søndag 18. juni 2017

Den store tidstjuen

Eg må innrømma at Facebook er blitt ein store tidstjuv. Før i tiå likte eg å lesa bøker. Nå går tiå med til å sjekka fjesbokå. Heilt idiotisk. Det står jo ingen ting av interesse der. Det er lite meldingar frå folk eg kjenne. Det e meste bare eg sjøl som ikkje har skjønt at det er lite in å legga ut livet på detta mediet. Men eg er et menneske som tenke så raske tankar at det er på bokå før eg vett ordet av det...  Får ting litt tid te å modnast så forstår jo eg og at det e lite interessant om eg har hatt pølser eller lasagne til middag.... Men av og til når eg er veldig glad så må de andre få veta det, eller er eg uvanlig lei meg....

Ellers så er det jo uinteressant å sjekka ut om det er fint å mala soverommet deco blå, eller om me heller burde hatt lyst teppe under sofaen. Og så hagla det inn dårlig skjulte annonser om slankemidler som ikkje virka, ka slags bobil som er lykkebilen. Eg får og jevn oppdatering frå vi som gleder oss til jul. Klart eg har meldt meg inn i alle desse gruppene... det kunne jo henda eg får bruk for all denna infoen ein dag. Feks den gruppå med masse goe tips om lavkarbo. Klart eg ska prøva det ut eingong. Bare ikkje før sommaren.

Og så er det alle desse som vil ha oss til å trykka liker, følg siden min og skriv god sommar i kommentarfeltet. Me kan vinna alt mulig. Eg kjøpe jo Lotto, så eg lar jo ikkke ein mulighet til gratis sjampo eller ny ryggsekk gå fra meg. Eg fekk ein kopp på sånn giveaways i februar. Det er bare det at ein kopp er jo altfor lite, så det kosta meg ein goe tusenlapp å kjøpa tre stk sånn at eg kan servera te til gjester.

Og så er det jo nyhetene frå avisene. Det ser jo spennande ut ein del av de. Men når eg ska lesa artikkelen må eg kjøpa abonnement på ei avis for å få tak i innholdet.

Nei nå trur eg at eg må melda meg ut av alle grupper, ikkje bry meg om det plinge frå nettbrettet og heller gå ut og leva livet sjøl. Og så må eg ikkje fortelja det til nåken...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar