mandag 31. august 2015

Et barndomsminne

Sjøl om eg har levd meir enn seks tiår så har eg og vore liten eingong. Eg var stort sett veldig lydig og snill, har mor mi fortalt. Men eg gjorde opprør i 10 - 11 års alderen.

I den tiå va det ikkje vanlig at me fekk gaver i hytt og vær. Og eg e fødde i desember, så på sommerstid kunne eg ikkje forventa  å ønska meg unødvendige ting. Men eg kjende nåken som hadde badminton. Det var heilt fantastisk. Ein opplevelse som slo ut alle andre morsomme leker.

Ja visst va det kjekt å jeppa, leika trebons (boksen av), gøyma oss i formakåle til onkel Amund, tikken og alt det andre en nesten har gløymt ka va. Men badminton!!!!!!

Men eg fekk ikke...  Det nytta ikkje kor møkje eg grein og gnålte. Nei va nei.

Det va då eg og Haldis fann ut at dei foreldrene me hadde ikkje va brukande. Me kunne lika godt rømma. Så i hallfemtiå ein fin sommardag tok me avgårde. Det va den gongen kroneisen kosta ei krona, og me kunne få to femtiøres isar for den kronå. På starten av rømmingå traff me ein kjenning av far min. Han gav meg ei krona te å kjøpa is for. At det gjekk an å kjøpa to femtiøres kom me ikkje på (hadde vel ikkje komme så langt i matten då). Me kjøpte kroneis og slikkte kvar vår gong.

For sikker hets skyld hadde eg lagt et avskjedsbrev på kjøkkenbordet: De kan leita etter meg i aust og vest og sør og nord, men de finn meg aldri!

Me starta vandringen med kurs for mine besteforeldre i Vikebygd. Det er va tre mil.

Det var varmt og langt, og eg blei veldig sleten. Rett nok var det ikkje mange bilar på den tiå, men når me høyere nåken så heiv me oss ned i grøfter og bakom steinar. Me var livredde. På den tiå va det ikkje så møkje mord og uhemma i radioen. Me hadde ikkje fjernsyn då. Men ein viss Schnitler hadde vore tema ei stund. Det hadde me fått tak i. Pluss at han hadde folkevogn. At han var tatt og sat i fengsel la me ikkje større vekt på.

Etter fem timar kom me fram til garden der bestemor og bestefar min budde. Haldis venta bakom ei hesja, mens eg sko lura meg inn for å sjå etter mat.

Selvfølgelig blei eg oppdaga. Bestemor mi slo hendene i samen og var så glad for hu fekk gjester frå Ølen. Haldis kom fram frå hesja og me fekk både mat og drikke. Gode senger med høy i hadde de og. Det blei ein telefon til mine foreldrer. Men tenk - de hadde ikkje merka at eg var borte ein gong. Fri barneoppdragelse!!!

Neste dag blei me satt på bussen.

Men det skal seiast at eg fekk badminton. Så det var ikkje forgjeves.

Moralen er: stå på krava.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar