torsdag 18. mai 2017

Den store eldrebølgen

Eldrebølgen vil slå inn over oss om 5 - 7 år seie dei på fjernsynet. Jøye meg, det gjelde meg. Eg er ein av dei som e i bølgå. Ein av dei som kosta samfunnet massevis av penger. Sjøl om de er begynt å knipa inn på pensjonane til oss pensjonister så er me ganske dyre. Men dei som kjeme etter meg er møkje dyrare - for dei leve så lenge....

Eg lika ikkje sånne nyheter. Det er nesten som om alt blir målt i penger. Andre verdier blir ikkje rekna med. Som f.eks at eg i min pensjonisttilværelse laga middag til Ernst. Då blir han fornødde og vil halda seg friske lenger. Dermed blir han billigare for samfunnet. I tillegg kan han passa på meg når eg glir inn i glømselen. Kjenne på at eg er begynt å gløyma allerede. At eg er drittleie av å koka middag telle ikkje. Hadde vore kjekkare å vore på kafé og diskutert gamlingar....

For det er nå eingong sånn at alder er kun et tall. Det har kongen sagt. Eg må tilstå at det er kun dei andre som blir gamle. Eg lika å sjå bilder av fine sommerkjoler med innsvinga liv som passa til dei på  20. Gløyme liksom at eg har passert stadiet, og må finna andre løysningar. Eg huska når mormor mi var omtrent på samme alder som eg er nå. Hu dreiv å drakk på nåke Larssens slankepulver. Eg skjønte ikkje vitsen når hu var så gammale, eg syns hu skulle sjå sånn ut - litt mjuke og runde. Ja etterkvart som årå går får ordet gammale ein endra betydning. Grenså blir flytta oppøve. Nå er 70 ingen alder lenger....

Det finnes jo mange goder med det å bli eldre. Det er ikkje så mange krav til oss. Pytt, pytt, me kan utsetta til i mårå... Plutselig kan me reisa på tur. Ingen ungar som me ska finna ordningar for, ikkje nåken arbeidsgivar som vil at me skal yta meir og meir. Ikkje trenge me så mange ting heller. Kjekt med nåken nye klær av og til og ein goe middag på restaurant. Men som regel kan me få til det me vil. Eg kan godt tenka meg Lottogevinst likevel. Gamlingar kan ha drømmar også.

Det er viktig at kroppen fungera sånn nåkelunde for at alt ska væra bra. Eg slite nok litt med vedlikeholdet. Det blir litt pæsing i motebakkar, det knirka litt i ledd om motet skulle visa seg å væra større enn kapasiteten tilseie. Og røyropplegget tåle ikkje alltid ein uventa nys. Men knipeøvelser er endå meir kjedelig enn trimming. Sånn er det jo med gamle hus og - en må ikkje utsetja anlegget for for hardt trykk.

Men eg har tenkt å surfa med på eldrebølgen. Så får me bare venta å sjå ka me gamlingar vil finna på i tidå me har til rådighet før me sete på heimen og minnes dei gamle gode dagane i 2017.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar