lørdag 19. august 2017

Sant og usant

Før i tiå visste me ka som var sant. Det stod i avisa. Nå kan me ikkje stola på det lenger. Ikkje det di seie på TV heller. Me må liksom finna det ut sjøl. Bruka magefølelsen.

Før var det heilt klart at orange og rødt ikkje passte isammen, ikkje grønt og blått heller. Og mor mi sa at eg kledde ikkje blått. Så derfor har eg nesten ingen blåe klær. Eg trudde jo på hu.

Før hadde me kristne og hedninger. Hedningane kunne ikkje hjelpa for det. Dei var svarte i huden med lite klær på seg. Me fekk sjå de på lysbilder på søndagsskolen. Men de hadde fine kvite tenner, og smilte masse. Damene gjekk med puppane i friluft. Det var greit så lenge de var svarte i huden. Så kom det nåken og kristna di, sender et par av dei flinkaste ungane på skule, og dermed var alt bra.

I dag finnes det fullt av andre. Det er muslimar og oss. Eg blir redd av dei såkalla radikaliserte folkå. Det e dei det er mest oppmerksomhet rundt. Sjøl om det er flest av dei alminnelige. Men eg syns det er nåken nifse radikaliserte kristne og... og nynazistar.

Nei alt var bedre før. Det var greit å veta at solå gjekk ned i vest og stod opp motsatt. Plutselig er ikkje det sant heller.

Kvar dag er det grufulle hendelser på nyhetene. Drap eller terror. det er blitt sånn at me nesten ikkje reagere. Då finne journalistane ein unge de kan spinna historien rundt. Engasjement med ein gong. Ikkje alt er sant...

Eg syns det er vanskelig å forstå denne verden - men eg er glad eg er norsk.

I min ungdom grudde eg at alle hadde det som oss. Eg var sjømann i ein periode. Gjekk i land i Irak i shorts og liten topp. Meinte det var min rett... Heldigvis i shaens regjeringstid. eg visste ikkje at dette var fornærmande for dei som budde der. Det gjekk godt. Lite vet. Og lite vet kan eg dela med mange. Håpa det har komme seg litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar