torsdag 14. juni 2018

Bil og sånt

Eg lure på ka bilkjøring gjere med oss. Eg er normalt tilpasningsdyktig, og lar tvilen komme tiltalte til gode i situasjonar som kreve det. Og eg har jo forklart at eg og bil ikkje er bestevenner. Det går godt framøve, men eg kan ikkje rygge, eller lukeparkere. Det er ikkje mulig å få til. Uansett kor mange speglar eg har å sjå i. Me har ikkje ryggekamera. Men det er nåke som hyle når eg er nær kanten. Eller det hyle veldig lenge FØR eg er nær kanten. Det er nok derfor eg som regel står 75 cm fra fortauskanten.

Men i dag kjente eg adrenalinet godt! Eg stod klar til å kjøra ut i ein rundkjøring. Og der er eg faktisk ganske god. Eg pleie å skli inn veldig flott. Eg har og fyllt på med blinklysolja, så eg pleie å komma meg ut igjen i rett fil og. Det betyr at eg er ikkje BMW eigar, men kjøre Skoda! og så var det ein som tuta på meg!!!! Eg hadde ein toåring i bilen, og då tar me ikkje sjangsar!!! Eg kjente ein ustyrtelig trang til å hoppa ut av bilen, og riva opp dørå hans og gi han inn. Men eg hadde ein toåring i bilen, så eg måtte visa moderasjon. Ska sei at det gnagde i mange mil etterpå. Helsikens drittsekk. Ikkje stod eg lenger enn eg måtte heller. Og dei gangene eg har latt temperamentet ta styringa har eg tapt.

Så eg lure på ka er det som gjer at me kan bli så irriterte i trafikken. Eg og irritera meg på dei som kjøre 65 i 70 sonå. De kunne kjørt 75!

Men eg har utrulig sympati med dei som ikkje kan rygge eller parkera. Sjøl oppsøke eg aldri sånne utfordringar. Det er pinlig om eg ska inn i ein parkerinsbås om det står folk og ser på. Og det blir stort sett skeivt. Når eg kjøre ut, tar eg den retningen hjulå står. Eg stoppa alltid i god tid om eg møte ein bil på ein smal vei. Så eg er jo ein forsiktig sjåfør. Derfor tar det lang tid om eg ska kjøra til Sirdalen f.eks. Og så den idioten som tuta på meg i dag!!!! Det var greit den gongen eg kjørte ut på riksveien og feilberekna han som kom frå Vigrest... Han hadde lov å tuta, for han måtte i andre kjørefeltet. Men då skjemtest eg og.

Det kan jo bli bra når me får dessa bilane som kjøre uten sjåfør. Då kan me jo ha bil så lenge me leve. Og så blir dei vel stemmestyrt, så me bare seie med knirkende stemme: kjør meg til Extra. Når me er starta på 90 årå.Då blir det slutt på dagens trygdeshopparat. Me beholde bilen.

Men om eg har mine handikap når det gjelde bilkjøring har eg god statistikk på å kjøra feilfritt. Eg har rygga på ein bil eingong. Men då kom det snøslaps på Bakvinduet, og eg måtte jo rygge. Den bilen var ikkje der når eg parkerte. Eg sa til henne at hu hadde ikkje lov til å stå der. Men eg tok skulda. Det er den einaste gongen eg har hatt skade. Og det er 25 år siden.

Men nå får eg vel la dagens dårlige trafikkopplevelse ta kveld.eg gleda meg til sjølkjørande bilar som finne fram sjøl. Som ikkje tar oss uten bilfølelse fra a til b uten at det kreve mot og utfordrande situasjonar. Eg trives best i comfortsonen.