Nå har eg nettopp stått opp til ein strålande mulighet av ein dag. Frisk og opplagt, klar til å ta i mot alle opplevelsane denne dagen kan gi.
Men sånn starta ikkje gårsdagen....
Og det e det som gjere meg så forundra. At eg som har levd mange generasjonar, e født i forrige århundre, prøve å gjera inntrykk av å ha normalt med vet: ikkje ennå har skjønt det med mengden av alkoholinntak kombinert med antall timar dette inntaket skjer på.
Men det ska seiast at me hadde det kjempekjekt på tirsdagskvelden. Eg må sei eg va på topp. Utrulig så spirituell ein kan bli når det blir innblanda nåken konjakkar. Ikkje finnes det problem heller!!! Men kaffor virka ikkje meldingstjenesten i håve? den som burde sei frå at nå må bremsene på og vannglaset fram? Trur ikkje det e installert hos meg. Det ska seiast at eg blir ikkje voldelige. Eg e ein snill person. Snillheten blir vel heller forsterka ....
Så då blir resultatet at når eg vakna neste morgen så prøve eg å vakna etappevis. Et aua om gongen. Prøve å øvesjå hjertebanken og slappheten....
Det e blitt nevnt før: det ska bli lenge te neste gang!!!
Det ska ikkje bagatelliserast all smerte alkohol kan gi i forskjellige situasjonar. Me e ikkje der heldigvis. Eg må vel også skyta inn at mange forhold har fått drahjelp av rødvinsglaset og .... Løye med kos motet auka!
Men dagen i dag har starta med egg og bacon. Seinare ska me inn til Haugen for å kjøpa komlemiddag. Så nå er alt tilbake til "normalen"
Fin påske til alle. Og skulle noen feilberegne konjakkmengden - det går over
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar