søndag 30. april 2017

Moro for eldre

Eldre blir ofte presentert som ei gruppe. Sånn litt stive i muskulaturen, lett fremoverbøyd, lent mot rullatoren. Ikkje tåle me veldig masse før lårhalsen tar kveld heller. Og då blir framtiå et tomannsrom med respatex på sykeheimen. Og eldre er me visst frå sånn rundt omkring 50 år. Me har jo lest i avisene:"eldre dame på toogfemti ranet i sitt hjem eller en eldre mann på seksti ble stoppet i fartskontroll og fratatt førerkortet".

Hallo verden!!!  Ingenting av dette er virkeligheten. Nå har eg lagt bak meg ei goe langhelg med fullt av gamlingar i denne aldersklassen. Fy søren så mange kjekke folk som finnes. Det var sang og musikk fra formiddag til seine nattetimar. Og alle blir inkluderte. Her fekk me gjenhør med musikk frå ungdomstiå. Nåke var før me var født og. Svingende rytmer på trekkspel, gitar, keyboard med sang av utmerka vokalistar. Nå er eg ikkje særlig musikalsk sjøl, så der kan ha vore litt surt innimellom sjøl om eg ikkje høyrte det. Men det er jo stemningen som teller.

Og frå tidlig morgen kjente me luktå av nystekt bacon siva ut fra de forskjellige bobilane. Her kom det fram mange gode historiar og mye godlynt mobbing.

Auksjon fekk me og. Varer av ymse kvalitet blei auksjonert bort av ein framifrå auksjonarius. Me ler lett i vår alder....

Og når me og fekk spedd på humøret med litt flytande utpå dagen blei me bestevenner heile gjengen!! Me hadde dans på lokalet. Musikk på dugnad, og gode lapskaus som gav energi til å prøva om dansetrinnå fremdeles var der. Det var mange som tydeligvis hadde gode kunnskap på svingen fremdeles. Tusen takk til Evjegjengen for at de tar bryet med å laga til ei sånn festhelg. Og når og været gjekk frå snø til strålande sol var til og med Vårherre på vår sida. Gleda meg til neste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar