torsdag 31. oktober 2019

Foma og barnebarn



Eg er over middels opptatt av mine barnebarn, og selvfølgelig har eg de beste. Ein følelse eg dele med de fleste besteforeldre.

For ikkje så lenge siden hadde eg de to største på overnatting. De er tre og fem år. Me skulle bare kosa oss. Og det gjorde me. Det blei sikkert i overkant masse  YouTube, men det er barnetvliknande snutter de ser på, så eg trur det vil gå godt. Det er så fint å ha gullå mine på fanget og høyra når de fortelle om livets realiteter. Ungane nå for tidå er så kloke.. Og så vil de tegna og mala og perla... Me prøve litt av alt.  Men det er godt for alle med masse kos.

Men så er det den tidå på døgnet når det ska leggast. Det er et sjansespill. Eg vett aldri om det går smertefritt, eller om det blir grining.

Først prøvde eg å forhandla med den største. Hu er stort sett alltid løysningsorientert, så når eg hadde lova å læra henne å strikka neste dag, la hu seg til å sova uten problemer.

Du store min. Eg er jo ikkje akkurat den rette til dette. Ikkje har eg strikka nåke ferdig i heile mitt liv. Og ikkje kan eg læra ifrå meg. Dei gangene eg har prøvd meg på skjerf har det blitt bølgete på begge sidene. Men eg hadde jo ei heile nått å planlegge på...

Han andre var litt mindre lysten på å sova. Egentlig så pleie han å væra enkel å få i seng. Men ikkje akkurat denne dagen. De lika at eg lese for de, men de er på litt forskjellig plass med hensyn til bøker, så det er ikkje alltid lika enkelt. Og begge har bedt meg instendig om ikkje å synga...  det seie litt om sangstemmen min, men det blei ro på barnerommet til slutt.

Men klokkå 0130 vakna eg av skikkelig skriking. Då var det minsten som ikkje hadde det bra. Eg vett ikkje om han hadde drømt, eller andre ting. Men han var umulig å forhandla med. Ernst måtte opp og bæra han litt, og så løyse det seg. Eg stappet ein sjokolade i munnen hans, og lova at me skulle reisa til lekerommet på M44 neste dag. Eg kunne lova ka som helst.  Og så blei det goe nått etterpå. De våkna jo i sjutiå, og eg prøvde ` forhandla fram et kvarter ekstra, men det var nyttelaust. Så det var opp og skrua på TV, og finna fram nougattien. Nåken fordeler ska det væra hos Foma. Sunn mat får foreldrene ta seg av.

Så kom kravet om strikking. Eg fant ein rundpinne. Lause strikkepinnar var umulig å oppdrive. Eg la opp 15 masker, og me prøvde. Kan ikkje sei det blei suksess. Det beviste jaffal at verden har vore heldige når eg ikkje blei lærar. Det meinte mor mi at eg burde bli.. og eg har to søsken som har valgt det.

 Ein gang tidligare var det bollebaking eg hadde på programmet når den størsta var her.  Takk og pris for Toro. Me klara jaffal å få til ein deig då.  Men det vare bare kjekt ei litå stund. Når heile kjøkkenbenken flaut med klissete bakebolle, vispar og slikkepottar - då ville hu heller ha et show for meg på kjøkkenet. Og eg lika show, så då blir kjøkkengulvet dekka med tepper og puter, dokker og bamsar - og meg, som publikum. Eg forstår ikkje alltid ka showet handla om, men eg passe på å klappa jaffal.

Men hu har prøvd seg seinare med at me sko baka boller.. stort sett når det er tid for legging. Eg har ikkje gått på den foreløpig. Eg er ikkje særlig streng. Har ikkje det i meg. Var ikkje det med mine ungar heller. Men eg syns de er blitt flotte menneske for det...

Men når morgenen først var kommen så var det alt eg hadde lova nåttå før...Me pakka bilen og for te M44. Eg tok av meg skonå, og sette meg godt til rette på lekerommet. Der koste de seg skikkelig. Eg og. Men tålmodighet er eg ikkje utstyre med, så etter ei stund lokka eg med is. 

Det syns de var ein goe ide. Og me hadde alle typar is i beger, med masse godsaker oppå. Det va is på ungane, på bordet, på golvet.... eg drakk kaffi. Eg e jo alltid på slankekur. Så kjende eg at  det kunne vore lurt for meg å gå på do.. Prøvde å spørja de håpefulle om tillatelse. Det blei avslått. Javel, det var bare å knipa igjen. Tilslutt kom me til det punktet at det som var igjen av isen kunne gå i søppelbøtta, og me sko bare ein lynraske tur på OBS. Eg måtte ha et par knebøy, for å unngå å gjera i bukså, og til slutt måtte barnebarn væra barnebarn. Eg nådde fram med et nødskrik. Og ingen knipeøvelser i verden kunne ha redda meg. Snakk om lykkefølelse! 

Men etter dette blei treåringen så jysla sleten i føtene. Han klarte ikkje å gå ein meter, og eg klarte ikkje bæra han. Ryggen min har motarbeidd meg i det siste. Så då var det å lokka han til rulletrappa og så ta det derifrå. Med litt finsnakking gjekk det og.

Men så hadde de veldig lyst på tøfler. Me måtte kjøpa tøfler. Og då var han kjempesliten. Men tøflene vant. 

Og uten at eg var heilt klar over kos det gjekk til, så har eg lova  kjøpa kjole og strømpebukse i pandamønster..... Men det får bli neste gang.

Må sei eg blei varm innvendig når den største sa til meg at hu ville flytta til Varhaug når hu blei voksen.

Og resten av dagen gjekk i full fordragelighet. De tegna og lekte og var supersnille. Eg glømte viss litt ut å gi de mat. Men når minsten minte meg på det, gjekk det ned tre skjever med nougatti. Etter middag var de med faren sin heim. Eg kose meg, men det er jammen godt med strekk på sofaen etterpå.

Og så har eg ei litå til, som eg må få med meg til Varhaug. Så då blir det tre stykker som kan få meg ut på glattisen.  Det er masse glede i vente. Å bli farmor, eller Foma, som eg er, Foma er litt ombytting på vokaler; ikkje alltid lika lett når de er små å huska forskjell på famo og Foma, det er fantastisk. Men det er det mange andre som og vett . 


Men hu størsta likte meg bedre rødt hår, og litt meir hår... for nå var det litt stivt.... og eg e jo enige med henne. Me får sjå kor lenge dette vare...1