lørdag 19. august 2017

Sant og usant

Før i tiå visste me ka som var sant. Det stod i avisa. Nå kan me ikkje stola på det lenger. Ikkje det di seie på TV heller. Me må liksom finna det ut sjøl. Bruka magefølelsen.

Før var det heilt klart at orange og rødt ikkje passte isammen, ikkje grønt og blått heller. Og mor mi sa at eg kledde ikkje blått. Så derfor har eg nesten ingen blåe klær. Eg trudde jo på hu.

Før hadde me kristne og hedninger. Hedningane kunne ikkje hjelpa for det. Dei var svarte i huden med lite klær på seg. Me fekk sjå de på lysbilder på søndagsskolen. Men de hadde fine kvite tenner, og smilte masse. Damene gjekk med puppane i friluft. Det var greit så lenge de var svarte i huden. Så kom det nåken og kristna di, sender et par av dei flinkaste ungane på skule, og dermed var alt bra.

I dag finnes det fullt av andre. Det er muslimar og oss. Eg blir redd av dei såkalla radikaliserte folkå. Det e dei det er mest oppmerksomhet rundt. Sjøl om det er flest av dei alminnelige. Men eg syns det er nåken nifse radikaliserte kristne og... og nynazistar.

Nei alt var bedre før. Det var greit å veta at solå gjekk ned i vest og stod opp motsatt. Plutselig er ikkje det sant heller.

Kvar dag er det grufulle hendelser på nyhetene. Drap eller terror. det er blitt sånn at me nesten ikkje reagere. Då finne journalistane ein unge de kan spinna historien rundt. Engasjement med ein gong. Ikkje alt er sant...

Eg syns det er vanskelig å forstå denne verden - men eg er glad eg er norsk.

I min ungdom grudde eg at alle hadde det som oss. Eg var sjømann i ein periode. Gjekk i land i Irak i shorts og liten topp. Meinte det var min rett... Heldigvis i shaens regjeringstid. eg visste ikkje at dette var fornærmande for dei som budde der. Det gjekk godt. Lite vet. Og lite vet kan eg dela med mange. Håpa det har komme seg litt.

fredag 11. august 2017

Er livet en lek?

Av og til syns e at alt er pyton. Eg grøsse av dessa overpositive medmenneske som alltid ser den lyse siden av livet. Hallo!!! Det er ikkje sånn det er. Nå har eg fått med meg at ungdommane trur at livet skal væra sånn som de lese om på Facebook. Der bildene er tatt etter at all makeup er på plass, skjørtet har glidd akkurat sexy nok opp, munnen er tilfeldigvis litt halvåpne og auene er oppsperra.

Dette er fake!!! De er lika sløkte som oss andre når de våkna ein halv time for seint om morgenen. De er lika utrygge, lika fortvila, lika glade, lika hjelpsomme, lika domme.....

Derfor meine eg at me har vel lov til å væra litt upositive til tider...

Det er til tider heilt OK med ein goe dag på sofaen. Regnvær ute, ikkje vinne me i Lotto, og fiskebollene blir svidd. Er det nåke å væra fornødde med liksom. Dessuten er det lenge til trygda kjeme, så det nytta ikkje med trøstehandel på M44 heller. Nei då er det goe te, pledd og sjokolade som gjelder.

Nå slite eg med vektå. Forstår ingenting av det. Kiloene var der plutselig. Syns det er ganske urettferdig, for som alle andre med litt for masse..... det må væra arv (søsken og foreldre har ikkje arva dette - men det hoppa ofte over et par generasjonar trur eg), eller så er det feil med forbrenningå. Det er det ganske sikkert.

Ellers er det sikkert heil OK å bli sur på været. Nå syns eg at det er fint med regn med tanke på at vinduene her i huset burde vore vaska på utsida. Men er det vits i liksom... Og så er me jysla dårlige på grilling.  Ikkje lika eg å ligga i solå heller. Det er så vanskelig å lesa i sollys. Og solbrillene ligge i bobilen. Må jo gå ca fem meter. Velge stearinlys og rødvin. Anbefale papp, då vise det ikkje om eg tar tre glass istedenfor dei to eg hadde tenkt. Men flasker er bedre smak, og me dele på millimeteren. Må ikkje tru at Ernst ska ha meir enn meg. Fordel masse bukflesk. Trur alkoholen går i fettet - eller var det musklene?? Dei er i såfall mangelvare.

Så nå har eg vel tegna et passelig dårlig bilde av meg sjøl? Men ein annen dag skinne solå, eg er fornøyd med livet, og er perfekt!!!!!!