Der var turen sammen med kolleger over. Så ka ska me gleda oss te nå? Det gjekk jo utrulig bra. Me e ein gjeng med alder så spenne fra begynnelse av 20 år te slutten av 50 år. Kunne lett skapt konflikter det. Og eg fortelle jo om opplevelsane frå den eldste enden.
Alle nordmenn som ikkje e avholds starta med vin elle øl på flyplassen. Iallefall me så reise i flokk. Uansett om det e kl 0600 om morgenen eller kl 1800 om kvelden. Heldigt for vår del då, det va kveld.
Eg va den heldige så trakk vinnarloddet på flyet. Eg fekk lag i ei som hadde ein drøm om å væra skuespillerinne og kunstnar... Sånn rundt 50 år som også hadde vore innom baren på flyplassen. Hu hadde fått godt tak i essensen i tekstar som ein kan kjøpa i plakatform. Disse som høyres så rektige ut: sånn som - Du må leva livet ditt sjøl, bare du vett ka så gjere deg lykkelig og alt det der liknande svadapreiket. Hu snakkte høgt, så då snakkte eg og høgt. Rekna med at de fleste rundt oss fekk tak i det mesta. Damå syns synd på meg som hadde vokst opp i Ølen "i sånne trange og mørke kår" og når eg i tillegg budde på Jæren der det bare gjekk i himabrent og dans på lokalet, då priste hu seg lykkelige for at hu budde på Sandnes (kor i helsiken e Sandnes). Hu spurte forresten om kor me sko av. Det indikere vel at flynå på Sandnes sleppe av folk på fleire plassar når de først e på tur....
Itte me landa på Gatwick starta slitet for min del. Eg har fått støvsugt den delen i hjernen kor retningssansen er, og visst nåken hadde gitt meg et kart så forstår eg lika masse av det som ei kinesisk avis opp ned. Eg må då heila tiå lima meg fast til andre i gruppå. Eg har kjempeangst for å bli åleina. Eg hadde aldri funne fram på egenhånd!!!!! Eg oppdaga og at hørselen må væra nedsatt. Iallefall høyrte eg/forstod eg langt fra alt som blei kommunisert. Så eg brukte langt meir energi enn bare det å slepa rundt med ein 20 kg tung koffert. Det kreve si dama å væra så observant på resten av flokken som eg må væra.
Så heldigvis, etter ein interessant tur med tog/undergrunn ramla me inn i luxusen. Me hadde valgt rektig der. Store senger som me kunne drukna i, flott utsikt, ansatte som spratt fram når de såg me TENKTE på et eller annet. Yes mam!!! Og frokosten va så god at ein dag tok eg han to ganger (de hadde to frokostsalar). Anbefaler Hilton.
Og Oxford street!!! Eg va så gåen i føter og kropp etter å ha trava rundt der at eg hadde problem med både å setta meg ned og å reisa meg opp etterpå. De selge ikkje klær te sånne som meg der. Kun te sylfider, og så selgde de SKO....!!!!! Damene hadde så høge hælar på skonå at eg forstår ikkje at de kunne gå oppreist. Eg hadde tippa av halve høgden. Men undommen va i nærheten av himmelen. Eg fekk lunka kredittkortet litt når me fann Mark & Spencer. Fekk iallefall handla truser i brukande størrelse. Utøve det trur eg garderoben min får handlast i gamlelandet. Ikkje store forskjell på designet
Camden market va me og innom ein del timar. Utruligt fasinerande!!!!!! Me fekk bare sett ein liten del av det. Sannsynligvis ein god del skattar der gøymt i skrotet....
Kulturopplevelsen tok me på We Will Rock You. Det kjennes OK ut når me får musikk som e kjent for meg og. Goe lyd, goe stemning.
Men siden eg har kommet til den alderen at mat er blitt ein høydare, vil eg sei at matopplevelsen me hadde på ein finare kinesisk eller japansk restaurant var min toppers. Eg har ein fasinasjon for plasser der så kinamenn bukkar meg ut på do. Ein liten situason oppstod når eg kom inn i detta flotta doet med rennande vatn, duftande oljer, levande lys - og så fann eg ikkje ei dodør.... Men når eg lente meg litt mot veggen gjekk dørå opp ... De var altså nesten skjult. Sannsynligvis kreert av ein designer med godt rykte.
Sånn rundt rekna, trur eg at eg har fått med det som eg har opplevd ei langhelg i London med mine tålmodige kollegaer. Eg e imponert over de unges evne til å finna ut kos me reise, kor me reise, kor går banen, kor går toget ....
Alle var enige om at det var ein gild tur. Men det va godt å komma heim igjen ....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar