lørdag 18. februar 2017

Lørdag med sport på tv

Det er nåke befriande med lørdager. Me kan ligga litt frampå. Det er masse me kan gjera på lørdager. Før var det meir arbeid som fulgte med lørdagen. Då skulle alt husarbeidet som me hadde lurt unna tidligare i veka fullførast. Ute var det mannfolkarbeid (sitat Lothepus) som skulle ferdigstillast. Iallefall blei eg fortalt det når eg sleit dunken med  skittentøy ned  kjellartrappå . Tidene forandrast, til det bedre.

I dag stod eg opp når eg ville. Frokosten var to loffsjever og ei halv skål med smågodt. Det er jo lørdag!!! Burde selvfølgelig ikkje gjort det. Hadde ei påminning om at eg bør vurdera annen næringsinntak her ein dagen. Eg opplevde at når eg skulle røra i steikepanna på bakerste plata levde komfyren sitt eige liv. Siden eg har induksjonsplatetopp med touchsystem for å betjena platene, kunne den utbygde magen legga seg oppå dette systemet og trykka av platene. Det skjedde fleire ganger og var ein opplevelse eg kunne klart meg uten.

Men i dag er det lørdag. NRK forsyne oss med sport. Det er ingen grunn til å sleppa stresslessen kalde i dag. Det er sånne dagar eg ikkje forstår at mennesket er et flokkdyr. Finnes det nåke bedre enn  å halda seg i hålå si med nok av mat og varme???

Eg har ikkje komme meg ut av pysjen ennå. Stakkars Ernst som må sjå på detta vraket. Men siden me har kjekke planar for lørdagskvelden er det håp for at eg både får skikkelige klær på og sjeina opp resten så godt det lar seg gjera.

Nå legge eg meg godt til rette. Det er ei goe stund til skiskytingå begynna. Men får alltid ta med meg litt av alt.

Goe lørdag!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar