torsdag 27. oktober 2016

Tannlegen

Sjøl om eg vett at alt går bra klara eg ikkje å viska vekk minnet frå skuletannlegen. Sikkert et minne eg dele med mange.

Eg trur det var i 2. klasse at eg blei introdusert for tannlegen. Mor mi og eg tok bussen til Etne der tannlegen holdt hus. Bussen var full av mine medelever og deira mødrer. Mor mi prøvde etter beste evne å formidla ka me sko ut på, men klarte det ikkje. Det hu derimot klarte var at eg forstod det var nåke fryktelig som skulle skje. Kroppsspråk og talespråk kolliderte. Det første tannlegen sa var: Nå skrike du ikkje. Ingen av guttane har skreke. Blei ikkje mindre redde... Ei av jentene stakk av. De måtte leita rundt heila Etne for å finna henne. Eg vett ikkje om hu kom seg til tannlegen.

Dette har nok vore med på å forma mitt ubehag for tannleger.

Eg kan sei at eg har skulka arbeid ein gang i mitt liv. Eg var 19 år og arbeidde på et kjedelig kontor i Haugesund.  Irene og eg hadde planlagt ein goe fridag. Me skulle gå på platebutikk og høyra på plater. Ikkje nåke streaming på den tiå... Men eg fekk så ufattelig dårlig samvittighet. Eg ringte til tannlegen og sa eg hadde ei vonde visdomstann, og måtte derfor få komma med ein gang. Deretter kunne eg ringa til jobben og sei at eg måtte væra heime fordi eg hadde trukke ei visdomstann. Då fekk eg vondt nok, og det blei ikkje skulk!!!

Så i dag når eg hadde tannlegetime kom eg sjølvsagt 10 minutter før tida, og måtte venta 10 minutter over tida. Det betyr 20 minutt med alle demonar som finns rundt i min mage.

Eg skulle egentlig inn å slipa ned ei tann for å få krona på den. Såg for meg eld og svovel og svilukt. Eg trur detta må væra lykkedagen min!!!! Tannlegen kom fram til at eg kunne venta ei stund til før eg starta med riveprosessen i munnen. Han reparerte nåke anna som var havarert og eg kjende ingen ting.

Eg ligge i stolen som et lik i kista. Hendene er folda fint over magen, og til tider blir eg oppmerksom på at eg trykke dei mest heilt inn til ryggraden. Og på meg er det litt av et stykke. Men den lykkefølelsen eg får når eg kan hoppa ned av stolen. Det er mest som det er ei gleda å få betala!!!

Så nå er alt sang og glede. Heilt til tirsdag. Då skal eg til tannlegen som studera tannkjøttet mitt. Då blir det svilukt!

fredag 7. oktober 2016

Skråsikker

Det må ha vore bedre den gangen jorda var flat. Den gangen før Internett. Då var det som blei fortalt sannheten, og skulle det finnast nåken tvilarar blei dei halshogd eller munnen blei stoppa på ein annan måte.

Sjøl var eg sikker på at eg visste det meste før i tiå. Før i tiå var den gang både gutar og jenter hadde langt hår, vide bukser -  gjerne med sleng, og me var pynta med masse kjeder rundt halsen. Det var tider, for då var det kun to nyanser av svar for min del: kvitt eller svart. Dei gamle på 30 hadde ikkje levd livet sånn som oss, og følgelig hadde de ikkje forstand på så masse. Konene som var gift, gjekk med kufta og skaut - ikkje ulikt hijab. Vaksne menner, sånn som farar eller onkler og sånt, såg me ikkje så masse te. Dei var på arbeid, og måtte bare trø te i veldig vanskelige tilfeller....

Men så forandra verden seg. Først var det fjernsyn.... alt der var sant. Me hadde aldri tvilt på innholdet i avisene før, men fjernsyn var sant. Eg trudde det som stod i Romantikk og Love var sant og...

Og så kom Internett. Nå er det umulig å væra skråsikker på nåke. I dag googla folk 10-gangen.

Men så er det sånt, at finne me et svar som er sant - så plutselig er det et svar til som også er sant, bare at det er motsatt. Ta f.eks slankekurer: av og til er det flesk og servelat som er den store sannheten. Plutselig så er det gulrot og selleri, eller supper... jysla irriterandes. Ikkje løye me gir opp..

Kanskje det var enklare den gang jorda var flat. Men ikkje den løysningen å slå folk i hel om de ikkje er enige. Dessverre brukast den metoden rundt om i den runde verden den dag i dag. Så nåke overlever dessverre.

Nå vil eg venta på resultatet av fredsprisen, før eg spenne på sko og går ein tur. Mens det ennå er sunt.