torsdag 2. august 2012

E sommaren over?

Nå er me kommen heim frå årets ferietur. Suksess. Bobilen har oppført seg eksemplarisk, og værgudane var på vår side. Det e bare å begynna å gleda seg te neste år, og så har me nåken langhelgturarar å sjå fram te før haust og vinter øvetar. Eg må kjenna litt på kor fornødde eg e


Me avslutta turen med ein snartripp i Ølen. Og det va ikkje lenge før mine  søsken med feller va på plass. Stemningen blir høge med ein gong me samlast. For det har alltid vore sånn at den så skrike høgaste har rett. Og det blir fortalt mange skrøner og historiar frå gamle dagar. Men me har det kjempekjekt, og gjere masse av oss. Så det e ikkje løye at far min lurte på om alle dessa "ungane" verkeleg var hans.

Og katten va så glad for at me kom heim! Han (det e ei hu) har meste ikkje rikka seg vekk frå sofaen. Og så e han godt inni røytetiå, så det vises!!! godt me ikkje e allergiske og at me har støvsugar

Men det va jamen godt å komma heim og. Eg har pusla rundt i huset sånn så husmødrer ska. Eg lika det!! Men eg ville ikkje hatt det sånnt lenge. Men eg har f.eks vaska i barskapet. Der fann eg vinflasker frå den tid me lagde vin av ripsbær. Men eg føle ikkje for å prøva å smaka på an altså. Me får sjå om me kan ta de fram om det blir rektige krisa. Viss alt går te helsike og pensjonen min forsvinne så kan eg trøsta meg med årgangs ripsvin. Og eg snakke årgang!!!

Og så har eg gjort andre husmorfornuftige ting. Deilig med goe tid.

Så på mandag e det på an igjen i den gamle tralten. Tenkte et øyelikk på om eg sko begynna med et nytt og bedre liv, men etter nøye øveveielse har eg komme te at det får venta ei stund te... Men eg har bestillt nye briller. Og det e te å gå konkurs av!!!! (og så har eg kjøpt ei krukka med 30 days - ska gå ned to størrelsar på ein måned seie reklamen - men eg vente litt .......)

Siden eg e inne i ei goe flytsona e det lite drama å formidla for tiå. Værkartet seie lyn og torden. Godt me har hole hus og Ernst e heldige så har ei så avslappa og avbalanserte kona for tiå. Men i går va de rett før han fekk seg ein om øyrene når han presterte å sei at eg kunne rima av fryseboksen siden "du har så goe ti" HA!!!!

Det e eg så bestemme om eg har goe tid elle ikkje. Kanskje eg hadde andre planar??? Men eg gjorde det, siden eg har fått tildelt detta milde sinnelaget. Det har gått utruligt smertefritt å trø i føtene på kvarandre i dagasvis.....og når eg lese i stjernetegnet mitt i ukeblanå for resten av året e det ikkje måte på kor masse positivt så ska skje meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar