onsdag 18. september 2013

Øvelsekjøring

Dei så kjenne meg vett at bilkjøring ikkje e favoritten min. Og jaffal ikkje i mørknå. Og JAFFAL ikkje når det regne. Og når eg då i tillegg mangla retningssans.... (ikkje litt) men totalt ...

Vel eg har lovt å henta Ernst og nåken kollegaer på flyplassen i mårå kveld. Hjelpe meg!!!!! Signe kjenne te kossen morå e, både når det gjelde bilkjøring og retningssans. Hu fortalde meg i kveld at eg fekk øva på å kjøra te flyplassen. Normalt så forventa omgivelsane at det e Signe som bør få hjelp og rettledning, og at eg e ressurspersonen. Men på detta punktet var eg føyelig som ein svulten kattonge.

Me tok avgårde. Det regna nåke forferdelig. Og første bøyg var år me kom te Klepp. Tunnellen var stengt. Då sa Signe: Sissel (i læringsprosessar e eg ikkje mor men Sissel), detta klare du godt. Slapp av og ta tiå te hjelp. Og når du kjeme fram kan du slå deg på skuldrå,og sei at Detta klarte eg godt!!!  Mon tru om hu har høyrt det før?

Me fortsatte. Eg kom meg igjønå Klepp. Godt der e låge fartsgrenser. For eg fekk mesten gnagsår på øyrene,  fordi skuldrene knekte så fælt. Og hadde det vore ein som hang på baklyktene i tillegg....

Der va nåke få skilt som viste flyplassen, men den veien eg trur me pleie ta va ikkje skilta. Så derfor tok eg ikkje sjangsen. Pokker ta vegvesenet. Dete altfor lite opplysningsskilt for tullingar der ute. Eg kjørte jo te Sola sentrum då. Men det e jo feil.  Så hadde eg et par rundar rundt i nåken rundkjøringar. Men der me har kjørt før e det nå sykkelsti. Og det e filer og piler i alle retningar. Jammen ikkje godt å finna ut av i mørknå og pisseregn.

Signe sa me blir gamlare i mørknå, og ser dårligare. Men hu trøsta meg og rettleda meg itte alle kunstens reglar. Eg kom jo i det stadiet at skuldrene og nakken verkte nåke forferdeligt og så må eg alltid på do år eg blir stresste...  Eg kjørte iallefall på strekningar eg aldri kan huska eg har sett før..Signe meinte eg va ein goe sjåfør. Klarte te og med å kjøra forbi ein sopebil.

Me eksamen e i mårå. Finne eg fram te Stavanger airport Sola? E der nåke så ser ei eldre piistrenge forvirra så kjøre rndt og rint i rindkjøringane - det kan væra meg