mandag 21. mars 2016

Et liv i forsakelse..

Eg har den største respekt for dei som vinne slankekrigen!!! Hadde aldri trudd det skulle væra så hardt å forsaka det som må til for å få av litt bukfett. Mitt opplegg går over 8 veker, og eg e stygt redde for at etter det glir eg tilbake i gammel oppskrift. Sjøl om intensjonen er å fortsette..

Eg trenge ei harde linja for å lykkast. Så når eg trer på meg ryggsekken for å gå ein omveg på ca tre kilometer for å handla, kjenne eg på lidelsen. Det er ikkje med glede at eg legge ut på den harde vegen. Greit nok når solå skine frå blå himmel, men på Jæren går det mest i motvind og regn.

Fordelene med dette må me ta med oss. På grunn av at eg må få denne delen av dagen gjort er eg tidlig på butikken og får med meg det som er av gode kupp før den gemene hop e på føtene. Kanskje eg kan få opp litt kondis og. Må tilstå at det ska ikkje store bakken til før pulsen auka og lungene blir for små.

Og dei små gledene: når eg legge meg om kvelden gleda eg meg allerede til frokosten....

Det hadde vore fint å levd på den tidå flesk rundt livet var statussymbol. Men visst det e sant at det nå døyr fleire folk på kloden av overvekt enn av hungersnød, så er det ein vemmelige tanke. Det vise at me vant i lotteriet me som er fødde her nord i verdå. Eg sette pris på at aksjefondå mine stige i verdi mens lånerentå går den andre vegen. Det er vel ikkje sånne tankar så spinne i knotten til dei som kjempa for å få tak i nok mat for å overleva. Det er masse som er urettferdig. Eg vil helst ikkje tenka på det. Eg lika fjernsynsserier uten vold, og bøker med lykkelig slutt. Og så kan eg gjera som strutsen.... Men eg slite med å forstå at dei som bur i ei koia i skogen, skyte sin egen mat, og laga sine egne sko er bedre for kloden enn me som benytta oss av all nymotens oppfinningar. Eg tenke på Ipone og Fjordland og nettbutikkar ....

Nå ska eg snart ha frokost. Då e det fram med vektå. Et egg vog i går 62 gram.