tirsdag 31. januar 2012

Dialektar og andre viktige ting

Nå har dei med alt vetet funne ut at Rogalandsdialekten e så stygge. Eg kjenne kor lett eg lar meg provosera. Va det ikkje sagt av nåken så ikkje eige særpreg sjøl? Javisst e østlandsdialekten lette å forstå, det e jo fordi me e blitt fora med den heile livet. Men det finnes ikkje sjel i det så dessa avdanka gamle komikarane framføre. Må innrømma at eg såg ikkje programmet. Litt på grunn av at eg syns humoren te Eia og kompani e mislukka totalt.... Det goda med alle desse nyhetsoppslagå om stygge dialekt e at det betyr at det ikkje har hendt nåke særlige tragediar ellers i landet så e verdt å skriva om.

Men livet e for kort til å irritera seg øve bagateller. I mårå e det andre ting så enten gleda eller irritera.

F.eks så håpa eg at skiskyttarane te Norge snart får ting te. Eg syns det e den mest spennande vinteridretten. Det e herligt å ligga litt slappe på sofaen under teppe med ei skål med sure føter og lakris og bare ta inn ..... Lure på om Bjørndalen begynna å bli litt gammale nå?

Ellers så såg eg sponsorgeneralen Jakob Lund på TV i dag. Det var meste så eg såg tårer når han snakka så varmt om Jæren. Him te røtene vil de fleste, sjøl dei med stygge dialekt ....

Nå starta me på februar. I år gir me alle med månedslønn ein gratis dag te arbeidsgivaren vår. Mon tru om de vett å setja pris på skuddåret???? Dugnadsånda lenge leve!!!!
Så e det jo bra at me HAR et arbeid å gå til. Men som alt anna så e det ikkje så lett å setta pris på det me har. Eg tenke sjelden på at eg e heldige som e friske før eg kjenne vondt ein eller anna plass.

lørdag 21. januar 2012

Søndagsmorgen

God morgen!

Eg e i Sirdalen. Kan eg væra heilt goe i håve. Me e tre stykker inneklemt i ein buss så e omtrent 9 meter. Og så storkose me oss!!!!! Nå e Ernst på taket for å rydda vekk snøen. Signe e i sengå, og eg har funne fram kaffikoppen. 9-timen er på radioen. Her e kjempemasse snø og hallgrått ute. Det snør!!! Stor forskjell på den ferdigmåkte snøen me har heima.

Det besta med dette e at eg trenge ikkje gjera ein einaste fornuftige ting. Eg treng ikkje utføra klesvask og husvask og andre olleting. Det passa min trang te avslapning perfekt. Her legge me planar for alt muligt i framtiå, behøve ikkje bli nåke av det. Kjekt å snakka om for det.

Kunne tenkt meg å fått te å sova litt meir på morgenen. Det var aldri problem før i tiå. Det e kun når eg ska på arbeid at kroppen min e klar for meir soving... Uforståeligt. Egentlig e det masse så e uforståelig. Kos kan det ha seg at me akseptera alt sånnt. F. Eks. Viss me har det kjempetravelt ein morgen og ska kun koka to små koppar kaffi - Då kan du væra sikker på at filteret krølla seg i traktaren og det blir varmt lysebrunt vatn av det. Grrr. Kjenne dåke den? Elle at når sjevå dette på golvet så dette hu alltid med majonessidå ned på det lysa teppet!

Men å e snart Ernst ferdige på busstaket. Må få han inn te å laga frokost. Han e goe på det å steika egg og bacon. Så eg kjenne ikkje på lysten te å øveta det arbeidet.

fredag 13. januar 2012

Personlighet og sånnt

Eg har lurt på det der med personlighet.... For sjøl om det ikkje e bevisst så kan iallefall eg forandra meg merkbart ifrå situasjon te situasjon.

Har andre det sånn? E eg f.eksempel ute på handling og blodsukkeret e nere på bånn ska eg ikkje ha mange salgsknep frå sleipe selgarar før eg KAN bli direkte ufordragelige sjøl. Og då kreve eg at iallefall ikkje Ernst prøve å væra morsom på min bekostning. Stakkars han så har sett alle utgavene av meg...

Men det e ikkje bevisst forandring eg helle på med. Ta den varianten at me ska ut ein fredagskveld. Alle har jo kjent kor slarkjen skrotten kan væra i ein sånn anledning. Itte ei harde veka på jobb e TV og sofaen det mest fristande alternativet. Men litt vatten i dusjen, og litt maling i fjeset - toppa med et rødvinsglas, då e eg klar!! Og når eg treffe resten av festgjengen eg eg på stigande humør. Ser ikkje problemer, bare løysningar. Det e i ittekant det kan oppstå situasjonar som gjere at ein kjeme seg raskt tilbake til utgangspunktet. Det er nåke så hette: opp som ei løva, ned som ein fell. Men det får bli tatt opp i et anna kapittel.

Og så e det kvardagsformen. Den kjenne me jo ikkje før det har gått litt tid. Me får jo kanskje ein antydning før me har løfta vekk dynå. Selvfølgelig e den varianten der eg helst ikkje vil åpna auene i det heila tatt vanskelige. Då ska det kraftige skyts te for å redda dagen.

Før i tiå hente det at "ånnå" kunne komma innom. For dei så ikkje vett de så betyr det overskudd av tiltakslyst. Forbaska dumt at det e så sjelden den e innom nå!!!

Og ein ska ikkje glømma den sinnstemningen så hette tungsinn. Den blir me vel alle ramma av i løpet av et liv. Det e ikkje enkelt når det oppleves som om det aldri blir sol igjen. Heldigvis så vinne glede og smil øve det trista for de aller fleste av oss. Det kan bety litt egenjobbing ...

Og så e me vel alle litt kjekkare, hyggeligare, hjelpsomme utenfor hjemmets vegger der den sanne personligheten ikkje lar seg skjula heila tiå.

Skitt la gå, eg prøve te tier å bli litt bedre menneske. Men eg e utstyrte med et altfor tydeligt kroppspråk som til dels e nåke avslørande.

fredag 6. januar 2012

Stressmestring

Nå har eg kvilt. Det var heilt nødvendig itte ei natt med fryktelig lite søvn. Og grunnen e irriterande. Grunnen te at Ole Lukkeøye passerte soverommet uten å komma inn e todelte. Eg hadde igrunnen gleda meg te eg sko krypa inn under nyoppredde dyna. Legga meg i mjuke flanellsdynetrekk og trekka inn duften av blomstereng. (eg ser masse reklamefilmar). Men opplevelsen min blei så altfor annleis:

Siden eg hadde fått ny Iphone brukte eg masse energi på å forstå uhyret. Og så kom eg i den situasjonen at det var et passord eg ikkje huska!!!!! Det skapte frustasjon i overflod. Eg e av natur ikkje spesielt tålmodige. Eg hadde også engasjert min kjære sønn i prosjektet. Han e ikkje heller tålmodige, så eg fekk fort forståelsen av kaslags håve eg hadde....

Vel, eg kapitulerte og skulle dermed krypa under den før nevnte dynå. Eg brukte den raske metoden for å bli kvitt klær og kraup under dynå der eg venta på at sengevarmen sko komma snikande. Det som kom snikande var ein sure gufs!!!

For når kroppsvarmen min varmde opp flanellen så utvikla det seg ein ufysen odør. Eg må ha hatt et anfall av sløvhet når eg vaskte detta sengetøyet. Det har nok blitt liggande litt lenge i vaskemaskinen........ Det var blitt surt!!!!! Og med varmetilføring slo gufsen ut i full blomst.

Eg orka ikkje foreta bytte av sengetøy på den tiå av døgnet. Og så var eg så frusterte øve den der Iphonen som ikkje var så enkel som eg hadde trudd... Eg låg å irriterte meg, fekk ikkje sova... Eg prøvde lange pusteøvelsar med magen - bles lange pust, prøvde å telja - men datt så fort ut av tellingå.

Egentligt var det godt at det blei morgen te slutt. Syns fryktelig synd på meg sjøl. Nå har eg kvilt, funne sengetøy med anelse blomsterduft. Lagt de te oppvarming inne i stovå (ska ikkje ha meir overraskelser). Og så har eg et kalde poteter og spekesild!!!