torsdag 27. oktober 2016

Tannlegen

Sjøl om eg vett at alt går bra klara eg ikkje å viska vekk minnet frå skuletannlegen. Sikkert et minne eg dele med mange.

Eg trur det var i 2. klasse at eg blei introdusert for tannlegen. Mor mi og eg tok bussen til Etne der tannlegen holdt hus. Bussen var full av mine medelever og deira mødrer. Mor mi prøvde etter beste evne å formidla ka me sko ut på, men klarte det ikkje. Det hu derimot klarte var at eg forstod det var nåke fryktelig som skulle skje. Kroppsspråk og talespråk kolliderte. Det første tannlegen sa var: Nå skrike du ikkje. Ingen av guttane har skreke. Blei ikkje mindre redde... Ei av jentene stakk av. De måtte leita rundt heila Etne for å finna henne. Eg vett ikkje om hu kom seg til tannlegen.

Dette har nok vore med på å forma mitt ubehag for tannleger.

Eg kan sei at eg har skulka arbeid ein gang i mitt liv. Eg var 19 år og arbeidde på et kjedelig kontor i Haugesund.  Irene og eg hadde planlagt ein goe fridag. Me skulle gå på platebutikk og høyra på plater. Ikkje nåke streaming på den tiå... Men eg fekk så ufattelig dårlig samvittighet. Eg ringte til tannlegen og sa eg hadde ei vonde visdomstann, og måtte derfor få komma med ein gang. Deretter kunne eg ringa til jobben og sei at eg måtte væra heime fordi eg hadde trukke ei visdomstann. Då fekk eg vondt nok, og det blei ikkje skulk!!!

Så i dag når eg hadde tannlegetime kom eg sjølvsagt 10 minutter før tida, og måtte venta 10 minutter over tida. Det betyr 20 minutt med alle demonar som finns rundt i min mage.

Eg skulle egentlig inn å slipa ned ei tann for å få krona på den. Såg for meg eld og svovel og svilukt. Eg trur detta må væra lykkedagen min!!!! Tannlegen kom fram til at eg kunne venta ei stund til før eg starta med riveprosessen i munnen. Han reparerte nåke anna som var havarert og eg kjende ingen ting.

Eg ligge i stolen som et lik i kista. Hendene er folda fint over magen, og til tider blir eg oppmerksom på at eg trykke dei mest heilt inn til ryggraden. Og på meg er det litt av et stykke. Men den lykkefølelsen eg får når eg kan hoppa ned av stolen. Det er mest som det er ei gleda å få betala!!!

Så nå er alt sang og glede. Heilt til tirsdag. Då skal eg til tannlegen som studera tannkjøttet mitt. Då blir det svilukt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar