onsdag 27. mai 2020

Gode og vonde dagar

Alle familier opplever vanskar løpet av livet. Sånn er det bare. Og me er skapte sånn, at tek du den, så tek du den..

Av og til kan det bli veldig vanskelig å klara alle motbakkene. Men gjer me det, skal me væra på toppen. Men då kjem som regel nedoverbakken.

Eg har ei dotter som slit med å finna den rette stolen. Så hu fell mellom alle stolane som «de» vil hu skal ha. Og det kom så nær meg, nå når diskusjonen går i dette samfunnet som vil gi plass til alle. Bare for å presisera: hu ville aldri ha blitt valgt bort.

Kor mange ganger eg har gått frå møter, full av håp, og tenkt at DENNE gangen tar de tak i problemet vårt. Men foreldre er de siste som får uttala seg, og som regel er det vel bare fordi det høyrer til. Og den det gjeld blir heller ikkje rekna med.

Alle desse, som ikkje eingong har eit grunnkurs i psykologi, har svaret. Svaret er som regel gitt før møtene har starta. Og sjølv med dette grunnkurset, ville dei ikkje klart å finna fasiten. For nokre av våre innbyggjarar følger ikkje utvikling frå lærebøkene. Og svaret skal dei finna, dei med fine papirer frå utdannelse om ledelse og administrasjon.  Det skaper frustrasjon hos dei som skal/bør finna løysning. Og frustrasjon skaper ofte sinne... og det blir bare taparar av dette.

Eg blir ofte motlaus. Tenker at nå må me gi opp. Men så huska eg ei jente med masse humor, ei som elska å gi gaver kun for å glede, ei som ville hjelpa mora si når hu var trøtt, hu som fortalde vitsar i gode lag...

Og eg vil så gjerne få tilbake denne jenta.

søndag 10. mai 2020

Gamle dagar



For ei stund siden spurte femåringen vår om eg levde i gamla dagar.  Og eg måtte bekrefta det. Det er sikkert veldig mye gamlare enn hu kan forestille seg. 

Det er kanskje fordi årå tar meg igjen at eg er begynt å tenka på fortida. Har egentlig gløymt veldig masse. Men nå når kvitveisen står å nikkar til oss og ønsker våren velkommen, tenker eg på alle dei blomstene som var på vår eiendom i min oppvekst. Der lekte me, og sjøl om det gjekk ein bekk over plassen, var det ingen som kom med redningsvest. Me demma, opp og laga innsjø, me bygde bru over, og hytter i treet. Og så var det alltid sol. Det var der eg gjekk, med verdens svartaste samvittighet, for å eta opp pakken med Dronningkamfer, eg hadde kjøpt uten lov, når eg handla for mamma. Hu såg på kvitteringen, og eg måtte levera dropsen til henne. Kor mange fem/seksåringer blir sendt på sykkel til butikken i våre dagar? I dag har bror min boligen sin på denne plassen. Kvitveisen er erstatta med fin hage og hageblomster.

Litt oppi vegen var det ein skråning av leire. Der samlast me ungar og laga heile samfunn med hus, vegar, kongledyr og det som måtte til. Bilane var enkle. Det var leken som var viktigast. Tor Arne (min bror) var veldig aktiv der.  Det var på eiendommen til Børge og Atle denne sand/leirhaugen var, eg kan  ikkje huska at dei oppførte seg meir som godseigarar enn me andre. Tor Arne og Atle tok forresten avgårde ein gong. Dei ville henta heim månen. Det var mange som leita etter dei då.

Og når hausten kom var det trebons, gøyma og leita, vippa pinne og masse anna. Det kjekkaste var å væra ute når det begynte å skumra. Og så begynte morene våre å ropa oss inn. Gurina sto på Roa og gaulte på Magne og Bjørghild kom på sykkel etter sine. Så var det inn og få ei sjeva, og når tidssignalet - pipen - gjekk i radioen, skulle me i seng. Då var det for Tor Arne og meg å springa på utedoen før det blei senga. Det kom innedo når dei andre søskenå kom til verden.

Og det var jo vinter i gamledagar. Me rann med suggå så det suste ned Roabakkane. Det var ikkje ein bil å ta hensyn til. Og onkel Amund kjørte melka til meieriet med hesten sin. Men det var tidlig på dagen. Tore og Anne Karin hadde rattkjelke. Heldiggrisene. Og i bakkane på samme garden var det passelige utfordringar til ungar i alle aldrar. Treskiå passa både til utfor og hopp. 

Og ved juletider var det juleselskap hos tanter og slekt. Det var iallefall overflod med mat. Men me ungar måtte oppføra oss, og det var i det lengste laget å sitta ved bordet. Eg huska dei buskete augnabrynå til onkel Jørgen. Han lyfta på dei når han skulle væra løyen. Og onkel Odd var bare snill.

Det har lett for å bli gullstøv på minner frå gamle dagar. Det var stort sett samme kår for alle me som vaks opp. Og eg huska ikkje at me erta kvarandre. Men me var selvfølgelig ikkje venner alltid. Eg var med Haldis frå eg var veldig, veldig liten. Me var som erteris, til hu dumpa meg det året me blei konfirmert. Hu valgte andre venner, og det har gjort at eg slit med å stola på at folk lika meg som eg er den dag i dag. Men så kom Irene og Åse Reidun og tok meg under sine venger. Så eg har hatt et begivenhetsrikt liv,  med oppturar og nedturer, som de fleste andre. Men summen med + er mange ganger større enn -. 

Ungdomsåra var ikkje enklare i vår tid enn for dagens ungdom. Eg strevde med å finna min plattform. Me skulle stå opp for kvinnesak, egne meiningar, finne arbeid... men mest av alt ville eg finne han eg skulle bli glad i, og som eg skulle bli gammal med.


Og her set eg på Varhaug. I dag ventar eg på barn/svigerdatter og barnebarn. Me skal eta middag i lag. Og det blir is til alle som vil ha. Dette er rikdom