søndag 29. mai 2016

Søstrene på samfunnstjeneste

Me skulle reisa him forå hjelpa til med forskjellig hos våre foreldre. Det er kjekt for ein gongs skyld å kunna få gjera nåke igjen for alt me har fått av hjelp og omsorg opp gjennom åra. Men det er aldri heilt uten dramatikk.

Bilturen til Ølen gjekk forbausende fint. Sjøl om me måtte parkert nederst på fergå. Vel framme var det inn med mat, og på med arbeidsklær.

Ingen av oss hadde erfaring med oppussing. Men motet var godt. Bånn gass til Bygg Mix. Heldig for oss var der ein rolig, avbalansert, hjelpsom ansatt. Me skulle ha spraymaling til å lakkera sjenken. Han fortalte at han aldri fekk til det der med spraymaling, men me kjøpte svart lakk, pusseklossar og vaskemidler. Him igjen. Fort gjort å pussa. Det hadde aldri blitt godkjent av Ernst. Men når me sko starta med lakkeringen fekk me litt kalde føter. Kanskje det hadde vore bedre med maling? Mamma skulle bort å byta frå spray til malingsboks. Men hu surra seg vekk i om det skulle væra kvitt eller svart, så Marianne heiv seg med i bilen. Eg dreiv å vaska av pussestøvet då eg fekk ein lys ide!!! Burgunderrød!! Sjenken måtte bli burgunderrød. Eg hadde ikkje tid å byta klær..... Avgårde bånn gass i malingflekka tights og t-skjorte. Måtte nå Bygg Mix før de andre hadde kjøpt maling. Kom gaulande inn dørå: BURGUNDER ska sjenken væra... Bygg Mix mannen var rolig og viste koss fargen ville bli, masse fram og tilbake - men til slutt blei det nåke rødt... Ikkje burgunder. Me fullførte grunning og et strøk på fredagen. Tok kveld i åttatiå.

Tidlig start på lørdagen. Sista strøket på sjenken, og så reiv me gammalt tapet og malte klar til tapetsering. Då måtte Tor Arne på banen. Det er ikkje alt søstrene har kunnskap om.... Det gjekk i 90!  Me fekk tapetsert og vaska og styrte på. Det var ein travel lørdag. Mamma spanderte middag på hotellet, så me hadde det som kongar. Litt vin på kvelden, så var alt på stell.

Så kom søndagsmorgen. Me måtte få på plass sjenken. Tunge som bly. Me tok den på sekkatrallå. Det var ikkje luft i dekkå, og manøvrerte vesenet frå garasjen til inngangatråppå. Så begynte sirkuset. Detta var før naboane hadde stått opp. Mamma ropte på pappa. Du må hjelpa di å bæra!!!! NEI, sa me. Ville ikkje ta ansvaret for helså til ein 94 år gammalt mann. Me gaula og skreik for å få vekk dei to gamle som svima i vegen. Me klarte å bæra monsteret inn. Jippi!!!! Så skulle koppar og kar inn i denne. Mor vår har dekketøy nok til heile Dreganesveien. Problemet var bare at me hadde malt igjen dørene... De var fastlimte totalt. Då henta den gamle brekkjernet!!!! kan tru sjenken blei fine itte den behandlingen. Me fekk redda det mesta før han gjekk heilt øve styr. Dørene fekk me opp når me skar rundt med kniv....

Den goe broren vår stilte i dag og. Han pumpa luft i sekkatralla, og manøvrerte et monster av et skap på plass i gangen. Me rydda på plass og lurte oss te å hiva pitte litt av alt unødvendige som finnes i den heimen. Mor mi lika det ikkje....

Til slutt blei det nya soverommet tapetsert. Det gjekk unna. Me e litt av et team. Tor Arne primus motor, me var håndtlangarar.

Det har vore ei veldig kjekke helg. Me har kost oss, i tillegg var me litt til nytte!!!!

tirsdag 24. mai 2016

Sånn litt av alt

Ein dag går mot kveld. Og i me har starta ei nye veka. Utruligt kor fort dagane går sjøl om eg e av den passive sorten. Har fått med meg nyheter på TV. Presidentvalg i Østerrike... Heldigvis valgte de den minst galne, men han var over pensjonsalderen. Eg vett kos eg slite med husken til tider - og han er 10 år eldre enn meg. Glad me har konge.. Ellers har Boasson Hagen vunne nåke på sykkel og ein terroristledar er drepen i Afganistan. Sånn sett  er det ikkje særlig med nyheter me spissa øyrene mot. Me blir torpederte med inntrykk kvar dag, og trekke bare litt på skuldrene.

Har hatt klubb i dag. Det blir masse skravling. Gjelde om å snakka fort og høgast for å bli høyrt. Men det er sjelemat å ha dametattel av og til. Har litt prestasjonsangst når det gjelde maten. For meg smaka det ikkje nåke særlig, men de let vel..... Sjokoladekakå blei jaffal goe. Ikkje et kunstverk å sjå på då, men det er smaken som telle.

Søvnen vil liksom ikkje komma. Kan ikkje ligga frampå i mårå heller for har frisørtime klokkå ni. Det gjelde å pussa fjøra mens me har de....

Det er fredelig å sitta goe i stovå når resten av huset søve. Då kjeme det fram lydar som ikkje er merkbare på dagtid.

På fredag skal søster mi og eg avgårde til Ølen. Då stille søstrene opp for å gå våre foreldre til hånde. Så nå håpa eg de har vatn og såpa klar så ska me fort feia øve spindelvev og andre uhumskheter, og ellers anna de har bruk for. Brødrene har haldt på ei stund med sin dugnad. Berre rett og rimelig at det sterke kjønn får større oppgaver...  Me glede oss. Fint å blanda arbeid og fornøyelser. Det er alltid kjekt å komma him. Sjøl om eg har nådd skjels år og alder blir eg litt unge igjen når eg er i barndomsheimen.

Det er meldt av Vårherre vil velsigna oss med litt sol og varme i mårå. Det betyr at brytaren for godt humør slår seg på fullt. Synd då at Ole Lukkeøye er så treg med å finna meg i kveld. Kan det vara dei få kilo eg har tatt av som gjer det vanskelig å sjå meg? Eg trenge å sova for å nyyyyta dagen i mårå!!!

Så nå lure eg meg inn under dynå igjen. Det gjelde å ha truå.....


Godnatt

mandag 16. mai 2016

Pinsen er over

med et stilt brak. Bilen starta ikkje... Ernst er av den handytypen, så eg tok det med ro til å begynna med. Så måtte han be om hjelp frå svogeren. Han er bilmekaniker. Gale va gale... Te slutt måtte me ringa 02300, som er telefonen tilSparebank1 Skadeforsikring. Hjelpå kom før det var gått ein time.

Koselige fyr i bergingsbil frå Evje. Han skrudde og stroppa gobilen på "briller" og avgårde bar det. Før dette hadde eg tømt bobilen for det eg hadde pakka for ei langhelg. Det var klær for fint vær, kaldt vær, sol, regn og snø. Det blir litt av det kan me sei. Va kanskje overlast. Og siden det skulle væra 17.mai feiring også hadde eg med meg minst 5 kjolar. Må jo ha litt å velg i. Bunaden er uaktuell. Eg er ingen smørblomst i kjole, men med bunad ser eg ut som ein fullriggar i storm!

Og me har mange gode venner!!!!! så me fekk låna bilen til ein venn, mens han fekk kjøra med andre. For leiebilavtalen gjelde ikkje på motorhavari på bilar over 8 år, og vårt mobile hjem er ikkje av den nyaste sorten.... Me e deg evig takknemlig Nils!!!!!

Det er ergerlig når planar går i vasken. Men eg e evig takknemlig  for at dette ikkje skjedde på ferie i et eller anna utland. Så er det bare å håpa på at verkstedet finne ut av feilen uten at heile sparekontoen går te pises.

Så nå sete me her i stova som dei to gamle me e. Kjøttkaker kjøpte me på Essoen på Vikeså, så det blei ingen delikatesse å dela på i heimen. Men vinen e goe, og når me kjeme lenger ned i flaskå kan det væra me løyse nåken verdensproblemer og. Foreløpig e me opptatt med kvar sitt nettbrett.

I mårå e det nasjonaldagen. Eg e glad og stolt øve å bu i et land som Norge.

Gratulerer med dagen!!!!