mandag 31. august 2015

Et barndomsminne

Sjøl om eg har levd meir enn seks tiår så har eg og vore liten eingong. Eg var stort sett veldig lydig og snill, har mor mi fortalt. Men eg gjorde opprør i 10 - 11 års alderen.

I den tiå va det ikkje vanlig at me fekk gaver i hytt og vær. Og eg e fødde i desember, så på sommerstid kunne eg ikkje forventa  å ønska meg unødvendige ting. Men eg kjende nåken som hadde badminton. Det var heilt fantastisk. Ein opplevelse som slo ut alle andre morsomme leker.

Ja visst va det kjekt å jeppa, leika trebons (boksen av), gøyma oss i formakåle til onkel Amund, tikken og alt det andre en nesten har gløymt ka va. Men badminton!!!!!!

Men eg fekk ikke...  Det nytta ikkje kor møkje eg grein og gnålte. Nei va nei.

Det va då eg og Haldis fann ut at dei foreldrene me hadde ikkje va brukande. Me kunne lika godt rømma. Så i hallfemtiå ein fin sommardag tok me avgårde. Det va den gongen kroneisen kosta ei krona, og me kunne få to femtiøres isar for den kronå. På starten av rømmingå traff me ein kjenning av far min. Han gav meg ei krona te å kjøpa is for. At det gjekk an å kjøpa to femtiøres kom me ikkje på (hadde vel ikkje komme så langt i matten då). Me kjøpte kroneis og slikkte kvar vår gong.

For sikker hets skyld hadde eg lagt et avskjedsbrev på kjøkkenbordet: De kan leita etter meg i aust og vest og sør og nord, men de finn meg aldri!

Me starta vandringen med kurs for mine besteforeldre i Vikebygd. Det er va tre mil.

Det var varmt og langt, og eg blei veldig sleten. Rett nok var det ikkje mange bilar på den tiå, men når me høyere nåken så heiv me oss ned i grøfter og bakom steinar. Me var livredde. På den tiå va det ikkje så møkje mord og uhemma i radioen. Me hadde ikkje fjernsyn då. Men ein viss Schnitler hadde vore tema ei stund. Det hadde me fått tak i. Pluss at han hadde folkevogn. At han var tatt og sat i fengsel la me ikkje større vekt på.

Etter fem timar kom me fram til garden der bestemor og bestefar min budde. Haldis venta bakom ei hesja, mens eg sko lura meg inn for å sjå etter mat.

Selvfølgelig blei eg oppdaga. Bestemor mi slo hendene i samen og var så glad for hu fekk gjester frå Ølen. Haldis kom fram frå hesja og me fekk både mat og drikke. Gode senger med høy i hadde de og. Det blei ein telefon til mine foreldrer. Men tenk - de hadde ikkje merka at eg var borte ein gong. Fri barneoppdragelse!!!

Neste dag blei me satt på bussen.

Men det skal seiast at eg fekk badminton. Så det var ikkje forgjeves.

Moralen er: stå på krava.

mandag 24. august 2015

Er alder kun et tall?

Eg har ofte hevda at alder kun er et tall. Det har då ofte vore for å forsikra omgivelsane om at me som har levd lenge nok til både få lønn og pensjon er oppegåande fremdeles.

Som min gamle far på snart 94 sa: eg meina det får væra nok når eg kler på meg sjøl, vaska meg sjøl, ete sjøl og går på do sjøl.  Det var ein replikk som kom etter at mor mi hadde mast på at han måtte ein tur ut for å luka ugras. Eg e jo strengt tatt enige med han...

Men eg har komme til at eg kanskje må forandra meining på dette. Alder e meir enn et tall. Jaffal for nåken.

Eg blir litt bekymra på egne vegne når eg kjenne kor seint kvernå i håve går når eg leita etter et spesielt navn, eller begrep. Eg vett ka eg vil ha tak i, men ordet er begravd i ei ullen tåke. Fram til nå har eg stort sett klart meg - men eg e bekymra for om eg gløyme nåke eg ikkje e klar over. Eg har alltid kost meg med ord, har alltid likt når ord kan ha fleire meiningar.

Og så e det skrotten. Den har og forandra seg. Rett nok har eg aldri nådd ned til golvet med hendene når eg står med strake føter. Det må i så fall ha vore før skolealder. Men nå må eg væra glad eg når til navlen. Det finnes ikkje sprett i meg, så steinhopping på stranda e utelukka.  Så eg e passa jysla godt på lårhalsane mine. Knenå e ikkje goe dei heller. Så når eg ska dra vaskefillå under spisebordet må eg ligga strekk ut og åla meg fram og tilbake, og ta et heilt spesielt grep for i det heila tatt å klara å komma opp i ståande stilling. Barnebarnet e raskare enn meg både på kryping og på å reisa seg.

Det er nå me må finna fra de lyse sidene med livet. F.eks kan typen av blodtrykksmedisin brukast som samtaleåpnar i grupper der me e litt ukjende. Alle har jo et par piller å snakka om. Før i tiå pleide me gå å ta ein røyk i lag, men det e jo nesten slutt. Eg kan forresten gi et tips om kolesteroltabletter som kan tas om morgenen... Enkelt å ta ein neve med piller om morgenen så e det gjort.

Nå har eg fått uttalelser frå fleire i samme båt, og jammen e eg ikkje åleina som slite med alderspubertet. Det blir straks bedre når me har lag. Så med ei god natts søvn, litt lebestift og ein nye topp, kan me kanskje sei at alder kun er et tall likevel.