fredag 15. desember 2017

Snart jul





Detta skjer kvart år. Det blir 24.desember. Planen er å få til et inntrykk av kos, varme og lykke. Masse goe mat og alle er blide og glade.

Stress ned, seie de kloke. Og jul blir det uansett...

Den tiå der heila huset blir nedvaska er vel forbi hos de fleste. Nå fyre me med elektrisitet og lukka vedovn. Det blir mindre sot av det. Og golvene er av finaste parkett som meste ikkje ska sjå vatn. Tørrmopp og støvsuger feie øve golvene i full fart. Oppvasken blir vaska i maskinen. Til baking nyttast maskinhjelp som er så avansert at me må lesa bruksanvisninger lenge, for å kunna dra ut fordelene her.

Eg har litt fobi for bruksanvisninger. ... og visst eg bake blir det dei der som settes på plate med to teskjeier...

Og så har me alt me kan vinna frå adventskalenderane på Facebook. Alle firma med respekt for seg sjøl gir oss mulighet til å få flotte gaver om me bare klikker «liker» og skrive «God jul». At me i etterkant vil få tilsendt hav av reklame får me bare akseptera. Alt, for å vinna ting me ikkje har bruk for. Eg er i første rekke .....

Men me må ut på handling. Få heim julepynten som er siste mote i år. Er det kvitt, rødt eller gull som er på topp? Eg meina å ha fått med meg at det som var heilt minimalistisk er på vei ut. Ei forvridde grein med litt glitter på kan aldri erstatta minnet om dei flotte raude nissane frå barndommen. Nystrøkne dukar må bli klar - eller er dukar i bruk ennå??

I min kjellar er et utall esker med julepynt. ..Vel eg har julekuler frå raude, sølv og gull periodar... De får bare ligga.

Pyntingen skjer tidligare og tidligare kvart år. Før pynta me til advent. Lilla lys og julestjerner. Nå kjeme alt fram på ein gong. Juletrea har lyst i mange vindu alt frå 1.desember. Det er slutt på at treet blir pynta 23. og er klar til ungane står opp på julafta. Men det er jo heilt greit det. Kvar generasjon og kvar sin tradisjon.

Me trenge litt lys i denna mørka årstiå. Me blir litt gladere når me sette av tid til å gå på konsert med venner og kjære. Mange bestemødre baka kakemenn med barnebarn. Julesangene som spelast på radioen gir god stemning. Eg lure meg til å sjå Barne-TV i adventstiå.

Me treffe venner og spør om de er «klar» til jul. Ka er det så ska væra klar? Julemiddagen kan ikkje setjast på bordet før den 24. uansett. Og er spindelvevå blitt fjerna i starten på måneden må det ei lita helgaomveling til før dagen og ikkje vekeavis på førehand. Ungane gir me penger i julegave, fordi i dag har alle alt. Så då nytta det ikkje å satsa på at me treffe med DEN julegaven... Heldigvis har dei minste fremdeles stjerner og forventning i auene når de ser juletreet og pakkane under det.

Men jul gjer nåke me oss. Me har ei forventning til denne høytidå, glede oss uansett alder. Me får tid til samvær med våre kjære Det er viktig at ribbå blir med sprø svor, og at pinnekjøttet løsne frå beinet. Det ska væra lunt og koselig i stovå når Disney og Reisen til Julestjernen er på TV. Me bruka den snille stemmen og tar på kjole og pynta oss litt ekstra. Me trenge julå i denna mørka årstiå, på full fart mot et nytt blankt år.

Så då ligge eg her på sofaen. Det er full fart mot 3. søndag i advent.og eg er jo absolutt ikkje klar.
Eller er eg det????

lørdag 19. august 2017

Sant og usant

Før i tiå visste me ka som var sant. Det stod i avisa. Nå kan me ikkje stola på det lenger. Ikkje det di seie på TV heller. Me må liksom finna det ut sjøl. Bruka magefølelsen.

Før var det heilt klart at orange og rødt ikkje passte isammen, ikkje grønt og blått heller. Og mor mi sa at eg kledde ikkje blått. Så derfor har eg nesten ingen blåe klær. Eg trudde jo på hu.

Før hadde me kristne og hedninger. Hedningane kunne ikkje hjelpa for det. Dei var svarte i huden med lite klær på seg. Me fekk sjå de på lysbilder på søndagsskolen. Men de hadde fine kvite tenner, og smilte masse. Damene gjekk med puppane i friluft. Det var greit så lenge de var svarte i huden. Så kom det nåken og kristna di, sender et par av dei flinkaste ungane på skule, og dermed var alt bra.

I dag finnes det fullt av andre. Det er muslimar og oss. Eg blir redd av dei såkalla radikaliserte folkå. Det e dei det er mest oppmerksomhet rundt. Sjøl om det er flest av dei alminnelige. Men eg syns det er nåken nifse radikaliserte kristne og... og nynazistar.

Nei alt var bedre før. Det var greit å veta at solå gjekk ned i vest og stod opp motsatt. Plutselig er ikkje det sant heller.

Kvar dag er det grufulle hendelser på nyhetene. Drap eller terror. det er blitt sånn at me nesten ikkje reagere. Då finne journalistane ein unge de kan spinna historien rundt. Engasjement med ein gong. Ikkje alt er sant...

Eg syns det er vanskelig å forstå denne verden - men eg er glad eg er norsk.

I min ungdom grudde eg at alle hadde det som oss. Eg var sjømann i ein periode. Gjekk i land i Irak i shorts og liten topp. Meinte det var min rett... Heldigvis i shaens regjeringstid. eg visste ikkje at dette var fornærmande for dei som budde der. Det gjekk godt. Lite vet. Og lite vet kan eg dela med mange. Håpa det har komme seg litt.

fredag 11. august 2017

Er livet en lek?

Av og til syns e at alt er pyton. Eg grøsse av dessa overpositive medmenneske som alltid ser den lyse siden av livet. Hallo!!! Det er ikkje sånn det er. Nå har eg fått med meg at ungdommane trur at livet skal væra sånn som de lese om på Facebook. Der bildene er tatt etter at all makeup er på plass, skjørtet har glidd akkurat sexy nok opp, munnen er tilfeldigvis litt halvåpne og auene er oppsperra.

Dette er fake!!! De er lika sløkte som oss andre når de våkna ein halv time for seint om morgenen. De er lika utrygge, lika fortvila, lika glade, lika hjelpsomme, lika domme.....

Derfor meine eg at me har vel lov til å væra litt upositive til tider...

Det er til tider heilt OK med ein goe dag på sofaen. Regnvær ute, ikkje vinne me i Lotto, og fiskebollene blir svidd. Er det nåke å væra fornødde med liksom. Dessuten er det lenge til trygda kjeme, så det nytta ikkje med trøstehandel på M44 heller. Nei då er det goe te, pledd og sjokolade som gjelder.

Nå slite eg med vektå. Forstår ingenting av det. Kiloene var der plutselig. Syns det er ganske urettferdig, for som alle andre med litt for masse..... det må væra arv (søsken og foreldre har ikkje arva dette - men det hoppa ofte over et par generasjonar trur eg), eller så er det feil med forbrenningå. Det er det ganske sikkert.

Ellers er det sikkert heil OK å bli sur på været. Nå syns eg at det er fint med regn med tanke på at vinduene her i huset burde vore vaska på utsida. Men er det vits i liksom... Og så er me jysla dårlige på grilling.  Ikkje lika eg å ligga i solå heller. Det er så vanskelig å lesa i sollys. Og solbrillene ligge i bobilen. Må jo gå ca fem meter. Velge stearinlys og rødvin. Anbefale papp, då vise det ikkje om eg tar tre glass istedenfor dei to eg hadde tenkt. Men flasker er bedre smak, og me dele på millimeteren. Må ikkje tru at Ernst ska ha meir enn meg. Fordel masse bukflesk. Trur alkoholen går i fettet - eller var det musklene?? Dei er i såfall mangelvare.

Så nå har eg vel tegna et passelig dårlig bilde av meg sjøl? Men ein annen dag skinne solå, eg er fornøyd med livet, og er perfekt!!!!!!

torsdag 20. juli 2017

Ferieslutt

Eg e litt leie av ferie nå. Har ete litt for mange lakris, litt for mange sjokolader og litt for masse vin. Er egentlig forsynt.. Men nå dryppe det frå himmelen og. Gjere nåke med motivasjonen. Me har nettopp ete ein masse goe grillmat og skrotten er fornøyd. Slappe av i horisontalen nå og me vente på besøk av venner frå Varhaug. Då tenke eg at eg klara et par dagar te..,

Men det e løye med det. Tenkte i dag at det var vær til å vaska vindu heima... Det må væra husmorå i meg...

Nå er me i Tønder. Liksom ein plass me kjeme tebake te. Masse goe sko å få kjøpt her. I mårå love di sol. Då e det å traska i gatå på jakt itte kupp. Men det e ikkje samme iveren itte ein goe handel på slutten av ferien.

Egentlig godt at me e skrudde isamen sånn at nok er nok av og te. Eg er meste på haust i tankane. Trenge  nye potteplanter og meir stearinlys... og så får me eta opp det som er i fryseboksen. Har brukt altfor masse penger denne ferien og.... Men det er så flott "å spise på hotellet" som far min alltid sa. Litt luxus i kvardagen er påbudt!!!

Ferga til gamlelandet på onsdag. Blir godt ..

lørdag 15. juli 2017

Ut på tur, aldri sur

Så er årets happening igang. Ferien. Me surra litt rundt i Lillesand de første dagane, og tok ein avstikker til Telemark for å sjekka opp dei gamle båtane i kanalen. Me hadde godt lag og koste oss. På tirsdag hadde me billett til Danmark. Det er et deilig ferieland.

Det starta jo bra. For å sikra oss sitteplass i kafeen blei Ernst sende avgårde så snart me var ombord. Med min pustekapasitet har ikkje eg nubbesjangs å finna ledige plasser. Det er meste fyr i lungene når eg når toppen. Og ja, eg SKAL starta opptrening....

Denne gangen lurte eg meg inn i heisen, for det var ingen som såg det. Me hadde og gardert oss ved å kjøpa sittestolar øverst ein plass. Der kan væra godt å slappa av før me er framme. Denne gangen var det fullt av ungar som var høge på snopet frå taxfree'en.... Sendte ein vennlig tanke til foreldrene, og huska delvis kos me hadde det for omtrent 30 år siden.

Været var flott, og forventningene høge. Turen gjekk fort. Når me nærma oss land var det å følga køen i trappa i god tid før de låste opp dørene til dekk. ...og så - der låg Signe i ein haug. Som ein sekk poteter. Eg kjente magen kjørte heis på innsidå. Men så er det den delen av meg som oppdragelsen har gitt meg: for all del - ikkje stikk deg fram. Eg ville ha henne opp og ut, så ingen skulle legga merke til oss. Eg er oppdradde i husmannsånd. Kjenne meg igjen i Prøysen si dikting.  Hu hadde det fryktelig vondt, og eg tenkte mest på at me måtte komma oss til bilen, så me var klar når me skulle kjøra ut. Og at me ikkje var til heft for nåken. Ernst er meir brukande i kriser. Ikkje løye hu heller vil ha med faren ...

Vel, me tok ansvar og reiste til sykehuset i Århus. Eg er imponert over servicen i det danska helsevesen. Lege, røntgen, svar - det gjekk på løpende bånd. Men det er større problema få satt i frå seg ein campingbil på over 8 meter. Men me brukte litt mange p-plasser, nødblink, og håpa at den gule bilen med krane som me hadde observert, ikkje ville væra for ivrig i tjenesten. Det og gjekk godt.

Så nå set me her på bobilplassen. Det er ein fredelig plass på jord. Ei fantastisk småbåthavn. Hovedsakelig seglbåtar, men og store båtar uten segl. Her er fleire restauranter, iskrembarer. Me har tatt det med ro, siden Signe er litt lite bevegelig. Men her er alt me trenge så ka er naudå då.  Eg har lese ut fleire bøker, fått masse frisk luft, sove godt og sølt et rødvinsglass i sengå. Sånn går det når eg prøve på multitasking: lesa ei bok, sjekka snap chat og drikka vin samtidig.  I dag tok me taxi til Århus og humpa rundt litt inni der. I mårå er det avgårde til neste plass. Og er me heldige treffe me på nåken kjekke Ølensbuar som befinne seg i området her.

Såå håpa eg at lakenet blir tørt til eg ska sova. Vanish og rask reaksjon kan ha redda oss frå å ligga på rødvinslaken i nått. Madrassen har eg snudd. Eg har fått forbud på å fortsette med den risikosporten i sengå i framtiå. Men kaffi VIL eg ha her om morgenen, uansett.

søndag 18. juni 2017

Den store tidstjuen

Eg må innrømma at Facebook er blitt ein store tidstjuv. Før i tiå likte eg å lesa bøker. Nå går tiå med til å sjekka fjesbokå. Heilt idiotisk. Det står jo ingen ting av interesse der. Det er lite meldingar frå folk eg kjenne. Det e meste bare eg sjøl som ikkje har skjønt at det er lite in å legga ut livet på detta mediet. Men eg er et menneske som tenke så raske tankar at det er på bokå før eg vett ordet av det...  Får ting litt tid te å modnast så forstår jo eg og at det e lite interessant om eg har hatt pølser eller lasagne til middag.... Men av og til når eg er veldig glad så må de andre få veta det, eller er eg uvanlig lei meg....

Ellers så er det jo uinteressant å sjekka ut om det er fint å mala soverommet deco blå, eller om me heller burde hatt lyst teppe under sofaen. Og så hagla det inn dårlig skjulte annonser om slankemidler som ikkje virka, ka slags bobil som er lykkebilen. Eg får og jevn oppdatering frå vi som gleder oss til jul. Klart eg har meldt meg inn i alle desse gruppene... det kunne jo henda eg får bruk for all denna infoen ein dag. Feks den gruppå med masse goe tips om lavkarbo. Klart eg ska prøva det ut eingong. Bare ikkje før sommaren.

Og så er det alle desse som vil ha oss til å trykka liker, følg siden min og skriv god sommar i kommentarfeltet. Me kan vinna alt mulig. Eg kjøpe jo Lotto, så eg lar jo ikkke ein mulighet til gratis sjampo eller ny ryggsekk gå fra meg. Eg fekk ein kopp på sånn giveaways i februar. Det er bare det at ein kopp er jo altfor lite, så det kosta meg ein goe tusenlapp å kjøpa tre stk sånn at eg kan servera te til gjester.

Og så er det jo nyhetene frå avisene. Det ser jo spennande ut ein del av de. Men når eg ska lesa artikkelen må eg kjøpa abonnement på ei avis for å få tak i innholdet.

Nei nå trur eg at eg må melda meg ut av alle grupper, ikkje bry meg om det plinge frå nettbrettet og heller gå ut og leva livet sjøl. Og så må eg ikkje fortelja det til nåken...

tirsdag 6. juni 2017

Ka ska me ha te middag i dag?

Dette er et av dei store spørsmål eg må ta stilling te kvar dag. Jevnt øve går det greit. Av og te er det 40% rabatten på Extra som gir meg tips, av og te e det lenge siden me har hatt fisk....

I dag blir det spaghetti med kjøttdeigsos. Eg syns det e jysla godt. Og så er det gjort på fem minutt. Spesielt siden sosen  er på glass, pastaen i pose.  Ernst sitt kroppsspråk seie at det ikkje er så godt. Men nå e det sånn at eg har handla inn alt for masse av forskjellige mat. Me var på tur i pinsen, men det blei lite ete. Me klarte oss med sånn cirka to måltider til dagen + litt pannekaker og anna kvess...  Likavel hadde pilå på vektå gått opp.

Det er ikkje vits i å legga råvarene i fryså. Då kjeme de ikkje ut før det årstallet fryseboksen blir vaska. Nei nå blir det kun jallamat heilt te lageret er tomt. Nå ska me riktignok på tur igjen snart, men då kjøpe me maten underveis. Sleppe lageret i kjøleskapet.

Ein anna dag ska eg begynna på det livet som gir ein bedre livsstil. Akkurat nå har eg ikkje tid. Dette er tross alt ei årstid med krav til raske avgjørelsar. Fint vær kan bety grilling. Me prøvde det i går. Det er så lenge siden grillen og grillsettet  har vore i bruk at det var begynt å mygla. Nå har eg tatt ut redskapene og dynka kofferten med Vanish. Så får me sjå ka så skjer.

Må tilstå at eg syns det er godt med grillmat, men det er masse oll... For som i mange andre heimar er det jo maen som står for grillingå. Men det e jo eg som finne fram alt, og krydrer og har oppsynet. Då e det faktisk enklare å bruka steikepannå. Ernst får nok aldri kokkebrev...  Det er ikkje drømmerollen. Men han er trufast rundt grillen, og passar på at det blir steikt, så det er ingen grunn te klaging.

I dag har Vårherre gitt oss et nåke ubestemmelig vær, så eg trur det er heilt greit å la grillen kvila. Den der pastasausen blir nok ein høydare i heimen i dag.


torsdag 18. mai 2017

Den store eldrebølgen

Eldrebølgen vil slå inn over oss om 5 - 7 år seie dei på fjernsynet. Jøye meg, det gjelde meg. Eg er ein av dei som e i bølgå. Ein av dei som kosta samfunnet massevis av penger. Sjøl om de er begynt å knipa inn på pensjonane til oss pensjonister så er me ganske dyre. Men dei som kjeme etter meg er møkje dyrare - for dei leve så lenge....

Eg lika ikkje sånne nyheter. Det er nesten som om alt blir målt i penger. Andre verdier blir ikkje rekna med. Som f.eks at eg i min pensjonisttilværelse laga middag til Ernst. Då blir han fornødde og vil halda seg friske lenger. Dermed blir han billigare for samfunnet. I tillegg kan han passa på meg når eg glir inn i glømselen. Kjenne på at eg er begynt å gløyma allerede. At eg er drittleie av å koka middag telle ikkje. Hadde vore kjekkare å vore på kafé og diskutert gamlingar....

For det er nå eingong sånn at alder er kun et tall. Det har kongen sagt. Eg må tilstå at det er kun dei andre som blir gamle. Eg lika å sjå bilder av fine sommerkjoler med innsvinga liv som passa til dei på  20. Gløyme liksom at eg har passert stadiet, og må finna andre løysningar. Eg huska når mormor mi var omtrent på samme alder som eg er nå. Hu dreiv å drakk på nåke Larssens slankepulver. Eg skjønte ikkje vitsen når hu var så gammale, eg syns hu skulle sjå sånn ut - litt mjuke og runde. Ja etterkvart som årå går får ordet gammale ein endra betydning. Grenså blir flytta oppøve. Nå er 70 ingen alder lenger....

Det finnes jo mange goder med det å bli eldre. Det er ikkje så mange krav til oss. Pytt, pytt, me kan utsetta til i mårå... Plutselig kan me reisa på tur. Ingen ungar som me ska finna ordningar for, ikkje nåken arbeidsgivar som vil at me skal yta meir og meir. Ikkje trenge me så mange ting heller. Kjekt med nåken nye klær av og til og ein goe middag på restaurant. Men som regel kan me få til det me vil. Eg kan godt tenka meg Lottogevinst likevel. Gamlingar kan ha drømmar også.

Det er viktig at kroppen fungera sånn nåkelunde for at alt ska væra bra. Eg slite nok litt med vedlikeholdet. Det blir litt pæsing i motebakkar, det knirka litt i ledd om motet skulle visa seg å væra større enn kapasiteten tilseie. Og røyropplegget tåle ikkje alltid ein uventa nys. Men knipeøvelser er endå meir kjedelig enn trimming. Sånn er det jo med gamle hus og - en må ikkje utsetja anlegget for for hardt trykk.

Men eg har tenkt å surfa med på eldrebølgen. Så får me bare venta å sjå ka me gamlingar vil finna på i tidå me har til rådighet før me sete på heimen og minnes dei gamle gode dagane i 2017.

mandag 8. mai 2017

Far min

I dag har eg vore hos far min. Eg er nå fyllt at takknemlighet, ærbødighet og nedstemthet.

Far min går i sitt 96. år. Han har forma meg til den eg er. Han har gitt meg livet. Han har alltid elska meg. Eg har aldri vore i tvil om det. Nå er han på sykeheim.

Eg har et hav av minner. Om ein far som alltid song. Om ein far som var med på ein spøk. Om ein far som lo. Om ein far som tok oss barn på fanget og fortalde skrøner. Han var populær på fest. Det var alltid liv der far min var. Eg har aldri tvilt på pappa.

Eg huska lukt og lydar frå kjøkkenet heime når klokka nærma seg halv tre. Far min var først lasterutesjåfør og så bussjåfør. Han hadde nåken timar fri midt på dagen. Mor mi trippa rundt og pynta seg litt på håret. Me ungane gleda oss - pappa kjem snart!!! Bordet var dekka.  Pappa var stolt av bussjåføruniformen. Det måtte ikkje bli flekker på den. Me hadde kvar vår plass. Det var som sola og månen var på himmelen samtidig når pappa kom for å eta middag. Mamma var litt raud i kinna og me ungane kjente bare på det gode. Eg trur dette må væra kvardagslykke. Det var så visst ingen overflod. Me fekk mat og klær. Akkurat sånn hadde vennene våre det også. Men dei hadde ikkje pappa. Han som tok oss på fanget og tegna  hus på ruteark. Han som tok oss med opp i fjellsidå for å koka påskeegg. Han som var med på bråtebrenning om våren.

Han kjørte taxi på fritid. Han malte og tapetserte hos folk,  og han var med i lossegjengar på kaien for å tjena litt ekstra. Det kosta med fem ungar. Og mor mi laga goe mat av meste ingenting. Litt å tenka på i vårt overflodssamfunn. Men me ungane hadde det problemfritt. Frihet under ansvar.

Pappa var full av omsorg for oss ungar sjøl om me var vel vaksne. Han passte alltid på å hiva litt ekstra i ovnen når eg kom heim - sjøl om eg var over 50 år - fordi "Sissel er så frysen"
Eg har gode minner om kveldar heime der alle ungar, svigerungar og barnebarn var samla. Pappa tok trekkspelet på kne og dei gamle slagerene svingte i stova. Litt vin i glaset, og det var masse godlyd i heimen. Det hadde jo aldri blitt så bra viss det ikkje var for mamma som koordinerte det heila. Hu har alltid vore den som har hatt kontrollen. Hu fortjene sin egen hyllest.

Nå begynna minnet å svikta på denne hedersmannen. Kroppen er sleten og hodet er trøtt. Fremdeles dukka humoren opp. Det er mindre sang, mindre dans - men fremdeles finnes humoren....

Takk for i dag pappa! Det må ikkje bli lenge til neste gang.

søndag 30. april 2017

Moro for eldre

Eldre blir ofte presentert som ei gruppe. Sånn litt stive i muskulaturen, lett fremoverbøyd, lent mot rullatoren. Ikkje tåle me veldig masse før lårhalsen tar kveld heller. Og då blir framtiå et tomannsrom med respatex på sykeheimen. Og eldre er me visst frå sånn rundt omkring 50 år. Me har jo lest i avisene:"eldre dame på toogfemti ranet i sitt hjem eller en eldre mann på seksti ble stoppet i fartskontroll og fratatt førerkortet".

Hallo verden!!!  Ingenting av dette er virkeligheten. Nå har eg lagt bak meg ei goe langhelg med fullt av gamlingar i denne aldersklassen. Fy søren så mange kjekke folk som finnes. Det var sang og musikk fra formiddag til seine nattetimar. Og alle blir inkluderte. Her fekk me gjenhør med musikk frå ungdomstiå. Nåke var før me var født og. Svingende rytmer på trekkspel, gitar, keyboard med sang av utmerka vokalistar. Nå er eg ikkje særlig musikalsk sjøl, så der kan ha vore litt surt innimellom sjøl om eg ikkje høyrte det. Men det er jo stemningen som teller.

Og frå tidlig morgen kjente me luktå av nystekt bacon siva ut fra de forskjellige bobilane. Her kom det fram mange gode historiar og mye godlynt mobbing.

Auksjon fekk me og. Varer av ymse kvalitet blei auksjonert bort av ein framifrå auksjonarius. Me ler lett i vår alder....

Og når me og fekk spedd på humøret med litt flytande utpå dagen blei me bestevenner heile gjengen!! Me hadde dans på lokalet. Musikk på dugnad, og gode lapskaus som gav energi til å prøva om dansetrinnå fremdeles var der. Det var mange som tydeligvis hadde gode kunnskap på svingen fremdeles. Tusen takk til Evjegjengen for at de tar bryet med å laga til ei sånn festhelg. Og når og været gjekk frå snø til strålande sol var til og med Vårherre på vår sida. Gleda meg til neste år.

torsdag 20. april 2017

Å leve til me dør

Det har blitt sendt ein serie på NRK om aldring og kor gamle me kan bli. Eg har sett på denne med etogethalvt aua. Syns det er skummelt at nåken verkelig trur - og ønsker - å leva evigt. Dei som blir fryst ned og liksom ska vaknast opp om nåken hundre år. I dag slite me med å følga teknologien som eksistera. Stakkars dei som ska kommunisere etter et par hundre år i frostvæske.....

I dag handla det om god helse i alderdommen. Eg er meir med på den. Eg og vil væra frisk til det siste. Utfordringen er at me må yta nåke sjøl. Vanskelig det, når dørstokkmilå virka uovervinnelig. Eg har heller aldri kjent den påståtte lykkefølelsen når eg har utført ein times spasertur med tilløp til blodsmak......

I dag fekk eg et glimt av håp. Det blei på nytt forklart kor bra antioksidanter er for motvirkning av aldringen. Og desse antioksidantene kunne væra kaffi, mørk sjokolade og vin. Ikkje feil det.... I neste øyeblikk kom informasjonen om at det var det ikkje bra med overvekt. Det er jo minuset. Men eg kom på at eg har høyrt ein lege med snilt fjes og gullbriller (huska ikkje navnet) sei at var med under 30 i BMI så behøvde me ikkje stressa for masse med slanking. Lykken er at sånne folk finnes!!! Eg er akkurat under streken... Men i dag sa de at det var ikkje flesket generelt som var feil. Det var det som er rundt midjen. Så der tapte eg igjen!!  Pokker heller. Dette er genetisk. Men mor mi og far min er veldig fettfattige. Eg kan vel då ikkje skulda på arv.  Eg vett liksom ikkje kos eg ska få flytta dette rundt til sunnere plasser på kroppen. Men gruppen med magefett hadde dårligere hukommelse. Så der er forklaringen på at eg rota litt til tider.

Eg trur det var enklere i gamle dager. Då åt folk til de var mette, sov når de var trøtte og vekta regulerte seg sjøl. Men de pleide å døy sånn rundt 70 år.

Det er vel bare å venta på nye oppdagelser. På Rubens tid likte de å ha litt runde former. I dag opereres små rumper. Det er visst fint med litt struttende bak. For dei som ikkje har råd til å pynta på fasaden finnes det truser med innlagte puter.

Eg trur eg får velga puter i baken,  hold inn, bluse med strikk, rødvin og sjokolade - og ein tur i ny og ne...

torsdag 30. mars 2017

Sparing kan bli dyrt

Eg tenkte at detta året skulle eg spara litt ekstra. Eg har nåken drømmer, men de kosta penger.... Selvfølgelig kan eg godt leva uten nytt bad i kjellaren. Me trenge det ikkje. Det er ingen som bur i kjellaren. Men eg har så jysla lyst på badekar!!! Har dåke sett brosjyrene der superdamene ligge lett dandert i lekkert badekar og med champagneglaset i hånda. Masse stearinlys rundt, perfekt makeup, delikate håndkle... meste rett før me kjenne luktene av alle gode oljene. Sånn vil eg ha det! Og eg vil væra lika fine. Tørre vinterlegger blir glinsande lekre på dette badet. Diverse skremmande figurproblemer forsvinne med perfekt belysning rundt et forminskende speil. Men Ernst vil ikkje. Han har kanskje skjønt at ein drøm er best så lenge det er ein drøm.

Eg har tenkt at å spara betyr at eg må kjøpa mindre. Men så har eg oppdaga 40% avslag på datoutsatte varer på Extra, eller 10 kroners på Spar. Då vakna urinstinktet! Få heim!!! At me er to personar i husholdningen er underordna. Eg kan gå på butikken for å kjøpa tannkrem og ei flaska Zalo. Men pluselig drasse eg ut fira stappfulle poser med kupp!! Det blir jo ikkje ekstra på sparekontoen av dette. Ikkje trenge me det heller. Og når ein først har gjort alle desse gode kjøpa så må me jo ha litt tillegg og det blir det også kroner av. Til den nedsatte biffen på ein tirsdag må me jo ha fløtegratinerte poteter, deilige grønnsaker og kanskje vin... Det var den sparingå..... Kan likagodt ta med sjokoladepudding med vaniljesaus og då. Me leve jo bare ein gong - men det kan bli skrekkelig lenge, seie dei som forskar på aldring. Det gjelde kanskje ikkje oss, for viss sjokoladepuddingseffekten legge seg rundt magen gir det dårligare odds enn om han legge seg på leggene. Eg fekk magevarianten.

I dag kjøpte eg 4 stearinlys utgått av sortiment. 40% avslag. Kan væra gode å ha rundt jul. Vett ikkje heilt ka eg sparte for eg såg hverken før eller etter pris. Denna veka har de hatt sjokolade til 10 kroner på Spar. Ikkje nok med at det har kosta meg penger - eg har fått så jysla dårlige samvittighet for dei eg har kjøpt. For eg har ete de opp... det går rett på magediameteren.

Det gjelde jo ikkje bare mat. Eg er utrulig populær i kundeklubbar. Nå maile Cubus, KappAhl, Lindex, Nille og ein masse andre med meg. Halv pris av raud pris. Det går ikkje an å la væra å handla. Kjøp tre, betal for to!!!

Nå gleda eg meg til 4. April. Eg får nok restskatt. Men Ernst pleie å få igjen. Kanskje eg kan finna nåken kupp ...

Eg er redde eg må bruka den gamle dusjen på badet med guloransje baderomstapet ei stund til. Der er lite fluffy badehåndkle og forførandes oljer, - men der er dusjsåpe, shampo og parfyme..

fredag 10. mars 2017

Eg ska te Syden!

Hjelp! Eg ska te syden. Har aldri vore på Gran Canaria, men nå skjer det. Erfaringen min med solferie er ei veka i Kroatia. På onsdagen ville eg helst reist heim, så nå får me sjå om eg finne roen denne gangen. Eg har alltid halde ein knapp på bobilferie. Då kan me vri om starten og reisa videre så snart me blir leie.

I dag har eg pakka kofferten. Ville helst hiva oppi alt av klær som ser sommerlege ut. Men en må skjerpa meg, så eg bar nåken tilbake til kleskapet. Nåken klær prøvde eg - Dessverre, ein heil del somrar siden dei passa. Designet er vel ikkje heller årets. Men eg er kommen i den situasjon at eg må væra glad om eg finne størrelsen, så får mote væra mote...

Ungar/svigerdatter/barnebarn skal passa på meg. Ernst skal væra heime og passa fortet. Eg kan ikkje sleppast laus åleina for eg finn ikkje fram. Eg er totalt hjelpelaus på egenhånd. Det besta blir vel om eg tar ein lapp rundt halsen..

Men eg gleda meg. Satse på masse lek med barnebarn og mye god mat. Då skulle primærbehovene væra dekka... og så litt vin innimellom.... Har kjøpt solkrem, men der er et område rundt halsen som alltid blir solbrent, så me får sjå om det blir ei raud tomat eller ein gyllen fersken som reise heim...
Og det stora spørsmålet er: Kjem eg til å bada? Eg flyte som et gammalt anker, og så må det væra mange grader og lite folk.

Eg har funne fram pass og Euro. Så nå kjem eg til å sjekka opp til fleire gonger for sikkerhets skyld. Eg har vore hos frisøren og fått nye farge på det gråa, så eg er klar for å møta verden utenfor Varhaug. Blir nok ei litt urolige natt, for tenk om eg skulle forsove meg!,, kan ikkje huska ka tid det skjedde sist...

Det er vel på tide å lukka kofferten, ka har eg glømt??? Skitt i, eg har Euro - der er vel butikkar i Spanien og!!!

Detta kan bli starten på ei ny tid.

lørdag 18. februar 2017

Lørdag med sport på tv

Det er nåke befriande med lørdager. Me kan ligga litt frampå. Det er masse me kan gjera på lørdager. Før var det meir arbeid som fulgte med lørdagen. Då skulle alt husarbeidet som me hadde lurt unna tidligare i veka fullførast. Ute var det mannfolkarbeid (sitat Lothepus) som skulle ferdigstillast. Iallefall blei eg fortalt det når eg sleit dunken med  skittentøy ned  kjellartrappå . Tidene forandrast, til det bedre.

I dag stod eg opp når eg ville. Frokosten var to loffsjever og ei halv skål med smågodt. Det er jo lørdag!!! Burde selvfølgelig ikkje gjort det. Hadde ei påminning om at eg bør vurdera annen næringsinntak her ein dagen. Eg opplevde at når eg skulle røra i steikepanna på bakerste plata levde komfyren sitt eige liv. Siden eg har induksjonsplatetopp med touchsystem for å betjena platene, kunne den utbygde magen legga seg oppå dette systemet og trykka av platene. Det skjedde fleire ganger og var ein opplevelse eg kunne klart meg uten.

Men i dag er det lørdag. NRK forsyne oss med sport. Det er ingen grunn til å sleppa stresslessen kalde i dag. Det er sånne dagar eg ikkje forstår at mennesket er et flokkdyr. Finnes det nåke bedre enn  å halda seg i hålå si med nok av mat og varme???

Eg har ikkje komme meg ut av pysjen ennå. Stakkars Ernst som må sjå på detta vraket. Men siden me har kjekke planar for lørdagskvelden er det håp for at eg både får skikkelige klær på og sjeina opp resten så godt det lar seg gjera.

Nå legge eg meg godt til rette. Det er ei goe stund til skiskytingå begynna. Men får alltid ta med meg litt av alt.

Goe lørdag!!!

torsdag 9. februar 2017

Får ikkje sova

Eg har alltid hatt godt sovehjerta. Med unntak av enkelte stressperiodar. Men nå trur eg det der med alder og behov for mindre søvn har slått inn hos meg og. Jysla trøttande.  - altså ikkje sånn trøttande at eg sovna av det. Nå er hu passert midnatt, og eg har ikkje eingong gjespa.

Det goda med dette er jo at eg ikkje treng å væra førstemann til å ta kvelden når det er festlig lag. Men det er jo fremdeles fleire kvardagar enn festdagar.  Eg trur det må væra resultatet av det gode liv som slår ut for fullt når det nærme seg sovetid. For det er jo sånn at eg har fine dagar, og blir ikkje utsleten av den daglige overflatebehandlingen i heimen, samt å laga middag til maen kjem heim. Men det er jo det gode liv, og godt liv har og bivirkningar. Det gode liv legge seg rundt magen, og tar nattesøvnen.

I tidligare tider med tilløp til søvnvansker, så innbilte eg meg bare at eg vant i Lotto, og så brukte eg tankane til å kjøpa opp pengene. Hadde eg forlite penger så vant eg bare ein gong til. Men det virka ikkje lenger. Det går ikkje evig å lura pus med ei tremus.

Men viss det bare er at eg ikkje bruka dagen min til nåke fornuftig som kan gjera meg trøtt nok om kvelden så er det jo egentlig ikkje synd på meg. Har både kjellar og høgaloft som skulle hatt besøk av ryddepatruljen. Men så er det sånn då, at eg har ikkje lyst til det. Og så er det sånn då, at eg har fri neste dag og....

Hadde det regna kunne eg lagt meg i sommarståvå, for regn som tromma på taket er fantastisk å sovna til. Det bråka så masse at eg høyre ikkje om det skulle dukka opp problemtankar. Men det kjeme aldri regn når ein har bruk for det.

Ein mulighet er kanskje å lesa i ei bok. Det er bare så vanskelig å treffa rett felt i brillene når eg ligge. Lenge leve problemer!!!!

Javel då. Eg får slukka lyset og prøva igjen. Det blir vel til at eg ligge litt frampå i mårå.... Det er skiskyting på TV. Så i mårå blir det vel så travelt at eg får ikkje tid til å laga middag.

Goa nåttå!!!