tirsdag 6. juni 2017

Ka ska me ha te middag i dag?

Dette er et av dei store spørsmål eg må ta stilling te kvar dag. Jevnt øve går det greit. Av og te er det 40% rabatten på Extra som gir meg tips, av og te e det lenge siden me har hatt fisk....

I dag blir det spaghetti med kjøttdeigsos. Eg syns det e jysla godt. Og så er det gjort på fem minutt. Spesielt siden sosen  er på glass, pastaen i pose.  Ernst sitt kroppsspråk seie at det ikkje er så godt. Men nå e det sånn at eg har handla inn alt for masse av forskjellige mat. Me var på tur i pinsen, men det blei lite ete. Me klarte oss med sånn cirka to måltider til dagen + litt pannekaker og anna kvess...  Likavel hadde pilå på vektå gått opp.

Det er ikkje vits i å legga råvarene i fryså. Då kjeme de ikkje ut før det årstallet fryseboksen blir vaska. Nei nå blir det kun jallamat heilt te lageret er tomt. Nå ska me riktignok på tur igjen snart, men då kjøpe me maten underveis. Sleppe lageret i kjøleskapet.

Ein anna dag ska eg begynna på det livet som gir ein bedre livsstil. Akkurat nå har eg ikkje tid. Dette er tross alt ei årstid med krav til raske avgjørelsar. Fint vær kan bety grilling. Me prøvde det i går. Det er så lenge siden grillen og grillsettet  har vore i bruk at det var begynt å mygla. Nå har eg tatt ut redskapene og dynka kofferten med Vanish. Så får me sjå ka så skjer.

Må tilstå at eg syns det er godt med grillmat, men det er masse oll... For som i mange andre heimar er det jo maen som står for grillingå. Men det e jo eg som finne fram alt, og krydrer og har oppsynet. Då e det faktisk enklare å bruka steikepannå. Ernst får nok aldri kokkebrev...  Det er ikkje drømmerollen. Men han er trufast rundt grillen, og passar på at det blir steikt, så det er ingen grunn te klaging.

I dag har Vårherre gitt oss et nåke ubestemmelig vær, så eg trur det er heilt greit å la grillen kvila. Den der pastasausen blir nok ein høydare i heimen i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar