torsdag 31. januar 2019

Oss eldre




Ikkje vær redd for å bli eldre. Du vil fortsatt gjera dumme ting, bare tregare. (Dette sitatet har eg lånt frå Facebook )

Eldre blir ofte presentert som ei gruppe. Sånn litt stive i muskulaturen, lett framoverbøyd, lent mot rullatoren. Ikkje tåle me veldig masse før lårhalsen tar kveld heller. Alle har høyreapparat og støttestrømper og ser dårligt. Og litt store neser. Og eldre er me visst frå sånn rundt omkring 50 år. Me har jo lest i avisene: «eldre dame på toogfemti ranet i sitt hjem» eller « en eldre mann på seksti ble stoppet i fartskontroll, og fratatt førerkort.»

Eg har mange tankar om å bli eldre, om å væra eldre. Og eg tenke litt på at det minka på tidå me har igjen. Eg forstår ikkje alltid at eg er i den gruppå. For mor mi på 86 pleie å sei at « det er så lett for dåke, ungdommar.» og eg tar det til meg, sjøl om eg er 66. Me eldre er jo bare vanlige folk som har levd litt lenger. Eg innbille meg at me lett kan bli sett i bås; som ikkje brukande. Det blir eg ganske opprørte av. Me som er eldre er like forskjellige som dei yngre. Me er eldre om me er 65 eller 85. Men betyr det nåke. Nåken av oss har fått bedre gener, eller har vore flinkare å passa på helså si. Men stort sett har me bare vore heldige som har levd lenge. Og inni er me som før, det er bare skallet som forandres. Det vil nok alle fremadstormende 30 åringar og finna ut etter kvart som årå går.

Undersøkelser vise at bare kvar 6. over 80 år vurderer helså si som dårlige. Så me må aldri gi opp retten til å ha det kjekt. Alle dei uskrevne reglane for kos me ska oppføra oss, trenge me ikkje bry oss om. Det er triveligt å dela ei rødvinsflaske med venninnå ein fredagskveld, og gir absolutt positiv input til livet. Spesielt då føle eg meg som ein 30 åring. Men å føla meg som ein 30 åring det gjere eg rett som det er, om livet er på stelll, og eg er et stykke frå ein spegel. Det trur eg mange av oss kjenne på. Det er sunt å svinga seg i valsen om ein lika det. Og så er det viktig å pynta seg i ny og ne.

Og sjøl har eg erfaring med bobillivet. Der er me massevis av gamlingar som kose oss ilag. Eller, faktisk er det yngre og, som lika detta goda fellesskapet. Det er utrulig kor mange skrøner som me kan få høyra ei sein lørdagsnatt rundt bålet. Eller, det er bare meg og Ernst som kjøre rundt i verden, og har det kjekt. Takk og pris for at de har funne opp GPS!!! Eg har aldri forstått meg på kartlesing. Nå har eg nok med å fortelja han at det er rødt lys lenger framme, og andre trafikkhindringar. Han er ikkje begeistra for det. Maen forstår ikkje sitt eget beste.

Og så er spørsmålet, er det nåken fellesnevner på oss eldre? Eg trur ikkje det. Interesseområde blir ikkje like fordi me havna i ei gruppe som kallast eldre. Eg kjeme nok aldri til å kunna strikka fordi om mange andre på min alder kan det. Karsten Isachsen har uttalt at Du er gammel den dagen du bøyer deg ned for å knytte skolissen, og når du har gjort det, stanser du et øyeblikk og tenker: Var det noe mer jeg skulle ha gjort når jeg først er her nede? Vel, eg har tenkt tanken. Og så er eg veldig glad for at skoskjei er oppfunnet.

Ja eg høyre at fleire kjenne igjen den følelsen av at ordå me vil bruka forsvinne, eller navnet på han me traff på butikken er vekke, sjøl om me vett godt kin det er. Eg blir meste sprø av det. Før i tiå når eg gjorde mange ting på ein gong gjekk det automatisk. Nå kan eg gå ned i kjellaren for å henta opp klær frå tørketrommelen, men så har eg gløymt at eg og skulle ta med opp ein tørkerull i samme slengen. Nå har eg jo tid til å ta ein tur til i kjellaren, men det irritere. Det er kanskje for hodet er fullt, eg vett ikkje. Eg har lese at me har så masse kunnskap i skallen at me automatisk sortere ut det som er mindre viktig. Og det er klart, det finnes viktigare ting her i livet enn tørkepapir.

Ellers så syns eg at pensjonisttilværelsen er fantastisk. Eg kan ikkje skryta på meg at eg bruka tidå så jysla godt. Men dagane fyke avgårde. Nå har eg ein mann som fremdeles er i arbeid. Kan henda det blir andre boller når han og ska gå heima..... Me er ikkje spesielt gode å jobba i lag. Men kvar for oss kan me få ting til. Så bare han gjere alt eg seie, ska det nok gå godt.

Nå kan eg støvsuga litt, og så kan eg ta pause og lesa i ei bok. Det er jo ingen som rote til, så det er enkelt å væra husmor. Eg lika godt å ligga på sofaen med nettbrettet eller ei god bok og. Barn og barnebarn er også viktig del av livet. Og det er jysla kjekt å gå på kafé med venninner. For meg er dette Det gode liv. Andre syns det gode liv er utfordringar i natur eller trening. Me er jo privilegerte som kan leva vår oppfatning av det gode liv. Det er ikkje så mange generasjonar siden at eldre folk som ikkje hadde ungar måtte leva på legt. Kommunen betalte for at private skulle gi de mat og husrom. Ikkje alle hadde det lika godt. Og fattigkassen betalte for ein enkel begravelse.

Det er ingenting eg bare MÅ gjera. Eg eige mi egen tid. Det er jo fantastisk!! Alle dagar er selvfølgelig ikkje bare lyse. Det finnes nåken dagar eg ikkje har lyst å stå opp, og eg ser ikkje vitsen med nåke som helst. Men går me heilt i bånn, så går det bare opp igjen. Eg er heldigvis meir positiv enn negativ.

Det seiest at utviklinga går så fort i dag. Det ser me jo. Snart er det maskinar som passa på alt me gjer og seie. Litt skummelt og. Ny teknologi kan aldri erstatta varme menneskehender i pleie og omsorg. Men eg syns at desse frittgående plenklypparane er ei fine oppfinnelse. Og det er vel et par andre ting og som er bra. Bare sjå på alt me kan finna ut frå ein telefon i dag.

Men ka ska me sei om utviklinga. Me som levde når de kjørte melkespann med hest og kjerre til meieriet. Me som skreiv bilnummer, og som måtte venta i timar på neste bil. Me som aldri såg et fly, bare av og til den kvita stripå av kondensen på himmelen. Og som aldri i verden trudde me skulle sitja i et. Me som tilslutt høyrte om ein ferieplassen som hette Mallorca, men det var fremdeles bare ein draum. Og så mange andre nyvinninger at det går ikke å nevna alt. Og nåken av dåke som er eldre enn meg har vore vitne til mange fleire utrulige forandringer. Me har vore med på utvikling av dimensjonar. Men det tok med lett!! For me var yngre då. Så det er derfor ungdommen forstår dataverden bedre enn mange av oss som har levd ei stund.

Det er jo dei som levde før oss, som har bygd dette samfunnet me hausta av i dag. Som jobba for kortare arbeidsdager, likestilling, lørdagsfri, lov om alderstrygd og de fleste rettigheter me tar for gitt. Og me er blitt sløve, og blir ikkje engasjert uten det angår oss personlig. Me vil bare verna våre egne goder, og ikkje kjempa for dei som har det vondt. Den holdningen at me er oss sjøl nok, den lika eg ikkje. Godt ungdommen av i dag virka modigere, sunnere og har meiningars mot.

Eg er glad for å bli eldre i Norge. Alle vett ka alternativet er - og eg er ikkje klar.