onsdag 28. februar 2018

Stakkars me som er sjuke

Stak

Nå har eg vore sjuk i snart to veker, og var vel ikkje god før det heller, vil mange sei. Men nå, når det går rette vegen, er eg begynt å tenka litt over det å væra sjuk.

Som regel hjelpe det å ta det med ro, og å ta tidå til hjelp. Sjøl om det ikkje oppleves sånn når det står på som verst. Då tenke eg ikkje på dei som er ramma av alvorlege sjukdommar, men oss som får alminnelige vondtar.

Eg huska frå då eg var liten. Då var det mamma som bestemte om eg var sjuk nok til å væra heima frå skulen. Og det var ikkje ofte. For det som gjaldt var at du får prøva å gå, og kan heller gå heim viss det blir for gale. Og som regel så haldt me ut skuledagen. Dette har fulgt meg, og mange andre i samme generasjon, heile livet. Me skulle ikkje gi opp for litt hoste eller vondt i halsen. Og det besta var jo at hadde mamma godkjent fravær, så var det heilt sikkert at eg var sjuk.

Selvfølgelig er ikkje det å væra sjuk nåke me ønske oss. Men det kunne væra godt å få liggja på divanen i stovå og få ekstra stell. Då var det havresuppa og kanskje ei kvite sjeva med sukker på. Mamma la handa på panna og kjente etter om det var feber. Sjølve målingen av feberen var ikkje nåke me gleda oss til, men det måtte til. Ein gong fekk eg gitar etter å ha vore på divanen fleire dagar. Så då må eg ha vore ganske sjuk. Gitar var et stort ønske. Eg meldte meg på Yngreskoret for å læra å spela. Det lærte eg aldri, men eg var med når me reiste rundt og spelte på forskjellige bedehus. Det var så mange som spelte feil at eg var i godt selskap. Eg har aldri hatt gehør, så eg høyrte det ikkje sjøl.

Seinare i livet ønskte eg mange ganger at eg hadde mamma til å bestemma om eg var sjuk nok til å væra heime frå arbeid.

Ein gong skulka eg kontorjobben eg hadde i Haugesund. Venninna mi og eg syns me fortjente ein fridag. Då blei samvittigheten så svart, at eg ringte, og fekk ein akutt-time hos tannlegen. Skyldte på visdomstennene. Eg er livredd tannlegen. Men då var det sant når eg ringte til arbeid og sa eg hadde så vondt fordi eg hadde trukke tenner. Så fridagen blei ikkje heilt som me hadde tenkt.

Seinare i livet var det greit om legen sa at eg var sjuk. At eg ikkje kunne gå på arbeid. Då fekk han mamma si rolle, og dermed fritok meg for å bestemma. Det var greit å bruka egenmelding med spysjuka og diaré, eller når kollegaene sa at du ser så dårlige ut at du må gå heim. Det var grunnar som var akseptable når ein var arbeidstakar.

Men nå, når eg bare er pensjonist er det heller ikkje så lett å gi seg sjøl lov til å væra sjuk. Det er ikkje så enkelt å akseptera at ein må kasta inn håndkle. Nå er det jo ingen som blir ramma om eg ligg strekk ut. Nå hadde eg hatt bruk for mamma til å bestemma at divanen står klar. Så derfor har eg vore på sofaen med samvittighetskvaler. Det er resultatet av barnelærdommen. Me gir ikkje opp uten å ha prøvd.

Men i dette året blir eg 66, så då kan eg vel endelig få gjera som eg vil. Men eg orka ikkje laga middag så det blei Fjordland på Ernst.

Men eg helle på å kvikna til, så takk og pris for god sofa og godt pledd.