søndag 23. september 2012

Haust

Fårikålen e på kok, og klokkå e ikkje meir enn ni på morgenen. Det må vel vitna om at eg e klar te å ta søndagen i bruk.

For ein dag!!! lyseblå himmel uten ei sky, og strålande sol på ein kjølige morgen. Reint så ein kan bli ein smule poetisk av det. Eg lika starten på hausten. Det e den tiå me tar oss inn igjen itte ein travel sommarsesong. Nå kan me krypa i samen i holene våre. Fyra i ovnen og tenna stearinlyså... Det bør væra ganske bekymringslaust.

Nå må eg passa på at eg ikkje gjere samme feilen så ofta skjer i oppstarten te hausten: eg trur eg kan håndarbeid og sånnt. Det e ikkje få strikkenøster og heklepinnar, og det så dyrare e, så har funne vegen te vår heim. Det ser så koseligt ut. Men det hjelpe så lite, når eg ikkje kan/har tålmodighet te å få det te. Frå tidligare tider har eg meldt meg på kurs der me har laga dokker, applikert, malt på glass og eg vett ikkje ka... Men det har ikkje fortsatt ittepå. .... Har egentlig lyst å mala bilder ... Det ser så kjekt ut.

Men det får venta te eg blir pensjonist. Når eg har rydda ferdig på loftet og i kjellaren og i alle skap. Når eg har lest masse goe bøker, laga fine hage, gjort nåke godt for medmennesker, vunne i Lotto, alt det som ikkje blei før.....

Men i dag, nei i dag ......