torsdag 20. april 2017

Å leve til me dør

Det har blitt sendt ein serie på NRK om aldring og kor gamle me kan bli. Eg har sett på denne med etogethalvt aua. Syns det er skummelt at nåken verkelig trur - og ønsker - å leva evigt. Dei som blir fryst ned og liksom ska vaknast opp om nåken hundre år. I dag slite me med å følga teknologien som eksistera. Stakkars dei som ska kommunisere etter et par hundre år i frostvæske.....

I dag handla det om god helse i alderdommen. Eg er meir med på den. Eg og vil væra frisk til det siste. Utfordringen er at me må yta nåke sjøl. Vanskelig det, når dørstokkmilå virka uovervinnelig. Eg har heller aldri kjent den påståtte lykkefølelsen når eg har utført ein times spasertur med tilløp til blodsmak......

I dag fekk eg et glimt av håp. Det blei på nytt forklart kor bra antioksidanter er for motvirkning av aldringen. Og desse antioksidantene kunne væra kaffi, mørk sjokolade og vin. Ikkje feil det.... I neste øyeblikk kom informasjonen om at det var det ikkje bra med overvekt. Det er jo minuset. Men eg kom på at eg har høyrt ein lege med snilt fjes og gullbriller (huska ikkje navnet) sei at var med under 30 i BMI så behøvde me ikkje stressa for masse med slanking. Lykken er at sånne folk finnes!!! Eg er akkurat under streken... Men i dag sa de at det var ikkje flesket generelt som var feil. Det var det som er rundt midjen. Så der tapte eg igjen!!  Pokker heller. Dette er genetisk. Men mor mi og far min er veldig fettfattige. Eg kan vel då ikkje skulda på arv.  Eg vett liksom ikkje kos eg ska få flytta dette rundt til sunnere plasser på kroppen. Men gruppen med magefett hadde dårligere hukommelse. Så der er forklaringen på at eg rota litt til tider.

Eg trur det var enklere i gamle dager. Då åt folk til de var mette, sov når de var trøtte og vekta regulerte seg sjøl. Men de pleide å døy sånn rundt 70 år.

Det er vel bare å venta på nye oppdagelser. På Rubens tid likte de å ha litt runde former. I dag opereres små rumper. Det er visst fint med litt struttende bak. For dei som ikkje har råd til å pynta på fasaden finnes det truser med innlagte puter.

Eg trur eg får velga puter i baken,  hold inn, bluse med strikk, rødvin og sjokolade - og ein tur i ny og ne...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar