fredag 20. desember 2019

Førjulstanker

Eg nyte denna tidå her. Sikkert fordi eg har tid til det, siden eg er pensjonist. Men det er så mange opplevelsar som gjere meg mjuk i hjerterota. Og forventningen til kvelden. Det er bare et eventyr. Og så er det så fort gjort. Et øyeblikk, så er det første juledag. Nå kose me oss på fredagskvelden. Ernst er endelig blitt pensjonist. Eg er ikkje heilt sikker på om han nyte det, men eg gleda meg til fine frokoster i lag. Eg har jo lett for å gleda meg, og lett for det motsatte 🤭🤭🤭

I mårå kjeme gullå mine. Då må me jo bare ta fram smilesidå. Og det er ikkje vanskelig. Så mange klemmar og hemligheter gjere meg ydmyk. Og så har eg bestemt at det er heilt grei å ha ei fine julehelg sjøl om det er mange som ikkje har det. Det blir ikkje bedre for dei dei har det vondt. Men eg skulle ønska at ordet barnefattigdom var fremmedord i vårt land. Ka skjer - før i verden hjelpte me kvarandre, nå er kvar man seg sjøl nok.

I min barndom var det nok, men ikkje overflod. Eg huska spesielt ei julafta der me hadde tynne pølser og potetstappe - himmel for oss ungar, men var det pga økonomi eller fordi ungane ikkje likte lutefisk?  Og gavene var enkle. Eg fekk bøker. Eg kunne lesa før eg  begynte på skulen! Og elska den flukten...  Bestemor på Roa sa alltid at det kom til å bli nåke stort av meg som les så masse... Vel det blei vel kanskje ikkje så stort - men livet mitt er godt... og nå har eg den beste familien.men det er litt skummelt å tenka på at neste runde tall er 70. For mange trur at me bare sitter og venter på døden. Skrekk g gru. Men er håvet er klart og beingrindå tåle det, er eg med ei goe stund.

God jul

torsdag 28. november 2019

Ferie

Nå har eg vore på ferie. Det gjorde godt å få litt d vitaminer, goe mat og vin, og masse latter. Me hadde det sikkert likt som de fleste som reise til Gran Canaria. Hovedsakelig er alt basert på kos og gilde opplevelsar. Det er så travelt med å ha det kjekt at det kan væra vanskelig å få tid til å eta både lunsj og middag, men begge deler oppfattast som høydepunkt. Nåke som viser på badevekta nå. Og servitørene kan sitt fag. De vett at det å sjarmera gamle kåner kan bety  salg av ei ekstra vinflaska. Ein plass var det ein som ropte yuhaa heile kvelden. Litt slitsomt når det lei på. En annen plass ble me kalla prinsesser, og fekk kyss både på kinnet og hånda. Blei absolutt ikkje oppfatta som ei sak for meetoo... Og hyggelige avslutninger  når rekningen blei betalt, med både sjokolade og honningsnaps.

Reisa bort var ganske behagelig. Me hadde kjøpt oss oppgraderte plasser på flyet, så me fekk karbonadene våre rimelig raskt. Og det er jo viktig når me ska sitta i over fem timar på fly. Men det er alltid forventninger til starten av ferien. Då overser me alt me legge merke til på heimvegen.

Vel framme sat fire venner utenfor hotellet og venta på oss. Nydelig å kasta jakka, og ta på lettare antrekk. Eg hadde jo ein stressopplevelse idet eg gjekk ut av taxien selvfølgelig. Mista totalt bakkekontakt, når eg ikkje fant passet mitt. Så når resepsjonen ville ha passet måtte de få førerkortet. Mitt var gone. Eg stressa med kin må eg ringa først, og kos får eg nødpass? Og detta hendte meg. Eg som sjekka reisedokument, pass og penger/kort så mange ganger. Men når gubben skulle ta av seg jakka si, så ramla det ut et pass; mitt. Brannen var sløkt!!

Så då var me klar til ei vekes opplevelsar på gode og varme dagar. Me var på utflukt, spaserturer, bading, soling og mange gode matopplevelsar. Ein kveld klarte eg å snofla i ei steintrapp på veg heim. Og dette var på veg opp på trappå. Skikkelig pinlig når masse folk såg det, og kom for å hjelpa meg opp på to igjen. Gjere ikkje godt på sjøltilliten. Men eg har blitt beroliga nå, for eg har funne ein artikkel der det står at 3 av 10 over 65 år opplever fallulykker ein gong i året, og at 70% av desse må ha medisinsk behandling. Eg hadde ikkje behov for lege..., men det er jysla vondt å ligga på kne..

Det er liksom ikkje samme opplevelsen av forventning på heimreise. Sjøl om eg alltid gleda meg til å komma heim igjen. Men nå er over 5 timar på fly litt tregare opplevelse. Eg hadde heldigvis ei bok å lesa i. Å så den opplevelsen det er å eta med kniv og gaffel, når eg var så heldig å få setet i midten. Eg prøvde å pressa armane heilt inn til sidå, men det er ein utfordring å få maten inn der den ska. Og så må me på do. Ikkje vil de ha oss i midtgangen når de er ute med trallene sine, ikkje ska me stå for mange i kø... å eg då, med dårlige kne, som skal kravla forbi ukjente folk. 

Eg såg litt på desse flyvertinnene som skulle ta seg av oss. Det er ikkje særlig masse glamour igjen. Ei av de såg veldig trøtt ut, men hu kan ha hatt litt flunsa. Nei i gamle dagar, for 40 - 45 år siden... då såg de ut som Audry Hepburn og Sofia med  lårå eller Julie Ege alle sammen. De hadde flotte uniformer og høghælte sko. Det var perfekt hår og sminke... Men så er det vel det at damer ikkje skal væra sexobjekt. Ikkje det at de fekk meg til å tenka på sex, meir det at eg burde ha gredd håret mitt.

Men etter ei evighet var me på Sola. Handling i taxfree og henting av bagasje gjekk kjemperaskt. Ikkje såg me ein tollar heller. Søren at eg ikkje handla litt til kofferten!

Den gode, gamle Skodaen starta med ein gong. Og norsk tattel på radioen. I total stillhet oss imellom kjørte me heim. Det var kanskje ein forsmak på kos det kan gå når Ernst ein gong slutta å jobba.   Me hadde jo tross alt snakka ei heile veka.

 Å komma inn i kjente omgivelser er jo bare godt. Det er alltid nåke som laga lukt når me er vekke. Denne gongen var det to klementiner som nesten var blitt støv. Og to potteplanter var på det stadiet at alt håp var ute. Eg trur de hette alpefiol. Eg var trøtt og la meg tidlig. På ferie stod eg opp før klokka ni kvar dag. Måtte få med meg alt! Men å komma på kjend madrass gjorde underverker. Eg sov i 11 timar.

Så nå glede eg meg til jul, til julekaker og adventslys.


torsdag 31. oktober 2019

Foma og barnebarn



Eg er over middels opptatt av mine barnebarn, og selvfølgelig har eg de beste. Ein følelse eg dele med de fleste besteforeldre.

For ikkje så lenge siden hadde eg de to største på overnatting. De er tre og fem år. Me skulle bare kosa oss. Og det gjorde me. Det blei sikkert i overkant masse  YouTube, men det er barnetvliknande snutter de ser på, så eg trur det vil gå godt. Det er så fint å ha gullå mine på fanget og høyra når de fortelle om livets realiteter. Ungane nå for tidå er så kloke.. Og så vil de tegna og mala og perla... Me prøve litt av alt.  Men det er godt for alle med masse kos.

Men så er det den tidå på døgnet når det ska leggast. Det er et sjansespill. Eg vett aldri om det går smertefritt, eller om det blir grining.

Først prøvde eg å forhandla med den største. Hu er stort sett alltid løysningsorientert, så når eg hadde lova å læra henne å strikka neste dag, la hu seg til å sova uten problemer.

Du store min. Eg er jo ikkje akkurat den rette til dette. Ikkje har eg strikka nåke ferdig i heile mitt liv. Og ikkje kan eg læra ifrå meg. Dei gangene eg har prøvd meg på skjerf har det blitt bølgete på begge sidene. Men eg hadde jo ei heile nått å planlegge på...

Han andre var litt mindre lysten på å sova. Egentlig så pleie han å væra enkel å få i seng. Men ikkje akkurat denne dagen. De lika at eg lese for de, men de er på litt forskjellig plass med hensyn til bøker, så det er ikkje alltid lika enkelt. Og begge har bedt meg instendig om ikkje å synga...  det seie litt om sangstemmen min, men det blei ro på barnerommet til slutt.

Men klokkå 0130 vakna eg av skikkelig skriking. Då var det minsten som ikkje hadde det bra. Eg vett ikkje om han hadde drømt, eller andre ting. Men han var umulig å forhandla med. Ernst måtte opp og bæra han litt, og så løyse det seg. Eg stappet ein sjokolade i munnen hans, og lova at me skulle reisa til lekerommet på M44 neste dag. Eg kunne lova ka som helst.  Og så blei det goe nått etterpå. De våkna jo i sjutiå, og eg prøvde ` forhandla fram et kvarter ekstra, men det var nyttelaust. Så det var opp og skrua på TV, og finna fram nougattien. Nåken fordeler ska det væra hos Foma. Sunn mat får foreldrene ta seg av.

Så kom kravet om strikking. Eg fant ein rundpinne. Lause strikkepinnar var umulig å oppdrive. Eg la opp 15 masker, og me prøvde. Kan ikkje sei det blei suksess. Det beviste jaffal at verden har vore heldige når eg ikkje blei lærar. Det meinte mor mi at eg burde bli.. og eg har to søsken som har valgt det.

 Ein gang tidligare var det bollebaking eg hadde på programmet når den størsta var her.  Takk og pris for Toro. Me klara jaffal å få til ein deig då.  Men det vare bare kjekt ei litå stund. Når heile kjøkkenbenken flaut med klissete bakebolle, vispar og slikkepottar - då ville hu heller ha et show for meg på kjøkkenet. Og eg lika show, så då blir kjøkkengulvet dekka med tepper og puter, dokker og bamsar - og meg, som publikum. Eg forstår ikkje alltid ka showet handla om, men eg passe på å klappa jaffal.

Men hu har prøvd seg seinare med at me sko baka boller.. stort sett når det er tid for legging. Eg har ikkje gått på den foreløpig. Eg er ikkje særlig streng. Har ikkje det i meg. Var ikkje det med mine ungar heller. Men eg syns de er blitt flotte menneske for det...

Men når morgenen først var kommen så var det alt eg hadde lova nåttå før...Me pakka bilen og for te M44. Eg tok av meg skonå, og sette meg godt til rette på lekerommet. Der koste de seg skikkelig. Eg og. Men tålmodighet er eg ikkje utstyre med, så etter ei stund lokka eg med is. 

Det syns de var ein goe ide. Og me hadde alle typar is i beger, med masse godsaker oppå. Det va is på ungane, på bordet, på golvet.... eg drakk kaffi. Eg e jo alltid på slankekur. Så kjende eg at  det kunne vore lurt for meg å gå på do.. Prøvde å spørja de håpefulle om tillatelse. Det blei avslått. Javel, det var bare å knipa igjen. Tilslutt kom me til det punktet at det som var igjen av isen kunne gå i søppelbøtta, og me sko bare ein lynraske tur på OBS. Eg måtte ha et par knebøy, for å unngå å gjera i bukså, og til slutt måtte barnebarn væra barnebarn. Eg nådde fram med et nødskrik. Og ingen knipeøvelser i verden kunne ha redda meg. Snakk om lykkefølelse! 

Men etter dette blei treåringen så jysla sleten i føtene. Han klarte ikkje å gå ein meter, og eg klarte ikkje bæra han. Ryggen min har motarbeidd meg i det siste. Så då var det å lokka han til rulletrappa og så ta det derifrå. Med litt finsnakking gjekk det og.

Men så hadde de veldig lyst på tøfler. Me måtte kjøpa tøfler. Og då var han kjempesliten. Men tøflene vant. 

Og uten at eg var heilt klar over kos det gjekk til, så har eg lova  kjøpa kjole og strømpebukse i pandamønster..... Men det får bli neste gang.

Må sei eg blei varm innvendig når den største sa til meg at hu ville flytta til Varhaug når hu blei voksen.

Og resten av dagen gjekk i full fordragelighet. De tegna og lekte og var supersnille. Eg glømte viss litt ut å gi de mat. Men når minsten minte meg på det, gjekk det ned tre skjever med nougatti. Etter middag var de med faren sin heim. Eg kose meg, men det er jammen godt med strekk på sofaen etterpå.

Og så har eg ei litå til, som eg må få med meg til Varhaug. Så då blir det tre stykker som kan få meg ut på glattisen.  Det er masse glede i vente. Å bli farmor, eller Foma, som eg er, Foma er litt ombytting på vokaler; ikkje alltid lika lett når de er små å huska forskjell på famo og Foma, det er fantastisk. Men det er det mange andre som og vett . 


Men hu størsta likte meg bedre rødt hår, og litt meir hår... for nå var det litt stivt.... og eg e jo enige med henne. Me får sjå kor lenge dette vare...1

torsdag 26. september 2019

Kvardagstankar

Dette er dagen etter kommunevalget. Eg mimre litt med meg sjøl. Minnene frå dei siste vekene er at TV og radio har vore fyllt opp med politikk. Skjønt ikkje så masse frå kommunane. Men eg er veldig glad for at me bur i et land med demokrati. Det kan godt væra at det finnes råtne egg i norsk politikk, men eg er så naiv at eg velge å stola på de fleste. Det er og godt me har mange parti. Det betyr valgfrihet. Ikkje sånn som i land med etparti. Men det ser ut til at det er enkelt å selga sjelå for litt makt. Sjøl om eg har problem med å ta sånt som mot bompengeparti o.l. på alvor. Det finnes litt fleire saker å ta fatt på enn dei helsikens bommane. Men det var tydelig mange som har ein annen oppfatning enn meg.

Men her i Hå har alle partiene gått ut med bedre bo- og arbeidsforhold på sjukeheimen, skulane og oppvekstvilkår er satsningsområde og alt ska bare bli flott. Det er bare å gleda seg til det blir vår tur å få rom på Nærbø eller Klokkargarden.  Det er godt det ikkje er viljen det står på, kanskje pengene? Eg syns me har ein flotte kommune å bu i. Men er ikkje heilt i den posisjonen akkurat nå, at eg trenge spesiell hjelp eller tilsyn. Det kan komma fort. Eg har nevnt før at husken kan væra som tysken; litt fraværende.

Men eg la merke til ein far med ei lita datter som var å stemte i går. Det var tydelig at det var våre nye landsmenn. Og eg syns eg merka at det var høytid for han. Me som tar frihet for gitt, og såvidt  kreka oss opp frå sofaen for å gjera vår borgerplikt får litt å tenka på. Kanskje me kunne døypt det om til borgerrett?

Men tidå går og me komme oss fort tilbake til kvardagen. Det er jo de vanlige gjøremål me trives best med. Eg lika å sova om morgenen. Men det betyr at formiddagen blir så altfor korte. Så då blir det feil uansett. Og sa laga eg meg planar i hodet, og som eg kanskje notere i et notat på paddå, men så blir det ikkje meir. Det liksom forsvinne opp i skyen. Det er der alle bildene våre ligge. Kan bli interessant for framtidige arkeologer. Eg kom nettopp over nåke eg hadde skreve i tidligare tider: vaska i knivaskuffå... vel, eg kunne jo gått igang ein gong mesteparten av bestikket var i oppvaskmaskinen. Enklare å kjøpa nytt innhold til skuffa. Men eg trur det er av hardplast, så nå tør eg ikkje gjera det lenger. Det får bli klut og Jif neste gang. Jif er vel heller ikkje heilt etter bokå...Eg er veldig mot forsøpling og at me bruka opp ressursene våre. Men det er tungt å legga om gamle vanar. Så eg er nok bedre i teori enn i praksis. Unnskyld for at eg har kasta makrellboksen i restavfallet. Godt me har modige ungdommer som tar kampen for oss.

Og så har eg jo lett for å stressa meg opp. Blir så imponerte av de som saklig kan legga fram sine meiningar og få det til å virka som det einaste rette. Eg får stemmeleie ein oktav for høgt, og fælt få blir påvirka av mine meiningar. Det kan væra Ernst då, for han velge krigene han skal kjempa. Eg kan ligga halva nåttå å trega på heila greiå. Så viktig var det ikkje akkurat. 

Nå stresse eg for me ska feira Ernst sin 70 årsdag. Tenkte for tre, fire månader si at det var jo ingenting. Hus leige me, mat bestille me, og drikke får me og kjøpt. Men nå - venninnene mine seie eg må skriva lista... Det kan gå med den listå som med knivaskuffå. Eg finne den ikkje når eg trenge den.

I dag sa eg koden til bankkortet høgt når eg handla. Det er ikkje gjennomgang i toppen her for tidå. Eg ville gå i vaskemaskinen med middagsrester som skulle i fryså, og alle dei sengene eg skal gjera klar til overnattingsgjester ser eg bare på. Eg håpe dette går øve og at me kjeme i mål med dette og.

Men først skal me avgårde til Seljord på Dyrsku. Der har me reist i omtrent 30 år. Me begynte i lag med venner for å ha ei barnefri helg i året. Du som me gleda oss.   Ikkje for det at eg er spesielt opptatt av kyr og hestar, men det er den sosiale delen. Og så var me så langt vekke at ungane var fullt og heilt besteforeldrene sitt håveverk. Me er i lag med likesinna. Og det er balsam for stressa sjeler. Eg har sett alle porselensmalarane, dokkene, smykkene, knivene o.l. Men det er løye å sjå ka folk kjøpe. Folksomt er der iallefall. Får bare håpa været helle. Så kjeme me heim med ein haug strikkasokkar til Ernst. Han må ha det, men det kan tenkjast at det finnes ein pose frå i fjor ein plass. Og så må han ha honning. Eg pleide å kjøpa geitost, men nå er det jamt slutt. Det blir vel slutt med spekepølse og...

Det har seg sånn at eg prøve å finna den rette kosten for meg. Det er kjent at eg hoppa på det mesta. Nå ska eg bli sunnere, og tynnare. Det betyr slutt på sukker og sjever. Så farvel brunost. Men eg starta mitt nye liv heila tiå. Eg starta litt før ferien og. Men det skar seg. Eg har begynt på yoga og. Det er mange begynnelsar, og ufattelig mange penger som forsvinne i sanden. Dette har dei som kjenne meg  høyrt før.  Men eg klarte å slutta å røyka etter 999 forsøk. Så det er håp i matveien og. Ingen kan sei eg ikkje prøve. Litt synd at eg ikkje prøvde meg på eplekaka i sist veka, siden me har et epletre i hagen. Eg får googla meg fram til ei løysning uten mjøl og med kunstig søtstoff. Nå prøve eg å lura meg sjøl: eg bake jo aldri..... kanskje det kan bli mitt neste opplegg. Etter nyttår.

Egentlig ser eg litt fram til denna tidå me har begynt på. Mørke kveldar, gode til å væra inne i. Eg lika å leggja godt i ovnen, krypa inn i ein krok med ei bok eller sjå på TV at folk får fiksa opp huså sine. Mange goe tips å ta med seg. Men det er Ernst som er den praktiske her i huset, og han ser ikkje på dei programmå. Eg er hu som foreslår...Akkurat der er me ganske forskjellige. Men siden eg hoppa på det mesta som ser kjekt ut, kan det væra greit med litt korrigering av og til. Men den som intet våger intet vinner er blitt uttalt av ein klok person.



Så det er ikkje dei store hendelsene som prega meg og mine tankar. Men det er dette eg kan dela med dåke.

Lær som om du skulle leve evig. Lev som om du skulle dø i morgen.


Sitat Ghandi

fredag 30. august 2019

Søskenbarntreff

Lørdag 24.8. møttes barnebarna til Anna og Thor Roa. Det var eventyrlig oppmøte. Kun et barnebarn manglet. Og vårt kjære søskenbarn Anne Karin som døde så altfor tidlig. Det er ikke værst når vi vet hvor travelt livet er for de fleste.

Vi hadde bestilt plass på Gjestegården i Ølen. Der ble vi hjertelig mottatt, og drøset var på plass med en gang. Tore, som er eier av Roagården i dag, ønsket oss velkommen.

Spenningsmomentet var om vi kjente igjen søskenbarna våre. Mange hadde vi ikke sett siden vi var barn, og noen alderstillegg måtte påregnes.

Søskenbarna fra Ølen kjente jeg jo. Anne Sofie er den eldste. Hun var blidt tilstede, og har som regel en lun kommentar på lur. Tore er høvdingen, Aud Marit hadde mange trekk fra tante Britta, og var heller ikke så mye forandret, og Torgny har arbeidet på Samvirkelaget, så han var også lett å plassere. Begge de to sistnevnte har arvet lunheten fra sin far, onkel Odd. «Dette kan gå riktig bra», sa han alltid. Og mine søsken, ungane til Mikal, vil alltid gjøre seg bemerket. Her er ikke beskjedenhet en dyd.

Gjengen til onkel Martin var også til å kjenne igjen. Alle har arvet lett gjenkjennelig trekk fra sin far. Dessuten var han flink til å ta med seg døtrene på Ølensbesøk. Til og med Bente, som har gjort Londoner av seg, kom for å tilbringe en kveld sammen med oss.

Og Anbjørg og Kjersti var lik sin mor. Tante Agnes var glad i moro, og jeg syns jeg kjente igjen latteren hos Anbjørg.

Bergensdamene hadde også umiskjennelige trekk av tante Tordis. Både Birthe og Siw Anki hadde lett for å le, akkurat som sin mor.

Så når denne gjengen var samlet, sammen med sine feller, måtte det bli god atmosfære. Vårherre sørget for nydelig sommervær og Gjestegården for flott og deilig mat.

For oss som var oppvokst i Ølen var det fint å høre om kjærligheten søskenbarna våre har til Roa. Det var tydelig at her var mange gode minner.

På søndagen var det flere som tok turen til Roa. Nå har Tore sin datter, Elin, overtatt huset som bestemor bodde i. Eller det er vel riktig å si at de har bygget det opp igjen. Stilen er tilnærmet lik, men funksjonen er tilpasset vår tid. Huset er nydelig. Og Elin tok gjestfritt imot de som ville se gamle trakter.

Det kjentes fint å føle samholdet som en familie gir. Alle gav uttrykk for at festen vår var riktig vellykket.

Tusen takk til dere som drog dette igang.

fredag 3. mai 2019

Tankar ein fredag

Eg fundere ein del. På mange ting som er heilt opplagt for andre. For eksempel lure eg på kaffor eg stadig prøve å legga om stilen for å forbedre livet. Egentlig har eg jo et flott liv. Eg er i grenså mellom overvektig og feit, det er ganske irriterande. Men eg slite med å endra det. Men nå har eg bestemt meg. Ikkje meir sukkerholdig snop, mindre brød med kveitemjøl og absolutt ikkje sukker. Ikkje løye eg la pannekake hos svigermor lenge i munnen i dag. Lenge til eg skal tillata det igjen. Alle kjende ler, de har opplevd meg før.... og på søndag har eg invitert familien på komla. Den sista komlå...

Altså, det finnes ikkje mange andre som gripe nye idear som meg. Men eg dette av lasset. Men ikkje denne gangen. Det blir masse nye energi i denne kroppen den dGen eg kan sjå øve magen og videre nedover når eg inntar horisontalen. I dag ser eg utover intet etter magen...

Og så har eg tenkt på om livet er bestemt frå den dagen me blir fødd??? Kaffor stresse eg då så med alt mulig? Det er jo bare...

Kor mange av oss har tenkt på atom me hadde vore litt ivrigste på skulen i yngre dagar så hadde me vore litt «på strå» i dag. Eg var ganske skuleflinke, men me fekk jo arbeid uansett i den tidå. Dessuten så tilhøyrte eg arbeiderklassen...Dermed var det ikkje lang utdannelse veldig framme i hodet. Men så er det nok ein gong... hadde eg ikkje tatt dei valgå eg tok, så hadde eg ikkje havna på Varhaug, og eg har det så bra.

Eg trur det er skjebnebestemt. Alle feil og feiltrinn me gjere i løpet av livet føre oss der me skal væra. Eg ville ikkje unnvært familien min for alt i verden. De beste ungane, barnebarnå...

Så derfor lure eg på nå om det er ein plass i universet som har bestemt at eg må eta sunnere mat for å få mest mulig folketrygd?? Kunne tenkt meg litt meir energi. Men gamle folk må både kvila og legga seg tidlig. Og trening er komplekst i min hjerne. Men siden eg vil leva lenge i landet går eg tur med dei 3 flotte damene kvar mandag og på torsdager, når eg ikkje er i seniorjobben min. For eg passe på mitt lys av et barnebarn to dagar i veka. Hu har begynt å få vilje, så nå må eg anstrengt meg for at hu ska syns eg e kuuuuuule. Men me kvile i lag. Heldige meg.

Så siden det er fredagskveld kan eg væra oppe litt lenger... og det er på mandag som et starten på mitt nye liv. Trening og rett mat er viktig. Sist eg var hos legen og klaga på vondtane mine sa han at skjelettproblemer et vanlig for eldre. Beveg deg. Vondt å havna i eldrekorgå. Og værre å veta at eg tilhøyre dei som tar heisen og rulletrappa... Men frå mandag..


Men et vinglas vil eg bevilga meg før det blir kveld. Me leve så kort og ska væra daue så uendelig lengje, så Ingvald Moe

fredag 8. mars 2019

Ein heilt vanlig kveld

I vår heim er avslapning ganske høgt prioritert. Og det var ein sånn dag.... det var regn og surt, og det var mørkt ute. Eg tenkte det var på tide å kle seg i nåke meir komfortabelt - som de pleie i gamle amerikanske filmar. Nå var det ikkje akkurat baby doll eg hadde i tankane. Det var meir den gode følelsen å hiva bh-en, og gjer meg klar til hurtig retrett når det blei tid for å sova.

Ja så eg kledde meg om, i ei gammale utvaska t-skjort! Og ein raudrutete nedredel. Jysla komfortabelt.

Ernst fekk det for seg at han skulle i kjellaren for å testa tredemøllå. Den er forresten ikkje utsleten, eg har mange ganger tenkt at det kunne eg testa ut. Men eg er ikkje sikker på kor me slår den på... Men det betydde at eg låg i min vante posisjon - i hjørna på vinkelsofaen - koste meg med TV, stearinlyså og flammene i ovnen. Ein ganske alminnelig kveld altså.

Men så ringte det på dørå. eg måtte no ut å sjå, siden mannen hadde fått det for seg at han skulle i kjellaren. Han høyrte ikkje dørklokken.

Eg for ut, ikledd mitt lurvete nattkostyme. Uten bh, så alt dissa fram og tilbake som to blinklys til kvar si sida. Eg åpna døra, oh hang litt inn til sidå. Det var ein ungdom, som hadde tatt runden til Varhaug. Eg skulle til å avvisa han, før han fekk sagt et ord. Men så er det at eg har så stort hjerta: eg tenkte at dette er jobben hans. Eg får høyra ka han har å sei. Og han var kjempeflink. Kunne leksa si. Han ville at eg skulle bli fast givar til Amnesty. Vel, eg sympatisere med Amnesty - og han fortalde så rørande om folk som hadde havna i fengsel, tortur og huff. Og heila tidå måtte eg gi tilbakemelding på at eg skjønte ja han sa.... Så hærlige. Klart eg skulle bli fast givar. Han prøvde og med litt komplimenter..... det kan han øva litt meir på. Det er grenser for ka ei dama på 66 i utslte nattøy trur på. Ja, så nå gir eg til dei og. Eg har SOS barnebyer, Kirkens nødhjelp, fjernadopsjon i Korea og sikkert et par til... Så eg er hu som får dårlig samvittighet når eg avvise Jehovas vitne, dei døve og stumme med forsørgeransvar i Jugoslavia og ungar som frys... huff... skulle gjerna redda heile verden. Men lommabokå er ikkje stor nok.

Nå får eg ikkje håpa at eg blir underholningsinnslaget til julebordet for desse ungdommane neste år.men de møte nok litt av kvart. Neste gang det ringe på døra ein kveld så får eg vurdera om eg ska åpna. Kjentsfolk går jo inn av seg sjøl... Men det kan jo væra ein ukjent millionærslektning frå Amerika som vil sjå meg før han skrive testament. Eg lar ikkje den sjangser gå ifrå meg.

Vel, det gjekk godt. Det gjorde det den gangen eg for ut i bobilen i bare truså og. Skulle henta ein paraseth. Rekna med at naboane har anna å sjå på. Men det kan jo forebygge for masse kakespising om de skulle kikka til sides.

torsdag 31. januar 2019

Oss eldre




Ikkje vær redd for å bli eldre. Du vil fortsatt gjera dumme ting, bare tregare. (Dette sitatet har eg lånt frå Facebook )

Eldre blir ofte presentert som ei gruppe. Sånn litt stive i muskulaturen, lett framoverbøyd, lent mot rullatoren. Ikkje tåle me veldig masse før lårhalsen tar kveld heller. Alle har høyreapparat og støttestrømper og ser dårligt. Og litt store neser. Og eldre er me visst frå sånn rundt omkring 50 år. Me har jo lest i avisene: «eldre dame på toogfemti ranet i sitt hjem» eller « en eldre mann på seksti ble stoppet i fartskontroll, og fratatt førerkort.»

Eg har mange tankar om å bli eldre, om å væra eldre. Og eg tenke litt på at det minka på tidå me har igjen. Eg forstår ikkje alltid at eg er i den gruppå. For mor mi på 86 pleie å sei at « det er så lett for dåke, ungdommar.» og eg tar det til meg, sjøl om eg er 66. Me eldre er jo bare vanlige folk som har levd litt lenger. Eg innbille meg at me lett kan bli sett i bås; som ikkje brukande. Det blir eg ganske opprørte av. Me som er eldre er like forskjellige som dei yngre. Me er eldre om me er 65 eller 85. Men betyr det nåke. Nåken av oss har fått bedre gener, eller har vore flinkare å passa på helså si. Men stort sett har me bare vore heldige som har levd lenge. Og inni er me som før, det er bare skallet som forandres. Det vil nok alle fremadstormende 30 åringar og finna ut etter kvart som årå går.

Undersøkelser vise at bare kvar 6. over 80 år vurderer helså si som dårlige. Så me må aldri gi opp retten til å ha det kjekt. Alle dei uskrevne reglane for kos me ska oppføra oss, trenge me ikkje bry oss om. Det er triveligt å dela ei rødvinsflaske med venninnå ein fredagskveld, og gir absolutt positiv input til livet. Spesielt då føle eg meg som ein 30 åring. Men å føla meg som ein 30 åring det gjere eg rett som det er, om livet er på stelll, og eg er et stykke frå ein spegel. Det trur eg mange av oss kjenne på. Det er sunt å svinga seg i valsen om ein lika det. Og så er det viktig å pynta seg i ny og ne.

Og sjøl har eg erfaring med bobillivet. Der er me massevis av gamlingar som kose oss ilag. Eller, faktisk er det yngre og, som lika detta goda fellesskapet. Det er utrulig kor mange skrøner som me kan få høyra ei sein lørdagsnatt rundt bålet. Eller, det er bare meg og Ernst som kjøre rundt i verden, og har det kjekt. Takk og pris for at de har funne opp GPS!!! Eg har aldri forstått meg på kartlesing. Nå har eg nok med å fortelja han at det er rødt lys lenger framme, og andre trafikkhindringar. Han er ikkje begeistra for det. Maen forstår ikkje sitt eget beste.

Og så er spørsmålet, er det nåken fellesnevner på oss eldre? Eg trur ikkje det. Interesseområde blir ikkje like fordi me havna i ei gruppe som kallast eldre. Eg kjeme nok aldri til å kunna strikka fordi om mange andre på min alder kan det. Karsten Isachsen har uttalt at Du er gammel den dagen du bøyer deg ned for å knytte skolissen, og når du har gjort det, stanser du et øyeblikk og tenker: Var det noe mer jeg skulle ha gjort når jeg først er her nede? Vel, eg har tenkt tanken. Og så er eg veldig glad for at skoskjei er oppfunnet.

Ja eg høyre at fleire kjenne igjen den følelsen av at ordå me vil bruka forsvinne, eller navnet på han me traff på butikken er vekke, sjøl om me vett godt kin det er. Eg blir meste sprø av det. Før i tiå når eg gjorde mange ting på ein gong gjekk det automatisk. Nå kan eg gå ned i kjellaren for å henta opp klær frå tørketrommelen, men så har eg gløymt at eg og skulle ta med opp ein tørkerull i samme slengen. Nå har eg jo tid til å ta ein tur til i kjellaren, men det irritere. Det er kanskje for hodet er fullt, eg vett ikkje. Eg har lese at me har så masse kunnskap i skallen at me automatisk sortere ut det som er mindre viktig. Og det er klart, det finnes viktigare ting her i livet enn tørkepapir.

Ellers så syns eg at pensjonisttilværelsen er fantastisk. Eg kan ikkje skryta på meg at eg bruka tidå så jysla godt. Men dagane fyke avgårde. Nå har eg ein mann som fremdeles er i arbeid. Kan henda det blir andre boller når han og ska gå heima..... Me er ikkje spesielt gode å jobba i lag. Men kvar for oss kan me få ting til. Så bare han gjere alt eg seie, ska det nok gå godt.

Nå kan eg støvsuga litt, og så kan eg ta pause og lesa i ei bok. Det er jo ingen som rote til, så det er enkelt å væra husmor. Eg lika godt å ligga på sofaen med nettbrettet eller ei god bok og. Barn og barnebarn er også viktig del av livet. Og det er jysla kjekt å gå på kafé med venninner. For meg er dette Det gode liv. Andre syns det gode liv er utfordringar i natur eller trening. Me er jo privilegerte som kan leva vår oppfatning av det gode liv. Det er ikkje så mange generasjonar siden at eldre folk som ikkje hadde ungar måtte leva på legt. Kommunen betalte for at private skulle gi de mat og husrom. Ikkje alle hadde det lika godt. Og fattigkassen betalte for ein enkel begravelse.

Det er ingenting eg bare MÅ gjera. Eg eige mi egen tid. Det er jo fantastisk!! Alle dagar er selvfølgelig ikkje bare lyse. Det finnes nåken dagar eg ikkje har lyst å stå opp, og eg ser ikkje vitsen med nåke som helst. Men går me heilt i bånn, så går det bare opp igjen. Eg er heldigvis meir positiv enn negativ.

Det seiest at utviklinga går så fort i dag. Det ser me jo. Snart er det maskinar som passa på alt me gjer og seie. Litt skummelt og. Ny teknologi kan aldri erstatta varme menneskehender i pleie og omsorg. Men eg syns at desse frittgående plenklypparane er ei fine oppfinnelse. Og det er vel et par andre ting og som er bra. Bare sjå på alt me kan finna ut frå ein telefon i dag.

Men ka ska me sei om utviklinga. Me som levde når de kjørte melkespann med hest og kjerre til meieriet. Me som skreiv bilnummer, og som måtte venta i timar på neste bil. Me som aldri såg et fly, bare av og til den kvita stripå av kondensen på himmelen. Og som aldri i verden trudde me skulle sitja i et. Me som tilslutt høyrte om ein ferieplassen som hette Mallorca, men det var fremdeles bare ein draum. Og så mange andre nyvinninger at det går ikke å nevna alt. Og nåken av dåke som er eldre enn meg har vore vitne til mange fleire utrulige forandringer. Me har vore med på utvikling av dimensjonar. Men det tok med lett!! For me var yngre då. Så det er derfor ungdommen forstår dataverden bedre enn mange av oss som har levd ei stund.

Det er jo dei som levde før oss, som har bygd dette samfunnet me hausta av i dag. Som jobba for kortare arbeidsdager, likestilling, lørdagsfri, lov om alderstrygd og de fleste rettigheter me tar for gitt. Og me er blitt sløve, og blir ikkje engasjert uten det angår oss personlig. Me vil bare verna våre egne goder, og ikkje kjempa for dei som har det vondt. Den holdningen at me er oss sjøl nok, den lika eg ikkje. Godt ungdommen av i dag virka modigere, sunnere og har meiningars mot.

Eg er glad for å bli eldre i Norge. Alle vett ka alternativet er - og eg er ikkje klar.