fleire selskap. Men me e så redde for støv i krokane eller at menyen ikkje e i øverste klasse eller andre idiotiske hindringar. Eg og er der. Men det e jo FOLKÅ so laga festen!!!!

Glede meg til i mårå!

onsdag 25. november 2015

Pensjonisten

Dette må lærest! Det er ikke bare enkel å gå fra full jobb til full lediggang. Kroppen min sender signaler om at "dette har du ikke tid til" når den befinner seg i stresslessen klokken 1000 på formiddagen. Hjernen sender ut signalet for dårlig samvittighet. I tillegg kommer meldingene burde, burde....

Alt det kjedelige som skulle gjøres bare jeg fikk tid til det, er like kjedelig nå når jeg har tid.... Det finnes noen skap her i huset hvor det er lenge siden vaskefilla var innom, men finnes det værre arbeid? Mange andre oppgaver i samme båt venter på meg.

Det er et valg å slutte i jobben sin når en har oppnådd godkjent alder. Det er godt å slippe å henge i strikken. Det er godt å slippe å levere resultater. Men det er også en sorg. Det er nesten som om jeg har mistet noen, fordi det er ikke krav til meg lenger.

Nå sier alle mine pensjonistkolleger at dette er forbigående. Snart blir jeg så opptatt at jeg ikke skjønner hvordan jeg i det hele tatt kunne gå på arbeid. Det må til en omstrukturering i mitt hode, og jeg jobber med saken.

Nå skal jeg snart ta på joggeskoa for å gå meg en tur. Det er da ikke fordi jeg har så veldig lyst, men det skal være godt for meg har jeg hørt.... Så er det noen julegaver som må få seg til/fra lapp. Kanskje blir det et par brett med småkaker også... Men så får det jammen være nok.

Og så er det sånn at blir det ikke i dag så kommer ny dag i morgen.

Det skal ryddes på loftet, men det er altfor kaldt på denne årstiden. Så nå blir det prosjekt jul i fokus. Snart skal Signe sin 30 års dag feires med pomp og prakt, og min 63 års dag med lite pomp og prakt. Og hva skal Ernst få til jul? Har kjøpt et bomkjøp allerede, men det var så dumt at det blir stua langt bort... Dyrt var det også... Han får få slips...

Nei dette har jeg ikke tid til lenger - Arbeida jæklar, i graven ska ni vila  (fritt etter en svenske og fritt svensk skriftspråk)

lørdag 7. november 2015

Dagen i dag

Travelt i dag. Hadde avtale med mi einaste søster. Hu e bare badne, såvidt runda 50. Men me har det kjekt ilag. I dag va det julegavehandel te dei der heima...

Du og du så effektive me e!!! Men eg må sei at butikkpersonalet i Sandnes e ein rase for seg sjøl. Di e knallkjekke, hjelpsomme og anbefale til og med nabobutikken.

Me syns jo alltid at me gjorde DEN kjempehandelen, og e så fornøyde når me får gratis til og fra lapp.

Så e det bare å håpa at mottakarane av gavene og blir litt glade då. I dag har ingen ønsker lenger. Me har alt!

Me avslutta alltid julehandelen på Charles og  di. Må ha litt følelse av høytid etter alle gode ideane våres.

Men eg måtte ha ein goe halvtime på sofaen når eg kom heim. Lørdagskosen  blei Toro sin søtsure posegryte ( med kylling).  Ernst fekk pølsa og opphøgde poteter 😄. Bare vinen e goe så får det vara. Har kosa opp stovå med nåken tente lys, men ellers er her ganske rotete. Men eg har det godt inni sjelå, så då får det væra OK med litt rusk og rask ellers. Sengetøyet som har vore i vaskemaskinen ei veka må vaskast ein gong te uansett. Ein dag frå eller til.. Venta på lørdagsgodtet ittekvart. Trur Signe har kjøpt Troika.

Me leve i et flott land. Så det får våga seg at flyktningane bur på høyfjellshotell utenom sesongen og klaga på brunosten.

Får avslutta med MGP junior. Imponerande ungdommar.

fredag 30. oktober 2015

Katten vår

Me har katt. Egentlig er det Signe sin, men hu får ikkje ha dyr der hu bur. Egentlig ganske dumt det for katten kunne kanskje fjerna mange bokser med piller. Alle trenge nåke(n) å væra glad i, men har øvrigheta bestemt seg så e det lite å gjera for den lille mann eller kvinne.

Uansett så e katten vår opphav til ein masse opplevelsar på godt og vondt. Hu e ganske arrogante. Lea ikkje på håve viss det ikkje passe. Hu e kresen i matveien, så hu leve på spesial tørrfôr og nåke runde bokser med kattemat de selge på Extra. Me pleie å kjøpa det di har....

Eg e ikkje førstevalget for Trixi akkurat. Hu kan nedlata seg til å besøka mitt fang viss der ikkje e nåken andre familiemedlemmer til stede, men då må eg ha bestikkelsar. Og så syns hu det e greit å ligga på føtene mine i sengå den siste timen før eg står opp. Har ikkje Ernst sleppt na inn før han går på arbeid klore hu så lenge på dørå at eg MÅ gå ut av sengå for å sleppa dyret inn. Hu har klort av nok maling allerede. Men hu kjenne på seg viss eg e leie meg, eller når sjelå trenge gips. Då kjeme hu med kos til meg og.

Hu e steriliserte og chippa og vaksinerte og stelte på alle mulige måtar. Det kosta på tusenvis bare å fjerna tannstein.  Kvart år får hu kort frå dyrlegen om at det er tid for sjekk. Det får ikkje eg frå min lege (utenom tannlegen), men nå e eg jo i reparasjonsalderen så eg e ein ivrige legebesøkar sjøl uten innkallingskort....Gode bønder med fjoskattar får jo fnatt når di høyre sånt som spesialbehandling for kattar.. Der er det vel helst kort prosess.. Men sånt går jo ikkje med familiemedlemmer.

Håpa bare me ikkje drar inn flyktningar inn i denne katteproblematikken...

Eg har gitt meg den luxusen at nåken vaska litt rundt i stovå mi når eg e på arbeid. Rekna med at dei ikkje e fan av Trixi. Der ligger ufattelig masse pels rundt omkring - spesielt i sofaen. Og så e det den opplevelsen når me snøflak i na. Kos kan det ha seg at kattar alltid tofta rundt føtene til folk?

mandag 31. august 2015

Et barndomsminne

Sjøl om eg har levd meir enn seks tiår så har eg og vore liten eingong. Eg var stort sett veldig lydig og snill, har mor mi fortalt. Men eg gjorde opprør i 10 - 11 års alderen.

I den tiå va det ikkje vanlig at me fekk gaver i hytt og vær. Og eg e fødde i desember, så på sommerstid kunne eg ikkje forventa  å ønska meg unødvendige ting. Men eg kjende nåken som hadde badminton. Det var heilt fantastisk. Ein opplevelse som slo ut alle andre morsomme leker.

Ja visst va det kjekt å jeppa, leika trebons (boksen av), gøyma oss i formakåle til onkel Amund, tikken og alt det andre en nesten har gløymt ka va. Men badminton!!!!!!

Men eg fekk ikke...  Det nytta ikkje kor møkje eg grein og gnålte. Nei va nei.

Det va då eg og Haldis fann ut at dei foreldrene me hadde ikkje va brukande. Me kunne lika godt rømma. Så i hallfemtiå ein fin sommardag tok me avgårde. Det va den gongen kroneisen kosta ei krona, og me kunne få to femtiøres isar for den kronå. På starten av rømmingå traff me ein kjenning av far min. Han gav meg ei krona te å kjøpa is for. At det gjekk an å kjøpa to femtiøres kom me ikkje på (hadde vel ikkje komme så langt i matten då). Me kjøpte kroneis og slikkte kvar vår gong.

For sikker hets skyld hadde eg lagt et avskjedsbrev på kjøkkenbordet: De kan leita etter meg i aust og vest og sør og nord, men de finn meg aldri!

Me starta vandringen med kurs for mine besteforeldre i Vikebygd. Det er va tre mil.

Det var varmt og langt, og eg blei veldig sleten. Rett nok var det ikkje mange bilar på den tiå, men når me høyere nåken så heiv me oss ned i grøfter og bakom steinar. Me var livredde. På den tiå va det ikkje så møkje mord og uhemma i radioen. Me hadde ikkje fjernsyn då. Men ein viss Schnitler hadde vore tema ei stund. Det hadde me fått tak i. Pluss at han hadde folkevogn. At han var tatt og sat i fengsel la me ikkje større vekt på.

Etter fem timar kom me fram til garden der bestemor og bestefar min budde. Haldis venta bakom ei hesja, mens eg sko lura meg inn for å sjå etter mat.

Selvfølgelig blei eg oppdaga. Bestemor mi slo hendene i samen og var så glad for hu fekk gjester frå Ølen. Haldis kom fram frå hesja og me fekk både mat og drikke. Gode senger med høy i hadde de og. Det blei ein telefon til mine foreldrer. Men tenk - de hadde ikkje merka at eg var borte ein gong. Fri barneoppdragelse!!!

Neste dag blei me satt på bussen.

Men det skal seiast at eg fekk badminton. Så det var ikkje forgjeves.

Moralen er: stå på krava.

mandag 24. august 2015

Er alder kun et tall?

Eg har ofte hevda at alder kun er et tall. Det har då ofte vore for å forsikra omgivelsane om at me som har levd lenge nok til både få lønn og pensjon er oppegåande fremdeles.

Som min gamle far på snart 94 sa: eg meina det får væra nok når eg kler på meg sjøl, vaska meg sjøl, ete sjøl og går på do sjøl.  Det var ein replikk som kom etter at mor mi hadde mast på at han måtte ein tur ut for å luka ugras. Eg e jo strengt tatt enige med han...

Men eg har komme til at eg kanskje må forandra meining på dette. Alder e meir enn et tall. Jaffal for nåken.

Eg blir litt bekymra på egne vegne når eg kjenne kor seint kvernå i håve går når eg leita etter et spesielt navn, eller begrep. Eg vett ka eg vil ha tak i, men ordet er begravd i ei ullen tåke. Fram til nå har eg stort sett klart meg - men eg e bekymra for om eg gløyme nåke eg ikkje e klar over. Eg har alltid kost meg med ord, har alltid likt når ord kan ha fleire meiningar.

Og så e det skrotten. Den har og forandra seg. Rett nok har eg aldri nådd ned til golvet med hendene når eg står med strake føter. Det må i så fall ha vore før skolealder. Men nå må eg væra glad eg når til navlen. Det finnes ikkje sprett i meg, så steinhopping på stranda e utelukka.  Så eg e passa jysla godt på lårhalsane mine. Knenå e ikkje goe dei heller. Så når eg ska dra vaskefillå under spisebordet må eg ligga strekk ut og åla meg fram og tilbake, og ta et heilt spesielt grep for i det heila tatt å klara å komma opp i ståande stilling. Barnebarnet e raskare enn meg både på kryping og på å reisa seg.

Det er nå me må finna fra de lyse sidene med livet. F.eks kan typen av blodtrykksmedisin brukast som samtaleåpnar i grupper der me e litt ukjende. Alle har jo et par piller å snakka om. Før i tiå pleide me gå å ta ein røyk i lag, men det e jo nesten slutt. Eg kan forresten gi et tips om kolesteroltabletter som kan tas om morgenen... Enkelt å ta ein neve med piller om morgenen så e det gjort.

Nå har eg fått uttalelser frå fleire i samme båt, og jammen e eg ikkje åleina som slite med alderspubertet. Det blir straks bedre når me har lag. Så med ei god natts søvn, litt lebestift og ein nye topp, kan me kanskje sei at alder kun er et tall likevel.


tirsdag 21. juli 2015

Snart slutt på ferie

ligge i sengå med kaffikoppen og ser ut av vinduet. Drittvær, men ifølge Ernst sin kontakt på Yr kjeme solå klokkå 1200.

Kjenne det e heilt greit at me ska heim om to dagar. Nå e denna kroppen metta  av kjøpemat og vin. Tenk at eg skulle sei det!!!!

Me har bare vore inne i byen etter stengetid for butikkane. Men har vindusshoppa litt... Der e litt potensiale... Men Ernst seie bilen sprikke om me kjøpe meir nå. Klær kan eg bare glømma. Eg ser ikkje for meg at blondeshors og ditto topp eller andre lekkerbiskener e det stora på denne kroppen. Det e liksom det som er utstilt. Lite av mote til oss med litt mye former. Skjønt eg var inne i ein butikk i Skælskør som reklamerte med alle størrelser. Der lukta det litt for masse møllkuler.

Dette har vore ein fin ferie. Me har ledd masse, mye goe mat og drykk, og me e godt utkvilte. Men nå lengta  eg etter kjøttkaker og Ivarvatn

Nå nyte eg kaffikoppen og Ipad i sengå mens Nitimen e på radio. Har brukt opp masse data i ferien. Utrulig så fort det går før eg får melding om at datamengder er brukt opp. Men så må eg liksom bare innom aviser og Facebook for å sjekka ka så skjer. Skjønt me klarte oss i gamle dagar og. I rikstelefonen si tid.

Ser ei sprikka i skydekket. Kanskje eg ska stå opp?


fredag 17. juli 2015

Ferie - København

Me har vore på tur ei stund nå. Nok til at kleskapet ikkje e strigla og det begynner å bli lite plass te klednå. Men fremdeles e me venner. I dag tok me vannbåten  inn til Nyhavn.  Vel framme Sette me  oss på nåken stolar og venta på servering. Det tok si tid, me ser nok ikkje særlig viktige ut. Men me fekk leskedrikjen og koooste oss. Så for me opp i gatene og gjekk forbi Gucci og di. Hadde liksom ikkje kjøpelyst. Lunsjen inntok me på nåke Mexikansk.Bare  Ernst får fisk så e han fornødde. Signe og eg valgte då ikkje det. Servering upåklagelig, servitøren meksikansk/svensk. Han blei så glad for tipset Ernst gav han at det var rett før han skifta statsborgerskap.

Men plutseligt gjekk lyset (les solå) og me tok taxi tilbake. Så nå fylles bilen med livlig duft fra steikeovnen, og me kan gleda oss. Eg drakk likegodt opp resten av kvitvinen for eg trur ikkje den har godt år å væra åpna for lenge. Trega at eg ikkje handla meir i Tyskland. Snart tomt.

Men eg e litt bekymra. Har passert anbefalte enheter for lengst på denna turen. Slite med hovne føtter og dårlig samvittighet. Men så har Ernst lese på nettet at dette er heilt vanlige for eldre, overvektige med høgt blodtrykk. spesielt damer. Så det er bare å dra på støttestrømpene i natt og. Skikkelig sexy !

Ellers datt det inn nåken kjenningar her. Koseligt. Plassen er opptatt av 50% norske. Lika det lite. Masse nyrike ser eg på kjøretøyene..... Men Lotto ringe ikkje til meg. I mårå er det lørdag. Ska ta han heilt ut.... Me reise videre på søndag.


fredag 26. juni 2015

Underholdning, kjeda seg, ferie

Underholdning, det kan væra så mangt. Eg trenge underholdning av den snille sorten. Kan ikkje fordra dei som er morsomme på andres bekostning. Klart det kan væra litt brodd, men brodden må ikkje væra særlig spisse.

Det er vel strengt tatt TV som står for den største delen av underholdning her i familien. Og på denna tiå av året e ikkje det sprekt. Men det e jo nå me ska sitte i lyse sommarnetter i djupe samtalar om LIVET. Vel, det skjer - men e ikkje ein vane. Løye med det når eg kjenne på at det e fint å sova før hu e hall elleve, då e det ikkje møkje sommarnatt å bruka på Samtalen. Men i dag e det fredag. Det kan jo gi oss ein mulighet. Gamle Hobbersten sitte med PC'en i fanget og ser ut som han studera nåke, og eg har lese nettavisene så mange gange at teksten flyte ut.

Då blir det TV. Di synge og danse og ser ut til å ha det bra. Men det e så kjedeligt. Men det e jaffal bedre enn desse evinnelige naturprogrammene  der me må ha med både paring  og fødsel. Ikkje møkje bluferdighet der i gården. Ærlig talt, di e like alle i hop. Smelta ikkje av hverken elefanter eller tigrar. Kanskje litt pusekatt hadde vore bedre.

Eg har ytt over evne idag. Har laga ei kaka eg ska ha med til feiring av barnebarnet sin ettårsdag i mårå. Hu må jo få et godt inntrykk av  farmorå. Ska laga alle kakene hu vil ha når hu ber om det i framtiå. ( vett jo ikkje om kakå e etane)

Godt det nærma seg ferie for oss. Då e me på utforsking. Og me bruka penger uten vet. Jysla kjekt med opplevelsar. Då står me for heile underholdningen sjøl. Selvfølgelig e ikkje alt sol og glede då heller. Det hende eg får kjeft både er Ernst og Signe på turen. Eg har jo gener frå mor mi, så eg vil ha kontrollen. Så når eg seie rødt lys, rødt lys eller hump, hump eller skrike for me e så nærme nåke, får eg så hatten passe. Men eg e sikker på å ha avverga ulykker fordi eg e så observant. Eg e jo heilt utsleten når me tar kvelden etter sånne transportetapper.

Men me har ganske greie arbeidsfordeling. Det e veldig kjønnsbestemt. Kin sko trudd det om denna damå så var SÅNN rødstrømpe i ungdommen. Men det har nåke med praktisk vet å gjera. Der leda Signe og Ernst. Eg organisera!!!

Det fina med ferie er at me kjøpe mat ute. Spisa på Hotellet, som far min seie. Dermed så er det ikkje så mange arbeidsoppgaver igjen til meg, siden Ernst er først oppe e det jo naturlige at han laga frokost. Men viss det e eggerøre på menyen e det eg som må til pers. Eg e best på røre...

Ikkje ferie ennå då, men å gleda seg e og fantastisk -

Nå får eg ta han med meg ut i sommarståvå og ta ein samtale om LIVET


mandag 8. juni 2015

me nærma oss ferie

Det nærme seg sommar, iallfall på kalenderen. Nå poppa det opp i alle slags fora - bruksanvisningen for ka me ska eta og kor møkje bevegelse som ska te for å kunna posera uhemma i di lekraste bikiniane. Nåken går til utterpunktå og gir seg sjøl - og oss andre - rett te å bruka bikini og badedrakt uten å ha idealmålå. Det resultere i trampeklapp frå nåken og fyrop frå andre.

Slapp av, eg har ikkje ikledd meg sånne kreasjonar i detta årtusenet. Det ser ikkje ut til at det vil skje heller. Skjønt, i flott gult lys på badet, med hendene bua OVER håve, og spegla direkte i front, kan ein la seg leda til å tru at resultatet er bedre enn sannheten. Men ein liten sving på posituren, og det blir profilbilde, dessverre - sannhet er sannhet.

Eg har så tungt for det. Eg vett ka så hadde vore bra for meg: ein spasertur i kveldingå, litt mindre vin i helgå, litt mindre steike mat og so on.....

Men der sitte ein liten dritt på skulderen min og seie: du fortjene ein liten strekk på sofaen, husk du e ikkje 30 lenger ... Eller han seie: du fortjene det vinglaset for du slappe så godt av då og det e så enkelt å laga mat til to på steikepannå....

Men Ernst seie eg ete for masse snop. Forstår ikkje kor han har det ifrå? sjokoladen her i huset er årgang. Ikkje løye eg må smugeta dei gangene eg kjenne behovet... Nå har det jo vore tilbud på diverse is. Eg passa på å gi Ernst ein og, har litt meir lov då.

Tidene har forandra seg. Ein gong i tiå var det å oppnå i bli mett det viktigaste i dagen. Nå e det blitt motsatt. Ei passe dose med bilder av folk frå andre plasser på kloden set ting litt i perspektiv. Det seie litt om oss.

 Er me så overfladiske? Eg e nok det til tider. Håpa likevel at eg kan væra rettferdig, sannferdig og ein goe venn. At eg tar dei rette valgå når eg må, at tullete materielle eller kroppslige situasjonar går øve til bagateller når det verkelig røyne på.

Men eg e imponerte øve dåke som tar det ansvaret kroppen ber om - litt meir bevegelse 😀

torsdag 16. april 2015

Utenfor komfortsonen

Nå er det ein ny historie om det eg ikkje kan. Det e jo dei historiene eg e best på. I går var eg på et opplegg i arbeids regi. Det var et fantastisk flott opplegg, masse folk med innlevelse og entusiasme som formidla informasjon de var opptatt av. Eg blir imponerte av innlevelsen og den gløden de vise for faget sitt. Og det smitta, eg får lyst å få det til eg og. I ein sånn setting klare eg meg. Der sitte me benka opp, og tar imot. Den er grei...

Men så er det det etterpå.... De fleste som følger med meg har fått med seg at GPS området i min hjerne er som nypusssa perlemor. Ingenting feste seg. Eg finne ikkje fram. Uansett om eg kjøre den samme vegen i 30 år så er eg sikker på at den bygningen - som av utforming ser ut som om den har stått der i 80 år - aldri har vore der før, og er eg då på rett veg? Dette er egentlig et handikap som fortjener hjelpestønad eller lignende. Eg må ha sjåfør som kan veien.

Me sko ha bilrebus etterpå. Etter å ha stabla den stive kroppen min inn i bilen krølla eg meg sammen i et hjørna i baksetet og prøvde å væra usynlig. Kjempedrit å få meg med på laget!! eg har ikkje peiling på kor me kjørte, eller ka me var på jakt etter. Du kan sei det sånn: me vant ikkje....

Etterpå skulle me til Klepp. Eg henta bilen min utenfor SR-bank på Klepp. Og eg ringte til Ernst for at han kunne sei kos eg skulle kjøra for å finna plassen der alle var... Hallo, langs veien me alltid kjøre mot Stavanger. Han kjenne jo te galskapen, men sjøl han syns denne var dryge.

Eg fann jo fram, etter at eg hadde kjørt forbi fordi eg fann ikkje avkjørselen i første omgang. Pøh!!! Eg kom meg med i selskapet igjen.

Neste utfordring var å finna plassen der me skulle eta middag. Men då kunne eg følga etter ein store buss. Det gjekk godt. Fann fram til ein koselige plass med fine bord, store kandelabere (som eg godt kunne tenkt meg)  god stemning. Forsamlingen bestod av masse flotte personar, fulle av sjøltillit. De mingla lett frå den eine til den andre. Praten gjekk uanstrengt, hyggelige folk. Men eg var vel ei av de få med ein årgang som har spindelvev i håret. Eg kjenne ikkje kodene i språket til denne  generasjonen. Eg kan lova at i denne settingen er ikkje eg akkurat balletts dronning.  Spenningen i mitt liv føles som om det dreie seg om eg klare å halda meg våken til krimmen på lørdagskvelden... (Litt overdrevet). Og så er det jo sånn at om alt går som det skal, så vil disse unge, hippe også bli eldre en gang... Og kanskje tenke tilbake på tiden som var.  Eg var forresten ung i hippietiden, og me hadde også våre koder, og perlehalsbånd og farga bestefarstrøyer og masse aent som fekk de gamle til å bli forarga over.

Eg sneik meg ut etter desserten. Veien tilbake gjekk ein plass eg aldri har vært før selvfølgelig. Kjørte forbi nye flotte hus med lite vegg og masse vindu. Der kan di trygt henga opp maleriet frå svigermor på do for det kan umulig væra veggplass andre plasser.

"Alle var enige om at det var ein flott tur", men jammen var det godt å krype inn bak ryggen til Ernst i rimelig kveldstid.....

Tusen takk for at eg blei invitert!

tirsdag 14. april 2015

Alle de rette valgå

Eg har vore hos tannlegen i dag. Der eg går for å kontrollere vekstvilkårå for tennene mine. Det e ikkje sprekt. Eg ska bruka sånn liten børste minst to ganger for dag, det har eg egentligt akseptert. Så når tannlegen spør meg om eg e goe på dette, munnen er full av allslags greier, så laga eg ein lyd som eg håpa han oppfatta som ja. Men det e jo løgn. For eg unnskylde meg sjøl mange gange. Så då sleppe eg. For eg syns det e ekkelt visst eg får litt av metallet på kosten mot tannhalsen. Ææææ. Men egentlig lure eg kun meg sjøl. Så nå e det slutt på det lureriet.

Akkurat sånn e det med den tanken om å gå på tur og. Kanskje ein annen dag. For enten så regna det, eller så er det for fint vær. Ein grunn til å velga sofaen finne eg alltid. Men eg e så forbaska trøtte itte middagen.

Å så e det kunsten å sei nettakk til godsaker. Den beherska eg heller ikkje. Men e det rett at eg ska trega på 6 ruter med firkløver? eg berre spør? Det e meste ikkje vits i å kosa seg, når me må gå rundt å trega på all slag. Gleda med kos blir forringa av dette. Finnes det ein forening eg kan melda meg inn i som har et fordelsprogram som kan passa for meg. Ein forening som gir sjøltillit til skjøre sjeler?

Men hos meg ligge det i genene å trega litt. Mor mi er faktisk værre. Når hu har laga verdens beste middag, så kan du væra sikker på at nåke var feil med saltet, eller at potetene var kokte for masse... javel, eg har det i meg eg og. Når eg hadde hengt opp mine nye gardiner så tenkte eg tanken på om det i grunnen blei nåke finare enn før. Kanskje eg heller skulle investert i solskjerming??? For seint.

Heldige dei som tar et valg og er ferdige med det. Heldige dei som ser at kvitt er kvitt og svart er svart. Eg vett at viss me tar litt svart i det kvite så blir det grått, og då er det et problem. Men eg trur litt av grunnen til all grublingå er at Vårherre hadde litt mange følelsar igjen når eg blei fødde, og så var det sikkert kveld, så derfor blei eg eigar av heila bøtta med kjensler. Så då kan det bli både for masse konsekvenstenking, eller det værsta: handling etter følelse, før konsekvenstenking. Og då blir det grublingå etterpå.

Ein anna situasjon som oppstår i livet mitt som problem er klær. Eg vil ikkje ha koneklær. Men eg vil heller ikkje spjåka meg ut som ein 17 åring. Evig ung.... Søren så vanskeligt det e. Og siden eg har alle desse problema med konsekvenser og riktige valg har eg innsett at den raude kjolen som går inn i livet er ein draum. Kaffor kan dei ikkje sy ein kjole som går passeligt ut under brystet med kjedelige folder  rundt ballongpunktet? Det e fleire enn meg med denna kroppsfasongen.

Men har det blitt altfor masse i den vektskålå med "kan ikkje". Egentlig e det heilt grett med det mesta. Tannlegen var greie med meg, og eg trenge ein påminnelse på dei der små tannkostane. Og siden eg ikkje vil ha fleire kilo så e det vel grett at samvittigheten seie ifrå viss det blir for gale. Og alle følelsane mine har egentlig gitt meg fleire gleder enn sorger.  Og når det gjelde klær så e det mange gode "ekspeditriser" på butikkane som kan sitt fag.

Let The spring begin!!!

onsdag 1. april 2015

Påskeferie

I dag blir det sofasliting. Ute snør det på tvers. Kjempeunnskyldning til å ligga på sofaen å gumla påskesnop.

Men det får meg og til å tenka øve kor lite som ska te for at me kjede oss. Dei djupe samtalene det nå kunne vore tid til blir liksom ikkje tema. I bakgrunnen her dure TV'en med seriar frå den tiå rett etter at fargefjersynet såg dagens lys. Ingen ser på, men me har litt lag....

Det viktigaste me har tatt stilling til er om me skal ha koteletter eller kyllinger til middag? Kan me ha koteletter når det er tomt for gullerøtter? For Signe seie at kyllinger er fredagsmat.....

Det at me nesten ikkje tåle å kjede oss nåken timar er ganske tankevekkende. Det føre meg inn på tanken på kaffor urettferdigheten i verden e så vanvittig? Me har overflod, og vil likevel ha meir. Eg og. Kjøpe Lotto for å ha drømmen om alt eg ska skaffa meg den dagen det blir min tur.  Det var ein her oppe som sa at det var ikkje nåken vits i å stå opp når han allikevel måtte legga seg om kvelden. Eller han som la seg åtte ganger på ein kveld fordi doktoren hadde sagt at det kunne hjelpa med ein cognac før han la seg.

E ledarane i Afrika, Amerika, Russland osv fødde med mindre vet enn oss andre. For all ufred stamma frå grådighet og religion. Nåken seie det er på grunn av at di vil ha rettferdighet, kor mange liv er rettférdigheten verdt?. Folket vil ha mat og klær og hus og litt av moderne teknologi for å leva lykkelige alle sine dagar med prinsen og gullungane. Det er jo nok til alle med litt bedre fordeling. Kardemommeloven har eg tru på.

Men så ska det ikkje så store avsporingen til før eg lure på om eg kan belønne meg sjøl med et rødvinsglas. Eg har jo vaska opp i dag. Og det blir koteletter med surkål og blomkål - uten gullerøtter

torsdag 26. mars 2015

Når nåke er annleis

Eg har skreve ord i ny og ne om mine kvardagsopplevelsar.det er meint å væra humoristisk og ikkje særlig høytideligt.

Men så er det sånn at alle dagar e ikkje lika gode for meg heller. Akkurat nå slite eg med et sår på sjelå.  Kvar gong eg får ei lita skorpa på såret så klara eg å riva den av igjen. Håvet er som ei kvern der alle vonde tankar må igjennom. Det som kjeme ut ligge som ein tunge ball i magen. Når ballen passere tårekanalane så blir det fullt trøkk der. Så når eg er ute blant folk passe eg på å flekka tenner så eg ska sjå så normale ut som mulig. Det kreve ein utrolige innsats, eg e jo ikkje aleine i denne verden som har rifter på sjelå. Men di fleste av oss vise det ikkje fram elle skrive om det. Eg er enten modig eller dum.

Plastert som hjelpe er godhet og omsorg og forståelse. Eg har heldigvis goe mann og ungar og gode venner som utrulig nok ser nåke godt i meg uansett.

For når kvernå har jobba lenge nok så er sjøltilliten vekke og egenverdien er langt under null.

Men nå er det snart påsketur for oss. Då treffe me nye flotte folk som kan få fram glede.
Dette var jo masse sørgelige, men det er vel få av oss som leve et liv uten humpar  i vegen.

Ein ska ikkje sjå vekk for at det blir et stort glas rødvin på meg i neste kapittel

fredag 6. mars 2015

Me eldre

Eg har vore på et heildagsopplegg for å læra om mine rettigheter som eldre - senior- kalles det. Det va et flott opplegg. Eg har lært masse nyttig.

Sjølfølelsen vaks mange hakk når me fekk høyra kor goe me gamle egentlig e. Sko ønskt det hadde vore nåken sjefar der og fått tak i den informasjonen.

Eg fekk mange aha opplevelsar. Ka ska dagane fyllast med når me ein gong står der og kan disponera heile fritiå? Den dagen me ikkje har kollegaer å diskutera, krangla eller le med?

Eg stille jo dårlig som ikkje kan strikka elle baka. For sånne som meg kan det enda opp i alkoholisme og det som værre er... Alle har jo fått med seg min hang til rødvin...nei eg får henga med te den bitter end for å sikra ein edru alderdom. Dei tre, fira vekene eg trenge te å rydda på loftet tar jo ikkje heile pensjonisttiå mi, og pensjonen strekke ikkje te til å henga på M44 heile vekene.

Her på Varhaug har me jo ein pensjonistforening som plukka søppel itte den forderva ungdomsgenerasjonen. Eg kan melda meg der. Og så har eg meldt meg inn i bygdekvinnelaget. Det gjere meg litt sånn vaksen og ansvarsbevisste syns eg.

Heldige Ernst som har meg te kåna. For eg har laga masse planar for han. Blir ikkje problem å fylla dagane. Han ska pussa opp soverom og laga skap og masse aent snadder. Eg ska jaffal laga middag te han, sånn at eg helle han i passelig godt humør. Eg kan dessverre ikkje være med på oppussingå, for då ryke me ihop. Me arbeide itte kvar vår filosofi: Ernst jobba nøyaktig og eg jobba fort....

Lure på om det e derfor det ikkje e tema for han å slutta på jobb?

Det finnes ikkje nåken konklusjon på detta. Eg får ta ein dag om gangen. Plutselig går eg igjen i Sr Bank, elle så ser eg ka eg kan brukast te og starta med nåke heilt aent. Kanskje eg kunne vore selskapsdama elle nåke sånt. Det må ikkje væra fysisk anstrengende, for formen e elendige. Trening e forresten nåke eg ska starta med når eg pensjonere meg. For i dag så de at det va aldri for seint. Og så e det så viktig!!! både kropp og håve må haldast i orden.

Men eg trur Ernst og eg ska kosa oss som pensjonistar ein gong.


mandag 16. februar 2015

Eg syke

Eg e syke!

Det e då ikkje bare menner så har det vondt når de e sjuke. Eg og. Nå har eg logge på sofaen i dag, og det har meldt seg punkter på kroppen og inni kroppen som har vore fraværende i over 60 år. Det einaste eg heilt sikkert har utelukka er graviditet.

Eg vil sei det tar på ein stakkar når eg subba   ut te den store kvite trompeten, ligge på kne framføre, og grua meg ufattelige te at det ska bli vondt før det blir bedre. I dag er det ikkje brukt hjelpemiddel, og eg har gått tebake med uforetta sak 😰 sånn operasjon e møkje enklare med syreproduksjon etter rødvinopptak. Då går det av seg sjøl. Fremdeles ubehagelig, men dog.

Eg har lugge ( eller ligget?). på sofaen, vekselvis med frostrier og overoppheting. Har ikkje feber. Den måleenheten e ikkje i bruk i min kropp. Kanskje den e kassererte i lag med visdomstennene. Sjøl om eg vel nå har sove såå masse i dag at eg ikkje treffe på Lukkeøye i kveld, kunne eg tenkt meg litt skyskiting elle lignende til selskap. I dei våkne pausene. Feil veka! De har vinterferie. Ikkje eingong katten ser ut te å velja meg.

Har prøvd dokter Google... Trur eg bytte ha ut. Det blir for mange diagnoser... Siden tålmodighet e mangelvare har eg nåken strie timar framføre. Men nå kjeme Ernst snart heim frå arbeid, så litt medfølelse må det vel bli på meg då....  Tvila på det blir øveveldande. Lite sykepleiegen i han og. Der e me faktisk like.

Syns det e trøttande at ikkje kroppen kunne henta av sideflesket til driftå. De fleste andre miste matløstå - eg har tenkt på kinamat. Det kan ikkje væra normalt!  Det blir d ikkje nåke av, et sted går grense.

Men nå vil vondtane ha meir å sei, eg logga av og satse på at i mårå e ei fine tid😄

torsdag 22. januar 2015

Videre i livet

Nå ska eg på kurs læra meir om kos me bruka desse nye mediene, sånn som Facebook, skyer og lignende. Eg har jo vist igjen på Facebook, så eg får vel læra kos eg kan begrensa meg. Begrensing e ikkje mi beste greia. Eg meldte på Ernst og. Eg e den raske og han lese anvisningane. Blir goe match det. Blir fint med litt meir utdannelse. Trur det vare oppte fleire timar.

Eg føle meg jo ikkje heilt ute. Både skrive på nettet og handla på nettet. Te nå har eg og fått det eg har bestilt. Ingen overraskelser te nå. Einaste så ikkje har slått heilt te e når ska prøva ut oppskrifter på baking så eg finne på detta utruliga nettet. Men det kan og skuldast bakaren... Ellers så har me doktor Google. Svar på alt. Det kan til og med den friskaste av oss finna de symptomer  som passe,
Så de e sikkert på sin plass med videreutdannelse på feltet. Følg med.

Ellers nærme me oss helg med raske skritt. Tidå fyke avgårde. Det betyr sikkert at eg trivest. E ikkje heilt sikker på om det e årstiå me går imot som e grunnen. Eg e så glad i våren. Då har me det besta framføre. Vett me ska leva i nuet, men å gleda seg te nåke e meste lika kjekt så å gjera det kjekka. Ferie og fritid!!!

Det går sakte på prinsesserommet. Gamlekongen ser ikke på det som ei glede, snarare ei straff. Eg prøve med gode middag og å væra veldig snille. Eg lytta når han fortelle om gjenger og store plater som ska borast hål i. Prøve med fornuftige oppfølgingsspørsmål. Alt som e viktig for å få ting te å fungera. Spør Klara Klok i Norsk Ukeblad. Likavel blir det nedprioritert. Å eg som e kommen i tapet og gardinmodus. Denne saken blir oppdatert i neste nummer.

Katten vår e jo og et fullverdig familiemedlem. Hu e et flott eksemplar av kattearten. Hu lika Ernst bedre enn meg. Så då får han gi henne mat. Uforståelig nok har hu store nerveproblemer. Hu skvette for den minste lyd, e kjemperedde alt som e ukjent. Det e vanskelig å forstå siden hu bur me oss og har vokse opp med kjærlighet. Eg har funne ut at kattar har goe blærer. Vår kjære Trixi har fått vore inne i sofaen om dagane nå siden det e så kaldt ute. Det ser ikkje ut så han/hu lea på øyrene ein gong heile dagen. Katteliv må væra som å vinna 54 millionar i Vikinglotto. Ingen bekymringar, mat og varme og kos når det er behøves. Alle behov oppfylt. Kanskje eg ska fortelle om fugleflokken som bur utenfor stovevinduet vårt neste gang. Som takk for goe mat skite di på terrassen. Men eg flytte ikkje i leilighet for det om!

Klart for Schrødingers Katt!