søndag 18. august 2013

Syng med oss

Eg har vore på trekkspelfestival, tri heile dagar til ende - pluss litt søndag.

Eg e ikkje goe på å høyra om de spela rett elle gale. Eg e ikkje heilt tonedøv, men eg klara ikkje alltid å skilja Pål sine høner og Småsporven gjeng i tunet....

Men for meg e ikkje det poenget. Det e bare så kjekt å væra ein plass der alder kun er et tall. Trur nok der var få førtiåringar eller yngre. Majoriteten var nok helst 60 og oppover. Der var 80 årige menner som hadde dratt buksa godt under armane og festa med belte. Sånn for å væra på den sikra siå. Men dansa kunne de. Polka, reinlender og sving var som ein lek. Eg blir andpusten av å sjå på. Ernst og meg e ikkje dei ivrigaste på dansegolvet. Me kjeme litt te kort der.... Og eg har ikkje kondis te all verden heller. Eg såg damer med mange år på baken som svingte seg i dansen så kjolen flaut rundt de. Og alle såg så glade ut. Ikkje må me stilla med siste mote heller. Men ein liten dram e ikkje å forakta ..... Det lika både damene og mennene... Og eg og ...

Og der va mange flinke spelemenn. Det sa alle, både dei så har greia på det, og dei så ikkje har
Me fekk sol,og regn annakvar dag. Det kan jo væra lurt, for då kan det jo henda ein ikkje bruka opp heile energien med ein gong. Kan ta oss inn igjen på ein regnværsdag. Men dei irvigaste spelte nåttå lang. Så då gjelde det å ta det med godt humør viss ein hadde tenkt å sova......

Men nå kjennes det godt å sløva i godstolen. Eg hadde med nok klær til tre familiar i tre veker. Så nå må eg på sortering på ka som e reint og ka så ikkje e det. Eg lære aldri -  men regnjakke det hadde eg ikkje med ......

Og det blir koteletter ein av de nærmaste dagane, og pølser.... De selge mat på festival. Og den va knallgoe!!!

Gleda meg te neste år.

tirsdag 6. august 2013

Javel ja

Me e i august. Eg e ikkje sikker på om det er seinsommar eller tidlig haust. Me vett egentlig ikkje ka me kan forventa. I hallsøvnå om morgenen kikka eg ut for å sjå om eg må ha ull under, eller om det kan bli litt meir lettkledd. Har sluppe ullå te nå.

Det kan væra vanskeligt å ta rektig valg i hallsøvne om morgenen. Eg sjangla inn på badet, to minutt i dusjen og ein raske kikk i speielen. Eg lure på kaffor me får sånne viker nedøve når me har passert middagshøyden. Me blir så sure av det. I vår alder sko vikene gått oppøve, sånn at me ser litt meir smilandes ut. Trur det er ein konstruksjonsfeil der. Og så e det å tre på dei utvalgte kledno. Uff, uff, uff. Me sko vore fødde med pels.  Så pussa eg tennene - før eg ete... Kan ikkje eta med den guffne seige smaken. Vett det e i feil rekkefølge atte skjevå kjeme ittepå. Men så e ikkje tenner og tannkjøtt utstillingsvare heller då ...

Og så starta dagen. Og løye med det. Stort sett så går det godt.

Eg lika egentlig denna tiå me går inn i. Litt sånn hallmørke kveldar. Goe te i koppen og goe ost på kjeksen. Det e jo ikke særligt sunt, men det smaka godt. Eg har kjøpt nye planter te vinduskarmen. Dei eg hadde igjen var  ikkje særligt fine, men dei fleste hadde avgått med døden før me reiste på ferien. Te og med svigermor syns eg hadde fæle planter. Men eg prøve å gjera sånn som han som skulle læra hesten av med å eta: de får vatn kvar lørdag, og må stå i vinduet sjøl om det e steikande sol - og glømme eg det ein lørdag, må de venta ei veka. Så det e klart at nåken bukka under for detta vannstellet. Drivhuså ska og leva og pengene sirkulera. Det e vel ein av grunnane te at eg aldri kjeme te å bli rike.

Det går forresten sakte framøve med vinterstovå mi. Prøvde å ta med gubben for å sjå på sofa sist lørdag, men der e me på kollisjonskurs. Får drøya 'an litt....

Me e meir enige om at tørketrommelen går mot slutten. Han får gjenoppstå etter gjenvinning. E ikkje heilt sikker på ka de gjenvinne tørketromlar te forresten. Sko egentlig hatt ein tørketrommel som la i sammen klær og bar de inn i skapet og.  Eg prøvde det trikset med å henga klær på snorå på mandag. Og så glømte eg de, og så kjørte bøndene ut lort. Javel, de henge der ennå. Har ikkje lyst å vaska de ein gong te, men det må eg vel. Ønske meg nabovarsel når det ska kjørast ut drit.

Men nå tar eg meg sammen og plukke ut or oppvaskmaskinen, gleda meg te fortsettelsen av livet. Akkurat å er det bra. Det gjelde å huska på det!