torsdag 26. september 2019

Kvardagstankar

Dette er dagen etter kommunevalget. Eg mimre litt med meg sjøl. Minnene frå dei siste vekene er at TV og radio har vore fyllt opp med politikk. Skjønt ikkje så masse frå kommunane. Men eg er veldig glad for at me bur i et land med demokrati. Det kan godt væra at det finnes råtne egg i norsk politikk, men eg er så naiv at eg velge å stola på de fleste. Det er og godt me har mange parti. Det betyr valgfrihet. Ikkje sånn som i land med etparti. Men det ser ut til at det er enkelt å selga sjelå for litt makt. Sjøl om eg har problem med å ta sånt som mot bompengeparti o.l. på alvor. Det finnes litt fleire saker å ta fatt på enn dei helsikens bommane. Men det var tydelig mange som har ein annen oppfatning enn meg.

Men her i Hå har alle partiene gått ut med bedre bo- og arbeidsforhold på sjukeheimen, skulane og oppvekstvilkår er satsningsområde og alt ska bare bli flott. Det er bare å gleda seg til det blir vår tur å få rom på Nærbø eller Klokkargarden.  Det er godt det ikkje er viljen det står på, kanskje pengene? Eg syns me har ein flotte kommune å bu i. Men er ikkje heilt i den posisjonen akkurat nå, at eg trenge spesiell hjelp eller tilsyn. Det kan komma fort. Eg har nevnt før at husken kan væra som tysken; litt fraværende.

Men eg la merke til ein far med ei lita datter som var å stemte i går. Det var tydelig at det var våre nye landsmenn. Og eg syns eg merka at det var høytid for han. Me som tar frihet for gitt, og såvidt  kreka oss opp frå sofaen for å gjera vår borgerplikt får litt å tenka på. Kanskje me kunne døypt det om til borgerrett?

Men tidå går og me komme oss fort tilbake til kvardagen. Det er jo de vanlige gjøremål me trives best med. Eg lika å sova om morgenen. Men det betyr at formiddagen blir så altfor korte. Så då blir det feil uansett. Og sa laga eg meg planar i hodet, og som eg kanskje notere i et notat på paddå, men så blir det ikkje meir. Det liksom forsvinne opp i skyen. Det er der alle bildene våre ligge. Kan bli interessant for framtidige arkeologer. Eg kom nettopp over nåke eg hadde skreve i tidligare tider: vaska i knivaskuffå... vel, eg kunne jo gått igang ein gong mesteparten av bestikket var i oppvaskmaskinen. Enklare å kjøpa nytt innhold til skuffa. Men eg trur det er av hardplast, så nå tør eg ikkje gjera det lenger. Det får bli klut og Jif neste gang. Jif er vel heller ikkje heilt etter bokå...Eg er veldig mot forsøpling og at me bruka opp ressursene våre. Men det er tungt å legga om gamle vanar. Så eg er nok bedre i teori enn i praksis. Unnskyld for at eg har kasta makrellboksen i restavfallet. Godt me har modige ungdommer som tar kampen for oss.

Og så har eg jo lett for å stressa meg opp. Blir så imponerte av de som saklig kan legga fram sine meiningar og få det til å virka som det einaste rette. Eg får stemmeleie ein oktav for høgt, og fælt få blir påvirka av mine meiningar. Det kan væra Ernst då, for han velge krigene han skal kjempa. Eg kan ligga halva nåttå å trega på heila greiå. Så viktig var det ikkje akkurat. 

Nå stresse eg for me ska feira Ernst sin 70 årsdag. Tenkte for tre, fire månader si at det var jo ingenting. Hus leige me, mat bestille me, og drikke får me og kjøpt. Men nå - venninnene mine seie eg må skriva lista... Det kan gå med den listå som med knivaskuffå. Eg finne den ikkje når eg trenge den.

I dag sa eg koden til bankkortet høgt når eg handla. Det er ikkje gjennomgang i toppen her for tidå. Eg ville gå i vaskemaskinen med middagsrester som skulle i fryså, og alle dei sengene eg skal gjera klar til overnattingsgjester ser eg bare på. Eg håpe dette går øve og at me kjeme i mål med dette og.

Men først skal me avgårde til Seljord på Dyrsku. Der har me reist i omtrent 30 år. Me begynte i lag med venner for å ha ei barnefri helg i året. Du som me gleda oss.   Ikkje for det at eg er spesielt opptatt av kyr og hestar, men det er den sosiale delen. Og så var me så langt vekke at ungane var fullt og heilt besteforeldrene sitt håveverk. Me er i lag med likesinna. Og det er balsam for stressa sjeler. Eg har sett alle porselensmalarane, dokkene, smykkene, knivene o.l. Men det er løye å sjå ka folk kjøpe. Folksomt er der iallefall. Får bare håpa været helle. Så kjeme me heim med ein haug strikkasokkar til Ernst. Han må ha det, men det kan tenkjast at det finnes ein pose frå i fjor ein plass. Og så må han ha honning. Eg pleide å kjøpa geitost, men nå er det jamt slutt. Det blir vel slutt med spekepølse og...

Det har seg sånn at eg prøve å finna den rette kosten for meg. Det er kjent at eg hoppa på det mesta. Nå ska eg bli sunnere, og tynnare. Det betyr slutt på sukker og sjever. Så farvel brunost. Men eg starta mitt nye liv heila tiå. Eg starta litt før ferien og. Men det skar seg. Eg har begynt på yoga og. Det er mange begynnelsar, og ufattelig mange penger som forsvinne i sanden. Dette har dei som kjenne meg  høyrt før.  Men eg klarte å slutta å røyka etter 999 forsøk. Så det er håp i matveien og. Ingen kan sei eg ikkje prøve. Litt synd at eg ikkje prøvde meg på eplekaka i sist veka, siden me har et epletre i hagen. Eg får googla meg fram til ei løysning uten mjøl og med kunstig søtstoff. Nå prøve eg å lura meg sjøl: eg bake jo aldri..... kanskje det kan bli mitt neste opplegg. Etter nyttår.

Egentlig ser eg litt fram til denna tidå me har begynt på. Mørke kveldar, gode til å væra inne i. Eg lika å leggja godt i ovnen, krypa inn i ein krok med ei bok eller sjå på TV at folk får fiksa opp huså sine. Mange goe tips å ta med seg. Men det er Ernst som er den praktiske her i huset, og han ser ikkje på dei programmå. Eg er hu som foreslår...Akkurat der er me ganske forskjellige. Men siden eg hoppa på det mesta som ser kjekt ut, kan det væra greit med litt korrigering av og til. Men den som intet våger intet vinner er blitt uttalt av ein klok person.



Så det er ikkje dei store hendelsene som prega meg og mine tankar. Men det er dette eg kan dela med dåke.

Lær som om du skulle leve evig. Lev som om du skulle dø i morgen.


Sitat Ghandi