søndag 25. november 2012

Hjerneføde eller hjerneøde?

Eg abonere på ukeblad! Og eg syns det e så kjekt når desse glansa bladene kjeme him te meg i postkassen. Eg krølla meg i gostolen og sluke alle dessa gode tipså. Her finne me ut kos me ska kle oss viss me e i tvil. F. Eks så kan de lønna seg å finna ut ka slags kropp ein har. E det ein A fasong elle litt lenger ut i alfabetet. Når det e på plass, kan ein gå te steg to. Me kan ikkje ta feil her...

Og så e det alle interiørtips, tips te dekking av bord f.eks. Det ser heilt nydeligt ut. Eg har jo prøvd å herma itte det. Det e ikkje alltid eg får sekser på terningen i heimen for det. Her i huset ser de meir på at det mangla plass te maten når bordet allerede e opptatt med lys og skåler og blomster og perler osb.

I desse førjulstider kan det nå væra lett for å gå på en annen smell. Den der med: steg for steg viser vi deg hvordan du lager dine egne juledekorasjoner. Kin har ikkje gått på den! når hjertene svulma av hjemmekos og lykke så e det bare egenproduserte dekorasjonar som mangla for å få julekosen perfekt. Før ein vett ordet av det har me kjøpt inn materialer som runda tusenlappen. Resultatet blir sånn midt på treet. Me har igjen masse glitter og stas som e te overs, og me kunne kjøpt dette ferdig utført av profesjonelle te halve prisen.

Men me så e fødde i nærheten av første halvdel i forrige århundre får dårlig samvittighet når ikkje kakeboksane fylles opp i adventstidå. Eg kan prøva å øvebevisa meg sjøl om at Mega kan baka for meg, men eg får et stikk i hjerte når eg seie det. Eg har tross alt fullført husmorskulen! Men i dei siste årå har eg valgt stikket i hjertet....

Og så - når alle praktiske oppgaver e utførte. Sølvet er pussa og grønnsåpeluktå fylle huset, då kan me ta for oss historiane frå virkeligheten. Her kan me lesa om hu så va den andra i livet hans heilt te hu forstod at detta ikkje førte fram. Deretter sette hus seg attmed drømmeprinsen på bussen. Detta blei te to ungar og et liv med lykke og heimalagde kaker.

Det seie seg sjøl at me må ha tid te detta og innimellom Dagens Næringsliv og Tolstoi.

lørdag 3. november 2012

Penger spart er penger tent

Eg har vore på Obs på Bryne og handla dopapir. Det va på tilbud. Annakvar handlevogn me møtte hadde lasta opp med dopapiret. Fantastisk flott å få detta livsnødvendige produktet på salg!!! Men eg har i ittekant tenkt litt på ka så får meg te å hoppa på sånne tebud??? Eg tapte jo te Obs'en, ingen tvil om det!! Eg kjøpte f.eks. Biff te 450 kr kiloen for han såg så goe ut, og eg va litt svulten. Og så va det i ferige pakkar. Men eg har egentlig ikkje bruk for meir enn ein halve kilo.... Så då blir det meir te komposten te slutt.

Og i dag va eg på Megaen her. Der va Findus'en med 40%. umuligt å la sånnt gå ifrå seg. Nå e det så vidt lokket på fryså går igjen. Greit å veta at Ernst og eg har nok mat de første månadene (og kanskje årå) .... Å så e det alltid litt meir "kjekt å ha" så dette oppi handlevognå. Eg blir forførd av unødvendige handlevarer alltid.

Verden vil bedras, og eg e ein av de mest lettlurte...

Men så e det den goe følelsen me får når me trur me har gjort det kuppet!  Det e jo genialt det der med å ta tre betal for to. Men kanskje ikkje alltid - ikkje visst me bare trenge ein... Og så syns eg det e vanskelig å skjønna tilbud som seie at viss du plukka den og den og den så blir prisen sånn, eller sånn eller sånn. ÅÅÅÅÅÅ koss kan eg veta atte hu i kassen kan alt detta? Og kaffor kan det ikkje væra så enkelt atte prisen e fast og lette å få aua på?

Men det e klart at kosta kjolen 1395 og eg får han te 395 bare om eg kjøpe støvlettene i tillegg te 1500, ja så har eg jo gjort et kupp - eller?

onsdag 24. oktober 2012

Livsstil eller livsstilsendring?

Vel, nå har vore på seminar om pensjon og kosthold. Grunninnholdet om pensjon bør eg ha inne, men det der om kosthold og livsstil gav meg grunn te å tenka meg om.

Det høyres så enkelt ut!!!! og eg får jo ikkje gofølelsen når eg tenke på mitt bidrag te å halda kroppen i EU godkjent stand.  Har egentlig alltid tenkt at eg e sånn midt på treet sunn i det dagliga. Eg hive på ei gulerot i lag med potetå og Findus fiskagratengen, gafla i meg - og lure på om eg sko hatt ein Pin Up te desser. Ittepå e det fram med slumreteppet for å ta ei goe avslapping på sofaen. Av og te har eg lag med katten. Hu lika og å slappa av. Og ittepå der så slite eg meg te den andra siå i stovå. Der står stresslessen klar - og fjernkontrollen e innenfor rekkevidde.

... Og eg  har vore inne på at det e på grunn av alder og dårlig forbrenning at eg må opp i størrelsar ......

Vel, eg tenke det må bli mandag før eg kan gjera forandringar. Ikkje så lett med livsstilsforandringar midt i vekå.



Ka slags grønnsaker ska eg satsa på i tillegg te gulerotå?   Det har så lett for å visna i kjøleskapet. Og frukt - det e og viktig, og egentlig ganske godt. Eg har høyrt at juce kan erstatta ei eller fleire frukter, så då lure eg på om et vinglas e det samma så ein drueklase?

Det så e den største utfordringen er å væra i aktivitet. Men eg sykla te arbeid, det tar mellom 7 og 10 minutt. Og det kan henda eg utvida itte kvart ( må bli mandag først)

Eg vil gjerna detta, men eg slite med alle kreftene inni meg så motarbeida meg.  Kanskje eg sko venta te nyttår....   Litt dumt å prøva å feila nå før jul - eller????

Eller kanskje eg heller sko spara litt te pensjon heller... 

søndag 23. september 2012

Haust

Fårikålen e på kok, og klokkå e ikkje meir enn ni på morgenen. Det må vel vitna om at eg e klar te å ta søndagen i bruk.

For ein dag!!! lyseblå himmel uten ei sky, og strålande sol på ein kjølige morgen. Reint så ein kan bli ein smule poetisk av det. Eg lika starten på hausten. Det e den tiå me tar oss inn igjen itte ein travel sommarsesong. Nå kan me krypa i samen i holene våre. Fyra i ovnen og tenna stearinlyså... Det bør væra ganske bekymringslaust.

Nå må eg passa på at eg ikkje gjere samme feilen så ofta skjer i oppstarten te hausten: eg trur eg kan håndarbeid og sånnt. Det e ikkje få strikkenøster og heklepinnar, og det så dyrare e, så har funne vegen te vår heim. Det ser så koseligt ut. Men det hjelpe så lite, når eg ikkje kan/har tålmodighet te å få det te. Frå tidligare tider har eg meldt meg på kurs der me har laga dokker, applikert, malt på glass og eg vett ikkje ka... Men det har ikkje fortsatt ittepå. .... Har egentlig lyst å mala bilder ... Det ser så kjekt ut.

Men det får venta te eg blir pensjonist. Når eg har rydda ferdig på loftet og i kjellaren og i alle skap. Når eg har lest masse goe bøker, laga fine hage, gjort nåke godt for medmennesker, vunne i Lotto, alt det som ikkje blei før.....

Men i dag, nei i dag ......




tirsdag 28. august 2012

Følsomhet

Eg trur eg e for følsomme. Kjenne på et vell av følelsar i alle situasjonar. Då helle eg vekke dei der private med hjerte og smerte... Eg snakke livet spesielt

For eksempel så kjenne eg det visst eg ved et uhell skulle dumpa borti ei eller aen så demonstrere/vise fram nye produkter i butikken. Ser eg ei så ska presentera ny ost eller et nytt knekkebrød så går eg store omveier. For eg har ikkje hjerta te å ikkje kjøpa visst eg tar imot smaksprøve..... Og det e ikkje alt eg har lyst på..  Har dåke sett meg når eg snike meg rundt med et ansiktsuttrykk som ska demonstrera likegyldighet?

Likt e det visst eg ska ha nye klær. Har eg då bedt om hjelp te forslag te nye garderobe - ja då kan eg for skams skuld ikkje la væra å kjøpa når ekspeditriså har bore fram lass på lass med klær te meg. Einaste e visst di klistra på seg sitt finaste tannpastaglis og seie: ja detta kledde du!  Og eg ser at det e Ikkje sant, at det heilt sikkert ikkje e sant. Då går eg ut samma kor mange antrekk eg har prøvd. De lure ikkje pus med ei tremus!!!!

Lure på ka tid eg ska vakna opp og finna ut at de andre i verden ikkje e sånn? Sikkert derfor eg har så mange "kupp" liggande rundt i skuffer og skap. Eg kjøpte for skams skyld. Det gjelde og dei så kjeme på dørå med tegningar så de selge te inntekt for si døve og blinde søster ...  Eg har prestert å kjøpa ei store eska med knivar på ein parkeringsplass i Tyskland. Fordi dei va "anbefalt" av verdens beste kokkar....   Kor dum går det an å bli?

Me e nok mange som e i denne "følelseklubben". Me lure på om me ska gå i begravelsen te ein gammale nabo på 105 år fordi me kjente eingong søskenbarnet? Me lure på om de trudde eg meinte det - når eg sa det???? Og så lure me på om nåken såg at eg snofla i egne føter når eg gjekk tur. Vannari om eg slo meg, bare ingen såg det!!!! følelsen av å skjemma seg ut øvegår skrubbsår på kneet.

Vel, nå føle eg for ein iskrem!




torsdag 2. august 2012

E sommaren over?

Nå er me kommen heim frå årets ferietur. Suksess. Bobilen har oppført seg eksemplarisk, og værgudane var på vår side. Det e bare å begynna å gleda seg te neste år, og så har me nåken langhelgturarar å sjå fram te før haust og vinter øvetar. Eg må kjenna litt på kor fornødde eg e


Me avslutta turen med ein snartripp i Ølen. Og det va ikkje lenge før mine  søsken med feller va på plass. Stemningen blir høge med ein gong me samlast. For det har alltid vore sånn at den så skrike høgaste har rett. Og det blir fortalt mange skrøner og historiar frå gamle dagar. Men me har det kjempekjekt, og gjere masse av oss. Så det e ikkje løye at far min lurte på om alle dessa "ungane" verkeleg var hans.

Og katten va så glad for at me kom heim! Han (det e ei hu) har meste ikkje rikka seg vekk frå sofaen. Og så e han godt inni røytetiå, så det vises!!! godt me ikkje e allergiske og at me har støvsugar

Men det va jamen godt å komma heim og. Eg har pusla rundt i huset sånn så husmødrer ska. Eg lika det!! Men eg ville ikkje hatt det sånnt lenge. Men eg har f.eks vaska i barskapet. Der fann eg vinflasker frå den tid me lagde vin av ripsbær. Men eg føle ikkje for å prøva å smaka på an altså. Me får sjå om me kan ta de fram om det blir rektige krisa. Viss alt går te helsike og pensjonen min forsvinne så kan eg trøsta meg med årgangs ripsvin. Og eg snakke årgang!!!

Og så har eg gjort andre husmorfornuftige ting. Deilig med goe tid.

Så på mandag e det på an igjen i den gamle tralten. Tenkte et øyelikk på om eg sko begynna med et nytt og bedre liv, men etter nøye øveveielse har eg komme te at det får venta ei stund te... Men eg har bestillt nye briller. Og det e te å gå konkurs av!!!! (og så har eg kjøpt ei krukka med 30 days - ska gå ned to størrelsar på ein måned seie reklamen - men eg vente litt .......)

Siden eg e inne i ei goe flytsona e det lite drama å formidla for tiå. Værkartet seie lyn og torden. Godt me har hole hus og Ernst e heldige så har ei så avslappa og avbalanserte kona for tiå. Men i går va de rett før han fekk seg ein om øyrene når han presterte å sei at eg kunne rima av fryseboksen siden "du har så goe ti" HA!!!!

Det e eg så bestemme om eg har goe tid elle ikkje. Kanskje eg hadde andre planar??? Men eg gjorde det, siden eg har fått tildelt detta milde sinnelaget. Det har gått utruligt smertefritt å trø i føtene på kvarandre i dagasvis.....og når eg lese i stjernetegnet mitt i ukeblanå for resten av året e det ikkje måte på kor masse positivt så ska skje meg.

søndag 15. juli 2012

Charterturen

Vel, der var min debut som charterturist over. Har innsett at det er en del koder som må lærast før ein har full effekt av dette livet.

Men me har hatt det knallkjekt, når me endeligt fann ut kos det virka. Me kom ner te ein by der gradestokken viste mellom 30 - 40 grader. Dag og natt!!!

Først syns eg det va fantastisk. Eg sendte tekstmeldingar der budskapet
va at eg elska dette livet .... Men så ....det blei for varmt for meg. Det va såvidt eg klarte å gå 15 m mellom kvar gong eg måtte setta meg ned for å leska meg med brus eller lemonade og av og til ei øl. Eg har jo ei fortid med jobbing i tropevarme så eg kan alt det der om inntak av veskemengede og at ein ska pissa lysegult!!!! Og så inn med salttablett. Det va viktig i gamle dagar.

Tirsdagen hadde me meldt oss på ein busstur te Dubrovnic. Samme temperatur, og ein lang busstur - då med aircondition. Det var ein flotte gammale by, på EU's liste over verneverdige byar, og med millionar av turistar. VELDIG varmt.

Så på onsdag morgenen sa eg te Ernst at hadde me nå vore med bussen/bobilen så ville eg ha flytta meg te ein aen plass. Eg hadde fått nok! Signe hadde i tillegg blitt forkjølte og tette av airconditionen.

Men så - då knekte me koden: me begynte å slappa av sånn så det ska gjerast. Tidligt ute med håndkle i solsenger under parasollen. Så rett etter frokost så slanga me oss der, bare avbrutt med ein tur i Adriaterhavet. Det var ca 25 m frå hotelldøra. Og for ein sjø!!! Det var som å gli ned i silke. Passeligt svalt, men alikavel varmt. Å så flaut eg heilt av meg sjøl. Eg e ikkje nåken delfin i vatnet, så det var hærligt. Ernst søkke, så eg lure på ka armering han har i beinå? Men du å du så fantastisk. Slumra litt under parasollen, godt innsmurt med faktor 30, og ned i sjøen med unevne mellomrom - bare avbrutt med ein lunsj, lett drapert med et klede rundt bikinien.

Og om kveldane promenerte me på promenaden. Og va på markedet for å sjå på juggelet. Fine tider.

Dei ansatte i servicenæringen i Markaska va fantastiske. Veldig serviceinnstilte. Smilande, hjelpsomme, vennlige og litt tilbakeholdne. Eg likte holdningane deiras.

Det va jo ikkje alt så va heilt innlysande for oss som alltid har feriert i buss/bil, og har hatt med oss alt som det kunne tenkast det blei bruk for. Kaffor va det ingen som sa te meg at Ernst ikkje trong dei fem langbuksene eg hadde pakka ned, når han hadde med like mange shortsar? Og at eg ikkje hadde bruk for den varma jakko eller genseren...

Eg måtte kjøpa meg et par sko å gå i. For føtene mine blei på fasong med elefanten sin. Det blei ein bestemorvariant to størrelsar øve det eg pleie bruka. Men neste gong eg eg nok litt bedre, for eg e heilt sikker på at detta gav meirsmak. Ska bare ikkje reisa på den varmaste tiå.

Det va godt å komma heim te kneipbrødet. For sjøl om eg såg fram te å få alt maten serverte, gjek eg fort leie. Me fann ingen kulinariske opplevelsar. Syns maten va kjedelige, men så va me jo bare på turistplasser og

Og nå e me snart klar te å fortsetta å feriera på "gamlemåten"

onsdag 4. juli 2012

Ferieklar

Det har aldri vore så nærme så nå. Forventningane te ferien e alltid skyhøge!!! Men før me e vel avgårde e der nåken grøfter me nesten alltid må ned i. Tålmodighetsstrikken e rett før rykepunktet.

Eg føle at eg må ta ansvaret med pakkingå. Og då stressa eg. Og så pakke eg alltid for masse. For alle anledningar..... Og så tåle eg ikkje spørsmål så kan minna det minste om kritikk. Sånn på utsiå kan eg sjå at eg e urimelige. Men eg kan ikkje gjera nåke med det. Så stakkars Ernst viss han då spøre: har du huska .... Då e eg ikkje særlig mjuke i stemmen når eg svare.... JAAAA, pakk sjøl!!!!!!!!

Eg lir meg igjønå strekningen mellom vaskemaskinen og koffertane. Stressen gir et vanvittig håveverk, og eg ønske meg medfølelse eller oppmuntring. Men eg ser jo at det er lika lett å finna det retta å sei så det e å vinna i Lotto. Nå har eg rast rundt her med ei risputa rundt nakken. Kokvarmt. Eg vett ikkje om det hjelpe, men nåke må eg prøva.Men eg e alltid tidligt ute - så eg var vel meste ferdige med alt i går kveld (sånn lett rekna 4 dagar før avreise).

Og sånn e det med det mesta. Eg e tidligt ute. E fryktelig redde forå komma for seint. Så når flyet går i 7 tiå om morgenen e det vel meste ikkje vits i å legga seg først?


Og så e det å ha kontroll på biletten og passet. Du store min, kor mange gonger eg må kontrollera at det e der. Og alltid oppleve eg et lite øyeblikk at eg ikkje finne det. For eg har lagt det i ei lomma i veskå eg ikkje visste eg hadde.

Det e ikkj møkje verdensvant øve meg når eg meste ikke tar sjangsen på å gå på do når eg på flyplassar. For eg finne ikkje fram. Eg tulla meg vekk i et firkanta rom. Det hjelpe ikkje særligt på sjølfølelsen....


Men, så e me endelig på vei. Då lysna det!!! Å du og du, så fantastastisk flott det e med ferie. Uansett klokkeslett. Eg ska jaffal ha rødvin på flyet!!!

God sommae til alle. Trur det blir den beste sommaren EVER!!!!

onsdag 20. juni 2012

Må alle ha et forhold te musikk?

Eg har nå gløtta litt på TV. Der e han Justin Bieber. Selvfølgeligt så gir han ikkje meg det stora kikket. Eg kunne vore bestemorå. Men så tenke eg: va eg og sånn år eg va 13, 14? Eg trur ikkje det. For eg har aldri heilt kunna masse om musikk. Selvfølgelig prøvde eg å skjula det i oppvekst-, ungdom- og til dels vaksentid. Men eg blei jo te dels avslørte ...

Eg har dårligt med gehør. Men syns det ser så kjekt ut å synga. Så av og te synge eg i lag med andre når eg trur de ikkje kan høyra meg. Som unge sat eg i baksete i far min sin bil og song "han tek ikkje glansen av livet" og "mellombakkar og berg" med skjelvande stemme og stor patos. De sa aldri nåke, men trykte litt ekstra på gassen for å komma fort fram. Eg grein i fleire dagar for å få ein gitar. Det førte fram, eg fekk gitaren. Va med i Yngreskoret i fremste rekke. Me reiste rundt og opptrådde - men eg slo bare litt på strengene og tok imot applausen. De andre kunne spela trur eg. Eg høyre jo ikkje forskjell...

Når eg e i begravelsar så synges det ofta så fine salmer. Når eg vaks opp så kunne me salmene. Men i kyrkjå spela de i ein toneart for spesielt viderekomne. Då våga eg jaffal ikkje å syngja. Det kjeme ut ein pipelyd. Men eg lea på munnen og synge inni meg

Eg høyre altså forskjell på Vikingarna og Stones. Og eg foretrekke de sistnevnte ... Og det e masse musikk eg syns e fine. Men ikkje spør meg ka de hette. Så då lure eg på: e det bare eg så har det sånnt? Då e det iallefall sikkert at eg mangla masse almennkunnskap, visst dessa tekstane e nåke så alle de andre kan!!! men eg kan mange vers av Ja vi elsker .... Og så kunne eg deklamera heila Terje Vigen når eg gjekk på skulen. Sko ikkje brukt mange kalorier på å fått det te igjen. Men nå e vel ikkje det akkurat sang....

For å toppa musikksmaken min kunne eg nå sagt at eg sette meir pris på fuglasang og sus frå bjørka ute i naturen... Men det e jo bare tull.. Måkaskrik e det værsta eg høyre - og egentlig e hylå te vibå på Jæren slitsomme og.

Så derfor: set på NRK kanal 1. Kanalen for dei som ikkje vil velga!!! så får me reint sjå ka så sjer

torsdag 7. juni 2012

Siste nytt

Vel, så har eg klypt meg. Mange år siden sist det blei så drastiske forandring - og dette er behørig kommentert på fjesbokå.

Eg har lært Ernst opp til å sei nåke positivt når det skjer forandringar med meg. Enten eg har fått nye klær eller nye frisyre. Det e jo slett ikkje alltid han ser det ..

Når eg kom him med det nya håve såg eg han sleit. Han har nemlig ein drøm om ei Synnøve Solbakken med flommande gullhår og midje så ein kan ta rundt med to hender. Stakkar, han har jo ikkje fått med seg at den tiå e faren. Nå gjelde det å ta på seg solbriller og væra fornøydde med det så e. Der har jo vore ein viss slitasje på han og....

... Og når det gjelde det med ungdomskilden: eg e igrunnen fornødde med at me aldri fant den. Det hadde vore slitsomt å væra på topp heila tiå. Nå e det jo fullt muligt å slenga seg nedpå sofaen å ta ein kvil når middagen e fortært. Eg ska ikkje nå nåke. Egentlig er livet i nerøvebakke ganske behageligt. Det harkje litt i leddå av og te - og eg helle ikkje så lenge utøve nettene lenger. Men nå kan me jo begynna tidligare. Festen kan starta klokkå seks. Me ska jo ikkje leggja ungane først....

Det e masse sant i dei der strofene om at når ein blir 66 så gjere me så me vil. Eg e ikkje heilt der ennå, men eg har te tider egne meiningar... Så eg øve meg opp te det nå.

For å halda fast på mytene så har eg nå slått i rødvinsglaset og KOSE meg. Kosing e ein av grunnane te at det må meir enn to hender te for å nå rundt midjen.

Og så gler eg meg te lørdag. Eg ska stilla som utvalgt heiagjeng frå SR-Bank. Me servere drikka og nødvendig blodsukkerstimulerande. Det e Nordsjøritte så gjelde då. Ska bli gildt!!!!

Så vennligst vink te oss, om du e syklist!!!!!

fredag 11. mai 2012

Teknologi før og nå

Det er heilt klart at eg ikkje e ein digital innfødt. Eg slite med å nytta all den nye teknologien som ligge klar å for tiå. Men kanskje det ikkje e så løye .... Eg e jo et fossil - så kjære medmenneske: ha tålmodighet.

Det kan kankje illustrerast med alt så har skjedd i Norge og verden dei årå eg har levd.

Eg har hatt et heilt normalt liv, likt dei fleste andre av min årgang. Det va meste ikkje bilar når eg va liten. Me hadde jo drosjesjåfør Støle. Han brukte hodnet i kvar sving. Det var enkelt å høyra når han var på gang. Bøndene kjørte dei 6 - 8 melkespannå med hest og kjerra. Av og te fekk me skuleungane sitta på. Fantastisk.

Traff me doktor, prest, lensmann eller lærar så måtte me neia for dei. Det va nåke hekkan når me var på sykkel ..

Det var ikkje lørdagsfri heller. Me gjekk på skulen alle dagane utenom søndagen. Har me fått meir vet av det mon tru?

Eg huska første gang eg var i ein dusj: et forferdeligt kjellarhol hos min venninne Haldis. Men eg syns det var vidunderligt når me to fekk lov te å stå under dusjstrålå. Me va små då.

Eg huska første gang eg smakte coca cola. Dei vridde glassflaskene med tjukt glas. Colaen var lunka. Smakte himmelsk. Eg kan framkalla luktå av og te. Eg huska første gång eg smakte sjokoladen mandelstang. Blei litt skuffa av den, hadde trudd det va nåke anna. Eg huska når mamma hadde gått på matlagingskurs og lært eksotiske rettar.
Æsj, steikte bananer va jaffal ein skuffelse. Kanskje mor mi og blei skuffa øve medlemmene i heimen så va så lite entusiastisk for det hu prøvde på.

.. Eg trudde aldri eg kom te å sitta i et fly, eller kjøra bil sjøl, eller kjøpa alt eg vil ..... Kunne nevnt ein heil masse meir frå steinaldertiå. Frå den tiå når ungane va ute og lekte te d va mørkt og morene ropte de inn. Frå den tiå me hadde utedo, og måtte legga oss når tidssignalet peip på radioen ...

E det løye at eg med denna bakgrunnen har meir enn nok med å bruka tlf te å ringa med, eller å senda ei melding i ny og ne (jaffal uten å bruka hjelpemiddelet ordlista).

Men de ska ikkje få tatt rotta på meg. Eg har tenkt å læra å bruka kalender, og notater og alt det eg ikkje vett kor e ennå. Bare vent!!!!!

Men nå e avsnittå forsvunne når eg skrive. Forstår søren ikkje kaffor det!!!!

mandag 30. april 2012

Der va det gjort!

Hjelp! Me har kjøpt bobil.... Og nå har kvalene starta. Eg får ikkje sova om nettene, vakna itte eg så vidt har sovna. Kaldsvetta, og ser for meg gjeldsfengsel. Stakkars ungane mine, håpa dåke ikkje har kalkulert inn nåke arv i framtidå. Det ser ut te å bli lite formue igjen unda madrassen her i huset... Det vise bare at eg har et svingande føleseliv!!! Sko gjedna hatt behandling ... Eg var heilt DER OPPE på fredag. Eg gleda meg så inderligt te å reisa å sjå på vidunderet. Me sko te Eikelandsosen, og hadde pitstop i Ølen på veien. På lørdagsmorgen blei eg piska opp av sengå klokkå 0630. I strålande vær fauk me øve hei og vidder, og kom fram te selgaren lenge før dei va klar. Der stod de med vaskebøttå og forlegne smil når me kom .. (egentlig hadde de hatt tre veker på seg). Tenke de snakka om meg som ei sære, hallsure kjærring. For visst va jo bilen fine. Men eg va ikkje heilt sikker på kor begeistra ska eg vara? Det e jo selgar og kjøpar her. Men me kan ikke det der med å pruta. Eg e voksen opp i ein heim der mor mi alltid betalte litt meir enn de bad om når hu kjøpte varerog tjenestar utenfor butikk... Og eg har arva litt av det og. Men tilbake til bilen. Han e nåken år .. E lagte når mellomblått va fargen. Og det ska seiast, fargen e gjennomførte. Men eg lika han ikkje. Eg e et menneske med sans for haustfargar. Jaffal ikkje blått!!! Og det sa eg jo. Meste så eg skjemmes litt nå. Eg hadde jo sett bilde, eg visste han va blå. Men ikkje så blå ... Der va ikkje ein flekk eller rift i møbler eller gardiner. Utrulig. Eg klagte på fargen. E det løye de såg ut som om de hadde medlidenhet med Ernst? I tillegg ville eg fort him. Mens Ernst ville ha kaffi og kaker og sjå på utsikten og spør om alle mulige ting. Mens den kjærringå prøvde å væra hyggelige, men det e nå eingong sånn at når eg kobla øve så går det ner nåken gardiner i auene. Eg dette av litt.. Unnskyld. I Ølen syns alle at bilen med det blåa interiøret va fin. Nå står han der i gardsrommet. Eg har vaska gardiner og madrasstrekk og alt av tekstiler som kan vaskast. Og eg ekommen te at det e ein kjempeflotte bil. Egentlig e blåfargen fin. Det må væra håve mitt som e i ubalanse IGJEN. Det e nok et kupp!! Det e klasse øve oss nå når me glir fram i vår nye Concorde. Føle at det blir vanskelig å gi slepp på bussen som har vore del av vårt liv så kjempelenge. Eg meine at bussfolkå e meir romslige, tolerante, koslige, inkluderande, vennlige og masse aent enn mange andre. Har nok opplevd ein del snobbete bobilfolk. Heldigvis e de i mindretal. Inni meg vil eg altid væra ein bussefant. Uansett, nå e der ein flotte buss te salgs.

tirsdag 17. april 2012

Ut på tur - aldri sur (fra mitt ståsted)

Der var turen sammen med kolleger over. Så ka ska me gleda oss te nå? Det gjekk jo utrulig bra. Me e ein gjeng med alder så spenne fra begynnelse av 20 år te slutten av 50 år. Kunne lett skapt konflikter det. Og eg fortelle jo om opplevelsane frå den eldste enden.

Alle nordmenn som ikkje e avholds starta med vin elle øl på flyplassen. Iallefall me så reise i flokk. Uansett om det e kl 0600 om morgenen eller kl 1800 om kvelden. Heldigt for vår del då, det va kveld.

Eg va den heldige så trakk vinnarloddet på flyet. Eg fekk lag i ei som hadde ein drøm om å væra skuespillerinne og kunstnar... Sånn rundt 50 år som også hadde vore innom baren på flyplassen. Hu hadde fått godt tak i essensen i tekstar som ein kan kjøpa i plakatform. Disse som høyres så rektige ut: sånn som - Du må leva livet ditt sjøl, bare du vett ka så gjere deg lykkelig og alt det der liknande svadapreiket. Hu snakkte høgt, så då snakkte eg og høgt. Rekna med at de fleste rundt oss fekk tak i det mesta. Damå syns synd på meg som hadde vokst opp i Ølen "i sånne trange og mørke kår" og når eg i tillegg budde på Jæren der det bare gjekk i himabrent og dans på lokalet, då priste hu seg lykkelige for at hu budde på Sandnes (kor i helsiken e Sandnes). Hu spurte forresten om kor me sko av. Det indikere vel at flynå på Sandnes sleppe av folk på fleire plassar når de først e på tur....

Itte me landa på Gatwick starta slitet for min del. Eg har fått støvsugt den delen i hjernen kor retningssansen er, og visst nåken hadde gitt meg et kart så forstår eg lika masse av det som ei kinesisk avis opp ned. Eg må då heila tiå lima meg fast til andre i gruppå. Eg har kjempeangst for å bli åleina. Eg hadde aldri funne fram på egenhånd!!!!! Eg oppdaga og at hørselen må væra nedsatt. Iallefall høyrte eg/forstod eg langt fra alt som blei kommunisert. Så eg brukte langt meir energi enn bare det å slepa rundt med ein 20 kg tung koffert. Det kreve si dama å væra så observant på resten av flokken som eg må væra.

Så heldigvis, etter ein interessant tur med tog/undergrunn ramla me inn i luxusen. Me hadde valgt rektig der. Store senger som me kunne drukna i, flott utsikt, ansatte som spratt fram når de såg me TENKTE på et eller annet. Yes mam!!! Og frokosten va så god at ein dag tok eg han to ganger (de hadde to frokostsalar). Anbefaler Hilton.

Og Oxford street!!! Eg va så gåen i føter og kropp etter å ha trava rundt der at eg hadde problem med både å setta meg ned og å reisa meg opp etterpå. De selge ikkje klær te sånne som meg der. Kun te sylfider, og så selgde de SKO....!!!!! Damene hadde så høge hælar på skonå at eg forstår ikkje at de kunne gå oppreist. Eg hadde tippa av halve høgden. Men undommen va i nærheten av himmelen. Eg fekk lunka kredittkortet litt når me fann Mark & Spencer. Fekk iallefall handla truser i brukande størrelse. Utøve det trur eg garderoben min får handlast i gamlelandet. Ikkje store forskjell på designet

Camden market va me og innom ein del timar. Utruligt fasinerande!!!!!! Me fekk bare sett ein liten del av det. Sannsynligvis ein god del skattar der gøymt i skrotet....

Kulturopplevelsen tok me på We Will Rock You. Det kjennes OK ut når me får musikk som e kjent for meg og. Goe lyd, goe stemning.

Men siden eg har kommet til den alderen at mat er blitt ein høydare, vil eg sei at matopplevelsen me hadde på ein finare kinesisk eller japansk restaurant var min toppers. Eg har ein fasinasjon for plasser der så kinamenn bukkar meg ut på do. Ein liten situason oppstod når eg kom inn i detta flotta doet med rennande vatn, duftande oljer, levande lys - og så fann eg ikkje ei dodør.... Men når eg lente meg litt mot veggen gjekk dørå opp ... De var altså nesten skjult. Sannsynligvis kreert av ein designer med godt rykte.

Sånn rundt rekna, trur eg at eg har fått med det som eg har opplevd ei langhelg i London med mine tålmodige kollegaer. Eg e imponert over de unges evne til å finna ut kos me reise, kor me reise, kor går banen, kor går toget ....

Alle var enige om at det var ein gild tur. Men det va godt å komma heim igjen ....

torsdag 5. april 2012

Dagen derpå

Nå har eg nettopp stått opp til ein strålande mulighet av ein dag. Frisk og opplagt, klar til å ta i mot alle opplevelsane denne dagen kan gi.

Men sånn starta ikkje gårsdagen....

Og det e det som gjere meg så forundra. At eg som har levd mange generasjonar, e født i forrige århundre, prøve å gjera inntrykk av å ha normalt med vet: ikkje ennå har skjønt det med mengden av alkoholinntak kombinert med antall timar dette inntaket skjer på.

Men det ska seiast at me hadde det kjempekjekt på tirsdagskvelden. Eg må sei eg va på topp. Utrulig så spirituell ein kan bli når det blir innblanda nåken konjakkar. Ikkje finnes det problem heller!!! Men kaffor virka ikkje meldingstjenesten i håve? den som burde sei frå at nå må bremsene på og vannglaset fram? Trur ikkje det e installert hos meg. Det ska seiast at eg blir ikkje voldelige. Eg e ein snill person. Snillheten blir vel heller forsterka ....

Så då blir resultatet at når eg vakna neste morgen så prøve eg å vakna etappevis. Et aua om gongen. Prøve å øvesjå hjertebanken og slappheten....

Det e blitt nevnt før: det ska bli lenge te neste gang!!!


Det ska ikkje bagatelliserast all smerte alkohol kan gi i forskjellige situasjonar. Me e ikkje der heldigvis. Eg må vel også skyta inn at mange forhold har fått drahjelp av rødvinsglaset og .... Løye med kos motet auka!

Men dagen i dag har starta med egg og bacon. Seinare ska me inn til Haugen for å kjøpa komlemiddag. Så nå er alt tilbake til "normalen"

Fin påske til alle. Og skulle noen feilberegne konjakkmengden - det går over

torsdag 15. mars 2012

Frisk eller sjuk?

Vel, det ska jo vara muligt å kjenna på skrotten om ein e frisk eller sjuk. Men så e det sånn at når ein e usikker på om det e nåke så e spinngale, elle om det e reinspikka hyponkonderi, så kan alt skje.

Sjøl har eg hatt antydningar i lang tid på at håve ikkje va heilt godt. Det har kanskje dei rundt meg funne ut for lang tid siden, men ...

Eg har då sett for meg et utall av scenario: Ernst så leve de glade dager på forsikringspenger itte meg. Det hadde han for så vidt fortjent, for han har jo hatt sine utfordringar med meg i livet. Det var jo ikkje det værsta då. Men eg e ikkje klar for det ennå.

Men e me sjuke, så må det doktor te. Kjenne dåke te ka så skjer itte me har bestilt legetime? Det e heilt forbannt. Når me endeligt har fått summa oss te å bestilla denne timen, så forsvinne alle vondtane. Dette skjedde jo med meg. Eg føle meg som ein idiot der eg sete friske og goe på venterommet i lag med dei med krykker og plaster og hoste og alt så e. Tenkte et øyeblikk på å stikka av, sånn at de kunne få komma te dei så trong denna helsetenesten. Men me e jo godt oppdradde, så eg venta på innkallingå.

Vel inne sjå doktoren gjorde eg det lett for han: eg forklarte symptomå, og så fortalde eg han også at det egentlig ikkje va nåke å bry seg om, siden eg å hadde komme på ka så hadde gitt meg vondtane og kos me sko helbreda di. Det må jo vara greit for fastlegane å få litt enkle pasientar å ta seg av og. Nå ska seiast at han va medfølande og hadde forslag til løysningar så sikkert e gode. Og ikkje sa han at eg va ein tosk heller ... Men eg kjenne litt håveverk nå ...

Men kaffor e det sånn atte me blir friske når me har fått bestilt den timen hos doktoren????

tirsdag 6. mars 2012

Tur retur Ølen

Søster mi og eg har vore hima. Ja, me skulle i begravelse til vår gamle tante. Kunne selvfølgelig vore ein kjekkare anledning. Men hu sovna inn etter et langt og godt liv, så det føltes ikkje så trist allikevel. .... Og me fekk treffa mange søskenbarn me sjelden treffer ellers.

Men så er det dei verdensvante Roa-søstrene så e ute på tur. Det starta roligt. Selvfølgelig var eg ute i god tid - for sikkerhets skyld. Me kjørte roleg mot fergå så sko frakta oss over sjøen. Nåke av samtaleemnet var "tru om me må i kjellaren?" Kjellaren er altså botnen av fergå, og der vil me ikkje - uvisst kaffor. Rommet der er egentlig ikkje skumlare enn dekket på oppsidå. Men det er opplest og vedtatt. Men me måtte i kjellaren.... Eg dro håndbrekket godt te og sjekka fleire gonger at bilen var låst, og så sleit me oss opp i salongen. Det bar et par trailersjåførar,nåken turistar og me ... Der sete me og ser ut som om me slappa av, men med ein gong me høyre ei stemme på høytalaren så skvette me opp som to kaniner or ein hatt. Stemma ville bare fortella dei så ikkje hadde kjøpt billett kor dei sko kjøpa han. Så me sette oss ned igjen, litt forlegne. Ingen andre hadde reagert ... For å væra heilt sikre på at me nådde ned på nedre dekk i tide gjek me ned i gangen så tidlig at døra ikkje eingong var opplåst. Så stod me der, og lest som ingenting ..

Vel inni bilen blei håndbrekket løyst litt, eg skrudde på tenningen - for Ernst har sagt at bilen må glødast før eg starta han. Men etter ei stund, når eg innsåg at me var midtfjords - blei eg redd for batterikapasiteten og skrudde av igjen. Etter det hadde eg auene festa på andre bilar sit baklys. Eg var klar når den første bilen skrudde på tenninga. Turen av båten gjekk uten problemer.

Men så blei me liggande bak et segalår (Vikebygduttrykk for somlepave). Detta fekk oss til å snakka høgt og tydeligt om sånne bilistar i trafikken. Så snart eg fekk ein tjangs så ronga eg bilen øve doble gule striper, og nåken striper som var på skrå. Men me kom oss forbi!!! og detta var MEG - eg såg låg itte ein 2cv på heile motorvegen te Stavanger eingong, for eg turte ikkje gå over i venstre kjørebane ... Framskritt, ville ungane mine ha sagt.

Begravelsen i Ølen var fin og verdig min gamle tante. Eg var glad for at eg hadde reist fordi mine slektningar satte pris på det, og det gjorde eg og.

Og så var det heimturen. Nå var eg jo ein meir dreven sjåfør. Rett før me kom til fergeleie, møtte me køen. Så å spørs det: når me denna fergå? Selvfølgelig, et segalår framføre nå og!!!! Nå kunne me ikkje kjøra forbi, men stresset tok oss!!! Kor e pengene, finn fram pengene!!! Nærmare og nærmare billettlukå ... I siste liten hadde me kontroll på kontantane. Då var eg ca ein og ein halv meter frå lukå, så me måtte strekka ut alt me hadde av armar både hu inni der, og eg. men me klarte det. Og då va det segalåre framføre - dei stoppte opp rett før de sko kjøra ombord. Men de klarte jo te slutt å siga ombord då. Bommen begynte å gå ned, og Marianne skreik: KJØR, KJØR, KJØR

Matrosen va ikkje imponerte. Segalåre va to damer på vår alder ( sko aldri hatt sertifikat)

Me klarte det

onsdag 15. februar 2012

I dag ska eg få med meg ein episode av Lilyhammer. Eg syns det e så løye!!!! Enkel humor altså. Som de fleste kjenne til så eg eg tv slave. Me har to stykker i ståvå. Det funka akkurat som i et kontorlandskap. Reduser lyden, og konsentrer deg om det eine apparatet, då går det fint. Det goda med to fjernsyn i samme rom e at me har selskap med kvarandre. Og så kan eg kommandera på Ernst i reklamepausane. Og så kan eg lura meg te å eta lakris når han ikkje ser.

Nå vil eg ha enkel underholdning. Det ska ikkje væra mord og sånt. Og så e eg trøtte av TV program frå isødet. Nå har eg sett nok av isbjørnar og Antarktis og sånnt. Ærlig talt, ingen ting nytt. Ein isbjørn på tv i fjor e akkurat like ein aen i år. Lika jo pingvinane då, men me trenge ikkje øvedriva på dei heller.

Topp ti av tv-underholdning for meg nå e dessa så pusse opp og modernisera hus og hage. Men gubben har då heilt andre favorittar. Han ser på dessa ulvane og revane, elle bilar så krasje ... Eg vil jo bare gjera det lett for han år han ska til med oppussing her heima. Greit nok vett ikkje han ennå kaffor nåken planar me har på den fronten. Trur eg skåne han for det til tidå e moden.

Nå har eg fyrt i ovnen. Har brukt et par nevar med sånne opptenningsgreier. Nåke kvitt stoff i plastik. Men det e likevel bare glør inni der. Irriterande at det e så vanskelig å få fyr i plankane når eg vil det ska brenna. Der slokna det forresten heilt.

Ja,ja fiskegrateng frå frysedisken blir nå servert uten fyr i ovnen, men med lys på bordet. Og katten har lagt seg under bordet. Kan bli ein goe kveld detta!

tirsdag 31. januar 2012

Dialektar og andre viktige ting

Nå har dei med alt vetet funne ut at Rogalandsdialekten e så stygge. Eg kjenne kor lett eg lar meg provosera. Va det ikkje sagt av nåken så ikkje eige særpreg sjøl? Javisst e østlandsdialekten lette å forstå, det e jo fordi me e blitt fora med den heile livet. Men det finnes ikkje sjel i det så dessa avdanka gamle komikarane framføre. Må innrømma at eg såg ikkje programmet. Litt på grunn av at eg syns humoren te Eia og kompani e mislukka totalt.... Det goda med alle desse nyhetsoppslagå om stygge dialekt e at det betyr at det ikkje har hendt nåke særlige tragediar ellers i landet så e verdt å skriva om.

Men livet e for kort til å irritera seg øve bagateller. I mårå e det andre ting så enten gleda eller irritera.

F.eks så håpa eg at skiskyttarane te Norge snart får ting te. Eg syns det e den mest spennande vinteridretten. Det e herligt å ligga litt slappe på sofaen under teppe med ei skål med sure føter og lakris og bare ta inn ..... Lure på om Bjørndalen begynna å bli litt gammale nå?

Ellers så såg eg sponsorgeneralen Jakob Lund på TV i dag. Det var meste så eg såg tårer når han snakka så varmt om Jæren. Him te røtene vil de fleste, sjøl dei med stygge dialekt ....

Nå starta me på februar. I år gir me alle med månedslønn ein gratis dag te arbeidsgivaren vår. Mon tru om de vett å setja pris på skuddåret???? Dugnadsånda lenge leve!!!!
Så e det jo bra at me HAR et arbeid å gå til. Men som alt anna så e det ikkje så lett å setta pris på det me har. Eg tenke sjelden på at eg e heldige som e friske før eg kjenne vondt ein eller anna plass.

lørdag 21. januar 2012

Søndagsmorgen

God morgen!

Eg e i Sirdalen. Kan eg væra heilt goe i håve. Me e tre stykker inneklemt i ein buss så e omtrent 9 meter. Og så storkose me oss!!!!! Nå e Ernst på taket for å rydda vekk snøen. Signe e i sengå, og eg har funne fram kaffikoppen. 9-timen er på radioen. Her e kjempemasse snø og hallgrått ute. Det snør!!! Stor forskjell på den ferdigmåkte snøen me har heima.

Det besta med dette e at eg trenge ikkje gjera ein einaste fornuftige ting. Eg treng ikkje utføra klesvask og husvask og andre olleting. Det passa min trang te avslapning perfekt. Her legge me planar for alt muligt i framtiå, behøve ikkje bli nåke av det. Kjekt å snakka om for det.

Kunne tenkt meg å fått te å sova litt meir på morgenen. Det var aldri problem før i tiå. Det e kun når eg ska på arbeid at kroppen min e klar for meir soving... Uforståeligt. Egentlig e det masse så e uforståelig. Kos kan det ha seg at me akseptera alt sånnt. F. Eks. Viss me har det kjempetravelt ein morgen og ska kun koka to små koppar kaffi - Då kan du væra sikker på at filteret krølla seg i traktaren og det blir varmt lysebrunt vatn av det. Grrr. Kjenne dåke den? Elle at når sjevå dette på golvet så dette hu alltid med majonessidå ned på det lysa teppet!

Men å e snart Ernst ferdige på busstaket. Må få han inn te å laga frokost. Han e goe på det å steika egg og bacon. Så eg kjenne ikkje på lysten te å øveta det arbeidet.

fredag 13. januar 2012

Personlighet og sånnt

Eg har lurt på det der med personlighet.... For sjøl om det ikkje e bevisst så kan iallefall eg forandra meg merkbart ifrå situasjon te situasjon.

Har andre det sånn? E eg f.eksempel ute på handling og blodsukkeret e nere på bånn ska eg ikkje ha mange salgsknep frå sleipe selgarar før eg KAN bli direkte ufordragelige sjøl. Og då kreve eg at iallefall ikkje Ernst prøve å væra morsom på min bekostning. Stakkars han så har sett alle utgavene av meg...

Men det e ikkje bevisst forandring eg helle på med. Ta den varianten at me ska ut ein fredagskveld. Alle har jo kjent kor slarkjen skrotten kan væra i ein sånn anledning. Itte ei harde veka på jobb e TV og sofaen det mest fristande alternativet. Men litt vatten i dusjen, og litt maling i fjeset - toppa med et rødvinsglas, då e eg klar!! Og når eg treffe resten av festgjengen eg eg på stigande humør. Ser ikkje problemer, bare løysningar. Det e i ittekant det kan oppstå situasjonar som gjere at ein kjeme seg raskt tilbake til utgangspunktet. Det er nåke så hette: opp som ei løva, ned som ein fell. Men det får bli tatt opp i et anna kapittel.

Og så e det kvardagsformen. Den kjenne me jo ikkje før det har gått litt tid. Me får jo kanskje ein antydning før me har løfta vekk dynå. Selvfølgelig e den varianten der eg helst ikkje vil åpna auene i det heila tatt vanskelige. Då ska det kraftige skyts te for å redda dagen.

Før i tiå hente det at "ånnå" kunne komma innom. For dei så ikkje vett de så betyr det overskudd av tiltakslyst. Forbaska dumt at det e så sjelden den e innom nå!!!

Og ein ska ikkje glømma den sinnstemningen så hette tungsinn. Den blir me vel alle ramma av i løpet av et liv. Det e ikkje enkelt når det oppleves som om det aldri blir sol igjen. Heldigvis så vinne glede og smil øve det trista for de aller fleste av oss. Det kan bety litt egenjobbing ...

Og så e me vel alle litt kjekkare, hyggeligare, hjelpsomme utenfor hjemmets vegger der den sanne personligheten ikkje lar seg skjula heila tiå.

Skitt la gå, eg prøve te tier å bli litt bedre menneske. Men eg e utstyrte med et altfor tydeligt kroppspråk som til dels e nåke avslørande.

fredag 6. januar 2012

Stressmestring

Nå har eg kvilt. Det var heilt nødvendig itte ei natt med fryktelig lite søvn. Og grunnen e irriterande. Grunnen te at Ole Lukkeøye passerte soverommet uten å komma inn e todelte. Eg hadde igrunnen gleda meg te eg sko krypa inn under nyoppredde dyna. Legga meg i mjuke flanellsdynetrekk og trekka inn duften av blomstereng. (eg ser masse reklamefilmar). Men opplevelsen min blei så altfor annleis:

Siden eg hadde fått ny Iphone brukte eg masse energi på å forstå uhyret. Og så kom eg i den situasjonen at det var et passord eg ikkje huska!!!!! Det skapte frustasjon i overflod. Eg e av natur ikkje spesielt tålmodige. Eg hadde også engasjert min kjære sønn i prosjektet. Han e ikkje heller tålmodige, så eg fekk fort forståelsen av kaslags håve eg hadde....

Vel, eg kapitulerte og skulle dermed krypa under den før nevnte dynå. Eg brukte den raske metoden for å bli kvitt klær og kraup under dynå der eg venta på at sengevarmen sko komma snikande. Det som kom snikande var ein sure gufs!!!

For når kroppsvarmen min varmde opp flanellen så utvikla det seg ein ufysen odør. Eg må ha hatt et anfall av sløvhet når eg vaskte detta sengetøyet. Det har nok blitt liggande litt lenge i vaskemaskinen........ Det var blitt surt!!!!! Og med varmetilføring slo gufsen ut i full blomst.

Eg orka ikkje foreta bytte av sengetøy på den tiå av døgnet. Og så var eg så frusterte øve den der Iphonen som ikkje var så enkel som eg hadde trudd... Eg låg å irriterte meg, fekk ikkje sova... Eg prøvde lange pusteøvelsar med magen - bles lange pust, prøvde å telja - men datt så fort ut av tellingå.

Egentligt var det godt at det blei morgen te slutt. Syns fryktelig synd på meg sjøl. Nå har eg kvilt, funne sengetøy med anelse blomsterduft. Lagt de te oppvarming inne i stovå (ska ikkje ha meir overraskelser). Og så har eg et kalde poteter og spekesild!!!