søndag 29. mai 2016

Søstrene på samfunnstjeneste

Me skulle reisa him forå hjelpa til med forskjellig hos våre foreldre. Det er kjekt for ein gongs skyld å kunna få gjera nåke igjen for alt me har fått av hjelp og omsorg opp gjennom åra. Men det er aldri heilt uten dramatikk.

Bilturen til Ølen gjekk forbausende fint. Sjøl om me måtte parkert nederst på fergå. Vel framme var det inn med mat, og på med arbeidsklær.

Ingen av oss hadde erfaring med oppussing. Men motet var godt. Bånn gass til Bygg Mix. Heldig for oss var der ein rolig, avbalansert, hjelpsom ansatt. Me skulle ha spraymaling til å lakkera sjenken. Han fortalte at han aldri fekk til det der med spraymaling, men me kjøpte svart lakk, pusseklossar og vaskemidler. Him igjen. Fort gjort å pussa. Det hadde aldri blitt godkjent av Ernst. Men når me sko starta med lakkeringen fekk me litt kalde føter. Kanskje det hadde vore bedre med maling? Mamma skulle bort å byta frå spray til malingsboks. Men hu surra seg vekk i om det skulle væra kvitt eller svart, så Marianne heiv seg med i bilen. Eg dreiv å vaska av pussestøvet då eg fekk ein lys ide!!! Burgunderrød!! Sjenken måtte bli burgunderrød. Eg hadde ikkje tid å byta klær..... Avgårde bånn gass i malingflekka tights og t-skjorte. Måtte nå Bygg Mix før de andre hadde kjøpt maling. Kom gaulande inn dørå: BURGUNDER ska sjenken væra... Bygg Mix mannen var rolig og viste koss fargen ville bli, masse fram og tilbake - men til slutt blei det nåke rødt... Ikkje burgunder. Me fullførte grunning og et strøk på fredagen. Tok kveld i åttatiå.

Tidlig start på lørdagen. Sista strøket på sjenken, og så reiv me gammalt tapet og malte klar til tapetsering. Då måtte Tor Arne på banen. Det er ikkje alt søstrene har kunnskap om.... Det gjekk i 90!  Me fekk tapetsert og vaska og styrte på. Det var ein travel lørdag. Mamma spanderte middag på hotellet, så me hadde det som kongar. Litt vin på kvelden, så var alt på stell.

Så kom søndagsmorgen. Me måtte få på plass sjenken. Tunge som bly. Me tok den på sekkatrallå. Det var ikkje luft i dekkå, og manøvrerte vesenet frå garasjen til inngangatråppå. Så begynte sirkuset. Detta var før naboane hadde stått opp. Mamma ropte på pappa. Du må hjelpa di å bæra!!!! NEI, sa me. Ville ikkje ta ansvaret for helså til ein 94 år gammalt mann. Me gaula og skreik for å få vekk dei to gamle som svima i vegen. Me klarte å bæra monsteret inn. Jippi!!!! Så skulle koppar og kar inn i denne. Mor vår har dekketøy nok til heile Dreganesveien. Problemet var bare at me hadde malt igjen dørene... De var fastlimte totalt. Då henta den gamle brekkjernet!!!! kan tru sjenken blei fine itte den behandlingen. Me fekk redda det mesta før han gjekk heilt øve styr. Dørene fekk me opp når me skar rundt med kniv....

Den goe broren vår stilte i dag og. Han pumpa luft i sekkatralla, og manøvrerte et monster av et skap på plass i gangen. Me rydda på plass og lurte oss te å hiva pitte litt av alt unødvendige som finnes i den heimen. Mor mi lika det ikkje....

Til slutt blei det nya soverommet tapetsert. Det gjekk unna. Me e litt av et team. Tor Arne primus motor, me var håndtlangarar.

Det har vore ei veldig kjekke helg. Me har kost oss, i tillegg var me litt til nytte!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar