mandag 22. februar 2016

Husmordrøm

Endelig blei det mandag. Søndagen i går var kjedelig med store bokstaver!

I dag starta dagen med et ønske om å få utretta nåke. Etter å ha studerte viktige og uviktige nyheter begynte eg målretta. Siden eg ikkje så lett gir opp, og kvar mandag gir muligheter til ny start så skulle det bli skoleboller!! Denne gangen brukte eg bollemjøl frå pose og vaniljekrem frå pakke. Eg sette deigen før eg tredde på meg ryggsekk for å foreta dagens innkjøp, kombinert med friske luft.

Eg slite ennå med å gå tur for turen sin del. Greit nok å gå når eg har et mål i sikte. I dag var eg tidlig ute, og kjøpte fersk, gammel laks nedsatt pga dato. Men både Ernst og eg tåle litt harsk omega 3. Jysla godt å kjenna på alt eg sparte pga denne datoen.... Plutselig kan det hopa seg opp på kontoen. Viss ikkje netthandelen stikke av med øveskuddet då. Men då bruka eg kredittkortet og ser ikkje galskapen før regningen kjeme. Og då håpa eg Ernst har fått lønn...

Vel heima starta andre akt med bollene. Makalause goe deig å jobba med. Mens de ferdig uttrilla bollene hevde så skulle neste del av mi husmorgjerning utførast.

Eg har fått med meg at det er usunt å pusta inn vaskemidler frå sprayflasker. Desse flaskene har vore mine hjelparar lenge, og eg syte med å slutta med di. Men så såg eg på fjesboken at det var lurt å blanda ein del eddik og to deler zalo for så å smørja dette inn i dusjen. Det sko gjera underverker. Så eg skreid til verket. Kledde av meg fillene, entra dusjkabinetter med ei skål med nevnte blanding og ein svamp.

Halvt på å svina av av den sterkt eddikluktå, men jobba på. Det e hardt for ei av min dimensjon som i tillegg har svake legg/lårmuskler å bøya seg ned i et dusjkabinett. Spesielt når det e ufattelig glatt. Bambi på isen e ingenting mot Sissel i dusjkabinett!!!

Mens eg halda på der inne ringte alarmen som sa at nå måtte bollene ut av ovnen. Heldigvis kom det ingen på besøk når eg tok siste akt med bollene kun iført briller og klokka.

Bollene ser ikkje så galne ut, men eg har ikkje smakt. Men kos kan det ha seg at vaniljekremen renne av??? Det må alltid væra nåke. Men i kveld blir det boller til mandagsdamene!

Så var eg i gang med neste etappe dusj - då skulle godsakene skylles av. Kan sei det blir litt såpeskum av 2 dl zalo. Men resultatet er egentlig brukande.

Med så masse gode opplevelsar trur eg at eg fortsette i husmoråndå. Men då blir det meir tradisjonell støvsugar og sånt.

Eg e fornødde med med sjøl. Ska nyta skolebolle til lunsj nå.