torsdag 23. juni 2016

Sjuke mann

Maen e sjuke! Nå har han låge som et slips på sofaen i fleire dagar. Det e ikkje møkje lyd i han, men han ligge nå der.

Det betyr at eg helle ikkje får utretta nåke. Så eg seig ned i stresslessen og blei der. Eg e ikkje rara sjukesøsterå. Kjenne at eg heilt mangla dei genene. Men han har fått saft og kjeks, dvs det var vel helst Signe som ordna det. Mat vil han ikkje ha.... Det betyr svikt i mine daglige rutinar. Pleie jo å sørga for middag kvar dag. Ikkje vits i det nå....  Han får egentlig gratis og lettvint slankekur. Urettferdig når eg streva livet av meg, og me snakke gram...Så det betyr endå meir fritid! Eg har min daglige spasertur på føremiddagen. Den sat ganske langt inne i dag. Sofasliting e smittsomt. Me har ein sofa i sommarståvå og, så mulighetene e der for meg.


Nå blei eg invitert til middag hos Signe. Goe greier - bare å legga innpå, og så gå etterpå. Men alt detta seie meg at eg e sjeleglad for at han til vanligt er ein ordinær arbeidskar. Tenk viss me skulle gått heima og tusla rundt i lag kvar dag!!!! Det kunne tatt på hos nåken og ein kvar. Så nå håpa eg for alles del at han snart blir friske, og kan forandra stilling frå horisontalen til iallefall oppreist i stol. Eg e ikkje skapte til å væra pleiar. Det va ikkje snilt sagt......
Og e gjere så godt eg kan....

Det blir iallefall ikkje St.Hans feiring for dei to gamle i Tranevegen i kveld.

lørdag 11. juni 2016

Den late dagen

Detta har vore ein sånn dag som kom og gjekk. Nå e det sakta et par timar igjen av døgnet, så me får sjå. Eg har kjent på kor ufattelig late det går an å bli!!!

Det starta allerede til frokost. Å smørja på ei sjeva blei for hardt, så det blei ei skål med frokostblanding. Men den sete godt i, så det gjekk ei stund før eg måtte fylla på.... Eg traska bort i gatå for å sjekka ut Nordsjørittet, men det og var fort gjort for min del i dag. Siden eg ikkje var med i banangjengen fant eg ikkje roen der heller. Men eg syns de var litt tammare i  år når eg ikkje va der... Det var faktisk så gale med latheten min i dag at eg seriøst vurderte å væra med Ernst ein tur til Biltema! Bare for å bruka opp nåke tid.

Ernst har pussa garasjeportar klar for oppsjeining. Han antyda at eg kunne pussa øve med litt sandpapir, men då fekk eg det travelt med å gå på do. Trur han glømte det ittepå. Eg har jo lørdagsfri. Me pensjonistar e jo pensjonistar heila vekå, så det e klart at eg må ha fri på lørdagen.

Eg har radla litt med mor mi på telefonen, og hu hadde det akkurat på samme måten. Denna dagen va hu og late. Eg har arva masse av henne, både det eg lika og det eg ikkje lika. Men hu va et grepa kvinnfolk når hu va på min alder, den energien kunne eg tenkt meg.

Gubben e ute å trimma magaflesket på sin vanlige lørdagstur på Kongeveien. Kanskje eg sko greia håret og ta på lebestift før han e tebake? Det ska væra lurt har eg lese...

Eg klarte å avslutta ei bok eg har hatt tak i nåken dagar. Løyen slutt, akkurat som om nåke mangla. Hu hadde vel heller ikkje fått litteraturprisen, men greitt med litt enkelt innhold på enkle dagar.



Så nå har eg slengt meg på sofaen i sommarståvå og vurdere Bøen mat til lørdagskos.

Går det an?