tirsdag 24. mai 2016

Sånn litt av alt

Ein dag går mot kveld. Og i me har starta ei nye veka. Utruligt kor fort dagane går sjøl om eg e av den passive sorten. Har fått med meg nyheter på TV. Presidentvalg i Østerrike... Heldigvis valgte de den minst galne, men han var over pensjonsalderen. Eg vett kos eg slite med husken til tider - og han er 10 år eldre enn meg. Glad me har konge.. Ellers har Boasson Hagen vunne nåke på sykkel og ein terroristledar er drepen i Afganistan. Sånn sett  er det ikkje særlig med nyheter me spissa øyrene mot. Me blir torpederte med inntrykk kvar dag, og trekke bare litt på skuldrene.

Har hatt klubb i dag. Det blir masse skravling. Gjelde om å snakka fort og høgast for å bli høyrt. Men det er sjelemat å ha dametattel av og til. Har litt prestasjonsangst når det gjelde maten. For meg smaka det ikkje nåke særlig, men de let vel..... Sjokoladekakå blei jaffal goe. Ikkje et kunstverk å sjå på då, men det er smaken som telle.

Søvnen vil liksom ikkje komma. Kan ikkje ligga frampå i mårå heller for har frisørtime klokkå ni. Det gjelde å pussa fjøra mens me har de....

Det er fredelig å sitta goe i stovå når resten av huset søve. Då kjeme det fram lydar som ikkje er merkbare på dagtid.

På fredag skal søster mi og eg avgårde til Ølen. Då stille søstrene opp for å gå våre foreldre til hånde. Så nå håpa eg de har vatn og såpa klar så ska me fort feia øve spindelvev og andre uhumskheter, og ellers anna de har bruk for. Brødrene har haldt på ei stund med sin dugnad. Berre rett og rimelig at det sterke kjønn får større oppgaver...  Me glede oss. Fint å blanda arbeid og fornøyelser. Det er alltid kjekt å komma him. Sjøl om eg har nådd skjels år og alder blir eg litt unge igjen når eg er i barndomsheimen.

Det er meldt av Vårherre vil velsigna oss med litt sol og varme i mårå. Det betyr at brytaren for godt humør slår seg på fullt. Synd då at Ole Lukkeøye er så treg med å finna meg i kveld. Kan det vara dei få kilo eg har tatt av som gjer det vanskelig å sjå meg? Eg trenge å sova for å nyyyyta dagen i mårå!!!

Så nå lure eg meg inn under dynå igjen. Det gjelde å ha truå.....


Godnatt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar