mandag 8. mai 2017

Far min

I dag har eg vore hos far min. Eg er nå fyllt at takknemlighet, ærbødighet og nedstemthet.

Far min går i sitt 96. år. Han har forma meg til den eg er. Han har gitt meg livet. Han har alltid elska meg. Eg har aldri vore i tvil om det. Nå er han på sykeheim.

Eg har et hav av minner. Om ein far som alltid song. Om ein far som var med på ein spøk. Om ein far som lo. Om ein far som tok oss barn på fanget og fortalde skrøner. Han var populær på fest. Det var alltid liv der far min var. Eg har aldri tvilt på pappa.

Eg huska lukt og lydar frå kjøkkenet heime når klokka nærma seg halv tre. Far min var først lasterutesjåfør og så bussjåfør. Han hadde nåken timar fri midt på dagen. Mor mi trippa rundt og pynta seg litt på håret. Me ungane gleda oss - pappa kjem snart!!! Bordet var dekka.  Pappa var stolt av bussjåføruniformen. Det måtte ikkje bli flekker på den. Me hadde kvar vår plass. Det var som sola og månen var på himmelen samtidig når pappa kom for å eta middag. Mamma var litt raud i kinna og me ungane kjente bare på det gode. Eg trur dette må væra kvardagslykke. Det var så visst ingen overflod. Me fekk mat og klær. Akkurat sånn hadde vennene våre det også. Men dei hadde ikkje pappa. Han som tok oss på fanget og tegna  hus på ruteark. Han som tok oss med opp i fjellsidå for å koka påskeegg. Han som var med på bråtebrenning om våren.

Han kjørte taxi på fritid. Han malte og tapetserte hos folk,  og han var med i lossegjengar på kaien for å tjena litt ekstra. Det kosta med fem ungar. Og mor mi laga goe mat av meste ingenting. Litt å tenka på i vårt overflodssamfunn. Men me ungane hadde det problemfritt. Frihet under ansvar.

Pappa var full av omsorg for oss ungar sjøl om me var vel vaksne. Han passte alltid på å hiva litt ekstra i ovnen når eg kom heim - sjøl om eg var over 50 år - fordi "Sissel er så frysen"
Eg har gode minner om kveldar heime der alle ungar, svigerungar og barnebarn var samla. Pappa tok trekkspelet på kne og dei gamle slagerene svingte i stova. Litt vin i glaset, og det var masse godlyd i heimen. Det hadde jo aldri blitt så bra viss det ikkje var for mamma som koordinerte det heila. Hu har alltid vore den som har hatt kontrollen. Hu fortjene sin egen hyllest.

Nå begynna minnet å svikta på denne hedersmannen. Kroppen er sleten og hodet er trøtt. Fremdeles dukka humoren opp. Det er mindre sang, mindre dans - men fremdeles finnes humoren....

Takk for i dag pappa! Det må ikkje bli lenge til neste gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar