tirsdag 22. april 2014

Funksjonsnedsettelse

Det har eg nå. Det vil vara nåken veker. Det vil halda hardt for meg å klara dette uten å gå frå konseptene.

Nå, når eg kan ligga på sofaen og lesa gode bøker har eg ikkje lyst å lesa bøker.... Hæ!!!! Ikkje har eg oppdaga nåken goe repriser på TV heller.

Åja, eg vett at detta e syt. Men eg har jo mista kontrollen i heimen. Fekk nettopp installert et høgt toalettsete for å gjera det meir behagelig når eg ska på do. Det har vore ein lidelse å senka seg ned på skålå. Og eg må tilstå at det har gått gale og. Men det eg tenkte på når toalettsetemannen var her: oj, er der reint på do?????? Eg hadde ikkje kontrollen. Og detta e bare begynnelsen.

Eg har  ein rullestol til disposisjon. Heldigvis. Men eg dunka borti det mesta på mi ferd. Eg kan kjøra inn på kjøkkenet. Har klart å vaska over benkene. Men eg må jo ha hendene fri for å snurra hjulå. Lite eg kan bera med meg. Har mobilen i ei taska rundt halsen.... Livsviktig redskap. Eg har opplevd å ikkje nå den. Krise!!!

I alle andre rom er der dørtersklar. Kjeme ikkje øve dei. Då e det å klatra med krykker. Eg kjenne at eg får trimma armmusklane. Det kan trengast.

Husmorå i meg grine, men det er bare å akseptera sakens fakta. I dag er det kjøttkaker frå Fjordland på menyen. Viss Ernst kan hjelpa te med å få varma det opp. Vaskelig å gå på krykker og halda middagstallerken samtidig.

Må sei at dei med varig funksjonsnedsettelse har min store respekt. Dei syte ikkje, men kunne ha gjort det.